Legar i Finnmark får ikkje lenger sitje på med ambulansane på veg til utrykning. Foto: TV 2
Legar i Finnmark får ikkje lenger sitje på med ambulansane på veg til utrykning. Foto: TV 2

Lege ba om ambulansebistand – fekk beskjed frå AMK om å ta taxi

Ein lege ved legevakta i Vadsø spurte AMK om å sende ein ambulanse for å hente legen på veg til utrykning. AMK-sentralen ba legen ta ein taxi til der pasienten var.

For cirka to måneder sidan gjekk akuttalarmen hos ambulanse og legevakt etter ei hending i Vadsø. Legevaktslegen ba AMK-sentralen om å få bli med ambulansen fram til pasienten. Noko som tidlegare har vore vanleg praksis.

Svaret frå AMK-sentralen var at rutinane var skjerpa og legen måtte sjølv kome seg fram.

– I alle dei åra eg har arbeidd her har legen nesten alltid rykka ut til pasient med ambulanse når lege- og ambulansealarmen går, seier kommuneoverlegen i Vadsø kommune.

Krangel under utrykning

I etterkant av hendinga har den same situasjonen oppstått fleire gonger.

Legane får beskjed frå AMK at dei må sjølve kome seg fram til pasienten når lege- og ambulansealarmen går ved utrykninger til pasientar.

Det var iFinnmark som først omtala saka.

Kommuneoverlege i Vadsø, Britt Larsen Mehmi, fryktar dette til slutt kan skape stor usikkerheit for personell som skal rykke ut til pasienter.

Kommuneoverlegen i Vadsø ventar no på svar frå Helsedirektoratet om korleis regelverket skal tolkast. Foto: Privat
Kommuneoverlegen i Vadsø ventar no på svar frå Helsedirektoratet om korleis regelverket skal tolkast. Foto: Privat

I verste fall at det også skal gå ut over pasientane.

– Den fyrste gongen dette hendte vart det ein relativt hissig diskusjon mellom legen og AMK-operatøren. Legen kom med fleire forslag for å få han raskast mogleg ut til staden der pasienten befant seg utan at det skulle ta lengre tid enn naudsynt. Alt vart avvist av AMK og legen fekk berre beskjed om at vedkommande måtte ordne transport sjølv, seier kommuneoverlegen.

Til slutt går AMK med på at den andre ambulansen i kommuna kan ta med legen og ekstra utstyr raskast mogleg ut til pasienten.

Hendinga skjer samtidig som Finnmarkssjukehuset skjerpar reglane. Utan at dei hadde informert legevakta om det.

– Det er veldig uheldig at vi vert informert om ei praksisendring midt i ein akuttsituasjon. Det kan fort skape stress og problem for personellet som skal ut til pasienten, seier kommuneoverlegen.

– Det skaper ein distraksjon for personalet og tek merksemda vekk frå pasienten.

Den skjerpa tolkinga seier at ambulansen må kome seg raskast mogleg til staden og at det er opp til legen sjølv å kome seg fram. Sjølv om legen også har vorte kalla ut til same sak.

Kommuneoverlege i Vadsø kommune har no sendt inn ei klage til Finnmarkssjukehuset angåande desse sakene. Ho er skeptisk til tolking dei legg til grunn og opplev at regelverket er uklart.

Har ikkje opplevd problem med responstid tidlegare

Vadsø kommune har i dag to ambulanser i drift.

Kommuneoverlegen seier ho ikkje tidlegare har opplevd at ein av ambulansane har henta legen, har ført til problematikk i forbindelse med responstid.

– I saker der det har vore akutt, som til dømes ved ein hjartestans, har den eine ambulansen køyrt direkte til pasienten. Den andre ambulansen har so køyrt å plukka opp legen for å få lege raskast mogleg til staden, seier Larsen Mehmi.

Eit av argumenta til Finnmarkssjukehuset for å gjere endring i rutinane er for å tilfredsstille dei nasjonale retningslinjene og basert på medisinsk indeks.

Det argumentet meiner kommuneoverlegen fell på steingrunn.

– Medisinsk indeks vart skapt av Legeforeninga for at anna medisinsk personell skulle ha eit hjelpemiddel i påvente av vurdering frå lege. Det nytter difor ikkje at dei lener seg på denne i staden for legens vurdering.

Britt Larsen Mehmi får støtte frå tidlegare stortingsrepresentant frå SV og tidlegare kommuneoverlege i Loppa kommuna, Olav Gunnar Ballo.

