Lurte NRK trill rundt

NRK publiserte ei sak med lesarane sine beste bilde frå snøkaoset på Sørlandet, men det er ein ting som ikkje stemmer. Ser du kva?

SJÅARBILDE: Dette bildet blei tilsynelatande sendt inn til NRK av Trude Ailin Winther. Det er berre eitt problem, bildet er generert av KI. Foto: Skjermdump / NRK.no, KI-merket er lagt på av TV 2
SJÅARBILDE: Dette bildet blei tilsynelatande sendt inn til NRK av Trude Ailin Winther. Det er berre eitt problem, bildet er generert av KI. Foto: Skjermdump / NRK.no, KI-merket er lagt på av TV 2

Dei siste dagane har norske medium vore fylt med saker om innesnødde nordmenn, stengde skular og trafikkork.

NRK bad lesarane sende inn sine beste bilde frå snøkaoset på Sørlandet, og publiserte ei sak som viste nedsnødde hus og bilar og folk som i større og mindre grad kosar seg i snøen. 

SNØKAOS: NRK spurte lesarane sine om å sende inn eigne bilder frå snøkaoset. Foto: Skjermdump NRK
SNØKAOS: NRK spurte lesarane sine om å sende inn eigne bilder frå snøkaoset. Foto: Skjermdump NRK

Eitt av bileta som blei publisert i artikkelen, er eit bilde av Trude Ailin Winther, som har funne fram bikinien frå Mallorca og tatt turen ut i snøen. 

Ho er sitert med følgjande sitat: 

– Nyter.

Problemet er at Trude Ailin Winther eller denne spesifikke bikinien frå Mallorca berre finst i NRK sin artikkel. 

Bildet er nemleg laga av kunstig intelligens. 

Falske bilde

Bildet er sendt inn av ein gjeng som jobbar i reklamebyrået Maverix etter at dei såg at NRK bad lesarane om å sende inn eigne bilde frå snøvêret. 

– Freistinga blei for stor til å motstå, skriv Markus Lind på SMS til TV 2. 

Han sende inn bildet saman med kollegaene Jimmy Winsjansen og Christer Tjøstheim. Det var også dei som kom på namnet på liksomavsendaren Trude Ailin Winther.

Han skriv at dei ville sjå om NRK ville publisere eit bilde rett ut frå programvara Midjourney, utan å ta turen innom Photoshop. 

Svaret blei overraskande nok: Ja. 

– Sjølv om dette er ei gladsak utan det mest alvorlege bakteppet, så det er uansett eit lite varsku at det er såpass enkelt å få Noregs største mediehus til å spreie falske nyheiter, skriv Lind.  

STUNT: Det var Jimmy Winsjansen, Christer Tjøstheim og Markus Lind som sendte inn bilde til NRK. Foto: Christoffer Sandmark
STUNT: Det var Jimmy Winsjansen, Christer Tjøstheim og Markus Lind som sendte inn bilde til NRK. Foto: Christoffer Sandmark

Blei lurt

TV 2 har vore i kontakt med NRK Sørlandet, som på det tidspunktet ikkje var klar over at dei hadde publisert eit bilde som var KI-generert. 

– Her har vi blitt lurt, seier Inger-Lise Hansen, distriktsredaktør i NRK Sørlandet. 

Ho understrekar at NRK har gode rutinar på plass for å fange opp falske bilde og nyheiter, men at dei ikkje går like grundig til verks når dei ber lesarane om å sende inn eigne bilde. 

– Viss bilda hadde handla om krigen i Ukraina eller andre typar alvorlege, djuptgåande nyheitssaker, så ville bilda blitt sjekka grundigare, seier Hansen. 

– Heldigvis skjedde dette i ein mindre komplisert setting, sjølv om det uansett ikkje er bra. 

Tar lærdom

Torsdag ettermiddag er saka til NRK lest av 86.000 unike brukarar. Etter at TV 2 tok kontakt, har dei fjerna bilde. 

– Kor problematisk er det at de har publisert eit falskt bilde i ei nyheitssak? 

– Det er ikkje uproblematisk. Men eg tenker det er like problematisk at vi får det tilsendt som at det er ekte og at nokon utnyttar systemet med sjåarbilde. 

– Men det er dykkar ansvar å ikkje publisere falske bilde? 

– Ansvaret er mitt og vårt. Heilt klart. Heldigvis skjedde det ikkje i ei alvorleg nyheitssak. 

– Eg fråskriv meg ikkje ansvaret, men eg meiner det er skilnad på situasjonar og saker og i kva grad dei blir publisert, seier ho, og presiserer at det er NRK sitt ansvar å sjekke at alt dei publiserer er rett. 

Ho meiner media generelt er gode på å fange opp falske bilde, men at ein framleis har ein veg å gå. Ho trur fleire mediehus vil bli lurt av KI-bilde. 

– Eg meiner media har gått opp løypa ganske bra og fått mykje kunnskap om KI. Denne gongen har vi tydelegvis ikkje tenkt. Då må vi lære av det. 

KRAV: Dette skjemaet må ein krysse av på for å sende inn bilde. Foto: Skjermdump NRK
KRAV: Dette skjemaet må ein krysse av på for å sende inn bilde. Foto: Skjermdump NRK

– Skummelt 

Linda Nordheim er byråleiar i Maverix. Ho seier ho ikkje hadde noko med stuntet å gjere, men ho synest det var eit artig påfunn.

– KI er på agendaen heile tida. Det er spennande og ein fantastisk reiskap, men dette viser jo også alvoret i det. Det er viktig å vere enda meir kritiske til kjelder. 

– Er det ikkje litt ufint å prøve å lure NRK på denne måten? 

– Ufint og ufint. Dette er ei uskuldig sak, difor tenker eg det er greitt å tulle med. 

– Kva tenker du om at NRK gjekk fem på? 

– Det er litt skummelt, for å vere heilt ærleg. Ein må jo sjekke om personen er ekte eller ikkje, seier Nordheim.