Fyllekøyrde over 245 kilometer

Mistar lappen for alltid etter dette

Med sprit innabords kolliderte mannen med småbarnsfamilie. «Rene tilfeldigheter» at det ikkje gjekk verre, meiner retten.

KRAFTIG KOLLISJON: Sjåføren av denne bilen kolliderte med ein anna bil inne i tunnelen bak i bildet. Den raude bilen har ingenting med ulukka å gjere. Foto: Politiet
KRAFTIG KOLLISJON: Sjåføren av denne bilen kolliderte med ein anna bil inne i tunnelen bak i bildet. Den raude bilen har ingenting med ulukka å gjere. Foto: Politiet

– Eg rakk å tenke: «No veks barna opp utan oss», har tobarnsmora Susanne Hjelle (31) sagt om ulukka i Noreviktunnelen på E39 i fjor.

Ho og ektemannen Kim Eide (33) var på veg frå Bergen til Sandane då ein anna bilist kom rett mot dei i deira køyrefelt i høg fart.

I baksetet sat dei to barna deira, som den gang var 1 og 3 år gamle.

TILFELDIGE OFRE: Kim Eide og Susanne Hjelle saman med dei to barna Liam og Matheo. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2
TILFELDIGE OFRE: Kim Eide og Susanne Hjelle saman med dei to barna Liam og Matheo. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2

Stoppa for å drikke meir sprit

Mannen som kom rett i mot dei på europavegen langs Sognefjorden var full. Han hadde starta køyreturen heilt oppe i Ålesund same dag.

Undervegs stoppa han for å drikke «noen gode slurker» med vodka.

Inne i tunnelen skar han over i motsett køyrefelt og forårsaka den kraftige kollisjonen.

TIL SJUKEHUS: Bilen til småbarnsfamilien fekk hard medfart i kollisjonen. Ektemannen Kim Eide, som køyrde bilen, vart frakta til sjukehus med harde skadar. Foto: Politiet
TIL SJUKEHUS: Bilen til småbarnsfamilien fekk hard medfart i kollisjonen. Ektemannen Kim Eide, som køyrde bilen, vart frakta til sjukehus med harde skadar. Foto: Politiet

Totalt køyrde mannen over 245 kilometer i rusa tilstand før det gjekk gale.

Sogn og Fjordane tingrett meiner mannen hadde 2,0 i promille då bilane kolliderte i 11.00-tida den morgonen. I bilen fann politiet to flasker med Kalinka.

– Unnskyld. Eg veit det ikkje hjelper, men unnskyld, sa mannen i 60-åra gråtande til familien under rettssaka i Sogn og Fjordane tingrett.

FULL: Politiet fann sprit i bilen. Foto: Politiet
FULL: Politiet fann sprit i bilen. Foto: Politiet

Mistar førarkortet for alltid

No er fyllekøyraren dømd til 100 dagar fengsel utan vilkår. Han må også betale ei bot på 100.000 kroner.

Sogn og Fjordane tingrett har i tillegg bestemt at han mistar førarretten for alltid.

«Bare tilfeldigheter gjorde at ulykken ikke fikk langt mer alvorlige konsekvenser», heiter det i dommen.

Reagerer på høg fart og rus

Tingretten meiner det er bevist at mannen heldt «uforsvarlig høg fart» på vegen før ulukka skjedde.

Dei reagerer også på at han har køyrd så langt i rusa tilstand, der han har passert gjennom «flere sentrumsområder».

«Sett hen til at tiltalte kjørte med høy promille over en lang strekning, kombinert med høy hastighet og uoppmerksomhet, finner retten at hans uaktsomhet uansett må karakteriseres som grov. Ved en slik opptreden i trafikken vil risikoen for alvorlig skade være stor», slår dommarane fast.

Fekk tilbakeslag

I retten erkjente mannen straffskuld. Han fortalde om eit alkoholmisbruk som sakte, men sikkert, utvikla seg til det katastrofale gjennom 90- og 2000-talet.

Han er tidlegare dømd for ruskøyring.

Men i 2013 vart han nykter.

Så fekk han tilbakeslag etter ein bursdag i Ålesund i mars 2022. Han kjøpte to-tre liter med sprit på Vinmonopolet og byrja drikke.

Rundt 06.30 morgonen etter sette han seg i bilen for å køyre til Bergen. Nokre timar seinare skjedde altså kollisjonen.

Sterkt prega

– Eg fekk eine foten maltraktert og eg braut fleire ribbein i kollisjonen. Men det som har plaga meg mest er skadane eg har påført Kim, Susanne og barna. Det tenker eg på kvar einaste dag, sa mannen gråtkvalt i retten.

Konsekvensane har også vore store for småbarnsfamilien. Til TV 2 har dei fortald om korleis dei har opplevd å bli tilfeldige ofre for ein fyllekøyrar.

Kim Eide fekk brot i ribbeina, i tverrtaggen i ryggen, hadde indre blødingar og måtte seinare gjennom ein alvorleg operasjon som følge av skadar i milten og mellomgolvet.

Før rettssaka blei partane samde om oppreisningserstatning. Totalt må mannen betale 300.000 kroner i erstatning til familien han kolliderte med.

– Det vart både vanskeleg og godt å møte han i retten. Vi ser at dette har gått veldig inn på han også. Og at han ønskjer å få gjort opp for seg på best mogleg måte, seier Kim Eide til TV 2.