Han frykter ein del av avgjerslene som vert teke av AMK ikkje er til det beste dersom ein legg lokale forhold til grunn.

Tidlegare kommuneoverlege i Loppa kommune, Olav Gunnar Ballo, fryktar for at mykje lokal kompetanse forsvinn når avgjerslane vert teke over hovudet på legen. Foto: Privat
Tidlegare kommuneoverlege i Loppa kommune, Olav Gunnar Ballo, fryktar for at mykje lokal kompetanse forsvinn når avgjerslane vert teke over hovudet på legen. Foto: Privat

– Ved å la medisinsk indeks overkøyre medisinsk-faglige vurderingar snur ein alt på hovudet. Ved å skape større einingar for AMK og flytte dei vekk frå lokale situasjoner, får ein større avstand frå dei som skal bistå i akuttsituasjoner og til den lokale, medisinske kompetansen som legane har, seier han.

Avstander skaper utfordringer

Ballo frykter at konsekvensane vert lokale logistikkproblem som kan ende opp med å ramme kvaliteten på behandlinga.

I tillegg er den tidlegare kommuneoverlegen i Loppa bekymra for at også avstand i kommunikasjon gjere det meir utfordrande å gje gode behandlingsmoglegheiter for pasientar i akuttsituasjonar.

– Ambulansepersonell har dei seinare åra vorte ein del av spesialisthelsetjenesta. Dei er ikkje lengre ein del av kommunehelsetjenesta slik som legevaktslegane er. Det kan svekke dialogen.

– Om ein ikkje bruker sunn fornuft opp mot lokale retningslinjer, so vert det feil. Ingen retningslinjer kan ta høgde for kunnskapen opp mot pasientane som legane sjølv har, seier han.

Den tidlegare kommuneoverlegen og rikspolitikaren meiner at legar sin lokale kunnskap og kompetanse i akuttsituasjoner ofte vert undervurdert og overkøyd.

I små kommuner med små forhold har legane ofte ein inngåande kunnskap og kompetanse om pasienten det gjeld. Dette meiner Ballo er viktig for at folk skal få best mogleg behandling i akuttsituasjoner.

Det er Larsen Mehmi samd i.

– Ambulansepersonell er kjempedyktige og flinke, men det er ikkje alt dei kan gjere. Nokre pasienter har tilstander som ikkje er etter læreboka. Då er det naudsynt å ha ein lege som kan gjere vurderingar for å sikre pasienten best mogleg behandling på staden.

– Internt i Vadsø by er avstandane korte og det går kjapt å kome seg fram frå A til B. Men vi har ein god del bygder utanfor byen der det er lengre køyretid og lengre distanser. I ein akuttsituasjon vil legen bruke for lang tid på å kome seg fram til pasienten ved å bruke privatbil eller taxi, seier ho.

Bekrefter innstramming i prosedyrar

I ein mail til TV 2 skriv konstituert klinikksjef for prehospitale tjenester ved Finnmarkssykehuset, Gøril Svendsen Strømme, at dette ikkje er ei endring av prosedyre, men ei innstramming av dei prosedyrane som allereie eksistera.

Konstituert klinikksjef for preshospitale tjenestar ved Finnmarkssykehuset bekrefter ovanfor TV 2 at dei har gjort endringar. Foto: Finnmarkssykehuset
Konstituert klinikksjef for preshospitale tjenestar ved Finnmarkssykehuset bekrefter ovanfor TV 2 at dei har gjort endringar. Foto: Finnmarkssykehuset

Ho seier det berre er ved tidskritiske hendingar der det medfører det dei anser for å vere unødvendig tidsbruk å hente legevaktslegane, at AMK og ambulansepersonell vel å ikkje ta med lege.

Der det ikkje medfører tidstap, vil derimot ambulanse også plukke opp legevaktslege, i følgje klinikksjefen.

Ho seier dei alltid har fokus på pasientsikkerhet og dei meiner denne vert best ivareteke ved å få kvalifisert helsepersonell fram raskast mogleg til pasientar som har behov for medisinsk bistand.

Vidare i mailen skriv ho at ambulansepersonell er godt trent i å handtere akutte og tidskritiske hendingar før legevaktslegen er komen til staden. Dei meiner dei ser klare teikn til at tidsbruken går ned for pasienten når helseressursane kjem raskt fram til staden. Ved ei innstramming av prosedyrane meiner Finnmarkssykehuset at dei kan raskare bistå pasienten når dei ikkje treng å hente ein lege på vegen, men at legen tek seg fram sjølv.