Millioner av unge risikerer å bli høyrselsskada
– Styresmakter verda over må handle med éin gong, meiner forskarane av studien.

Blir du irritert om du gløymer øyreproppane dine når du går heimanfrå?
Mange av oss er så og seie avhengige av å ha musikk, podcast eller lydbok på øyret i kvardagen.
Er det støyete rundt oss, går volumet gjerne opp deretter.

Har eksplodert
Bruken av høyretelefonar og øyreproppar har eksplodert i store delar av verda dei siste åra. Her til lands har bruken gått frå åtte prosent i 2003 til 30 prosent i 2018.
I USA viser tal at unge mellom 19 og 29 år brukte høyretelefonar over sju timar i veka i snitt i 2017.
USA har også den største globale marknadsandelen for høyretelefonar og øyreproppar. I fjor blei marknaden estimert til å vere verdt over seks billionar dollar - det tilsvarar rundt seksti milliardar norske kroner.
I 2020 blei det globalt sett seld over 514 millionar par med øyreproppar og høyretelefonar.
Og ikkje nok med det - eit estimat viser at øyreproppmarkedet vil vekse med over to prosent kvart år fram til 2027.
Med andre ord er det lite som tyder på at bruken vil avta. Korleis påverkar dette høyrselen vår?
Forskarar ropar varsku
I ein ny studie konkluderer forskarar frå fleire land med at over éin milliard unge menneske i alderen 12 - 34 år i heile verda, er utsatt for «utrygge lyttemetodar.»
Med det meiner dei i hovudsak for høg lyd.
Forskarane meiner det hastar for styresmakter verda over å «prioritere politikk med fokus på trygg lytting.»
I Bergen sentrum møter vi Ingrid Herland. Ho høyrer på musikk store delar av dagen. På bussen, bybana, når ho les og er på skulen.
– Eg føler at eg ikkje høyrer så bra.

– Men eg prøver å vere litt bevisst på å ikkje ha på altfor høg musikk, legg ho til.
Dei unge er urolege
Heile åtte av ti unge nordmenn mellom 15 og 25 år er bekymra for at høg lyd rett på øyret skal gi høyrselsskadar, i følge ei undersøking gjort for Hørselshemmedes Landsforbund (HLF) i 2020.
– Unge øyrer er meir sårbare for høge lydar. Vi er opptekne av at alle bør lære seg sunnare lyttevanar, seier generalsekretær Inger Helene Venås.

Burde norske styresmakter innføre reglar for bruk av høyretelefonar?
– Vi har lenge tatt til orde for lydvettkampanjar på same måte som tobakks,- sukker og bevegelseskampanjar. Vi støttar tiltaka forskarane ønsker seg i nevnte studie.
– Bedre høyrsel no enn før
Bo Lars Engdahl har forska på nordmenn sin bruk av høyretelefonar og høyrsel.
Han er godt kjend med den nye studien, men meiner den har nokre svakheiter, blant anna når det gjeld kor utrygge dei «utrygge lydnivåa» faktisk er. Likevel:
– Mitt råd til unge menneske er å unngå lytting med høgast volumsetting over lang tid.
Samstundes er han ikkje veldig bekymra for unge nordmenn sine lyttevanar.
For eit par år sidan publiserte han og fleire ein studie som ikkje viste nokon samanheng mellom øyreproppbruk og høyrselstap blant vaksne i Nord-Trøndelag.
– Data frå eigne undersøkingar viser at høyrselen her til lands faktisk er betre no enn for tjue år sidan, også blant unge vaksne.

Det skuldast fleire ting, ifølge Engdahl. Blant anna at folk får færre øyrebetennelsar enn før og at det er mindre støy på arbeidsplassane rundt om i landet.
Han har likevel tips til korleis ta vare på høyrselen:
- Ikkje lytt med høgt volum over lang tid.
- Bruk høyretelefonar/proppar med støykansellering dersom du er i støyete omgivnadar.
- Bruk høyrselen din aktivt!

– Eg går mykje med øyreproppar når eg skal til og frå skulen.
Isabell Zika seier ho av og til føler ho ikkje høyrer så godt og trur det kan henge saman med at ho ofte går med øyreproppar.
– Men eg høyrer uansett mest på podcast, så eg har ikkje så høg lyd på.
Inger Helene Venås i HLF oppmodar alle om å hugse å dempe lyden og ta lyttepausar innimellom.
– Ei høyrselsskade kan vere lett å forebyggje, men let seg ikkje like enkelt reparere, seier ho.