UTAN FASTLEGE: Amalie (15) og lillesøstera Lea (4) er to av over 235.000 nordmenn som no står utan fastlege. Foto: Robert Reinlund / TV 2
UTAN FASTLEGE: Amalie (15) og lillesøstera Lea (4) er to av over 235.000 nordmenn som no står utan fastlege. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Lea (4) har ein alvorleg sjukdom – men ingen fastlege

Søskenparet Lea og Amalie er ein del av ein urovekkande statistikk. Ingen av dei har fastlege, men begge to treng det sårt.

Fire år gamle Lea er full av energi, trass at ho har ein alvorleg sjukdom.

Den blide jenta spring i full fart rundt på trampolina utanfor huset i Eikelandsosen i Vestland. Storesøster Amalie passar på at den lange ledningen som held Lea i live, ikkje hektar seg fast.

NÆRING: Fire år gamle Lea får ernæring intravenøst i 19 timar for dagen. Den aktive jenta treng dermed ein lang løpeledning. Foto: Robert Reinlund / TV2
NÆRING: Fire år gamle Lea får ernæring intravenøst i 19 timar for dagen. Den aktive jenta treng dermed ein lang løpeledning. Foto: Robert Reinlund / TV2

– Dette er intravenøs ernæring, forklarar mora, og viser ein sekk med ein pose og ei pumpe, som fraktar næring gjennom eit kateter inn til hjartet til Lea.

Lea lider nemleg av ein sjukdom som gjer at tarmen ikkje tar til seg næring, og Lea må dermed få ernæring intravenøst 19 timar om dagen.

– Då treng me ein løpeledning.

Fastlegen slutta

Det er mykje bekymring knytt til det å vere mor til eit alvorleg sjukt barn. No har Lene Nilsen fått nok ein grunn.

Ingen av hennar tre born har fastlege etter at fastlegen deira slutta, og kommunen ikkje har klart å finne ein erstattar.

– No er det berre vikarar. Det kjem nye vikarar heile tida, men legane treng tid til å bli kjent med eit barn som er alvorleg sjuk.

LØVEMAMMA: Lene Nilsen er medlem i organisasjonen Løvemammaene, som jobbar for å forbetre situasjonen til sjuke og funksjonshemma barn og unge i Noreg. Foto: Robert Reinlund / TV 2
LØVEMAMMA: Lene Nilsen er medlem i organisasjonen Løvemammaene, som jobbar for å forbetre situasjonen til sjuke og funksjonshemma barn og unge i Noreg. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Dottera har nemleg den sjeldne sjukdommen Wolf- Horschorns syndrom, som gjer at ho har alvorlege problem med nokre av kroppen sine viktigaste organ. I tillegg har ho alvorleg epilepsi og stort behov for oppfølging av lege.

Lang reiseveg

Utan ein fast lege som kjenner Lea sin situasjon, blir det mange turar til Haukeland sjukehus i Bergen, som ligg over ein time unna.

Vikarane er ikkje kjend med Lea sitt komplekse sjukdomsbilete, og fireåringen blir dermed ofte sendt til Haukeland for oppfølging.

SJUKDOM: Lea (4) har ein kronisk sjukdom, men ingen fastlege. Fastlegen hennar slutta tidlegare i år. Ho reiser difor ofte til Bergen for å få medisinsk oppfølging. Foto: Robert Reinlund / TV 2
SJUKDOM: Lea (4) har ein kronisk sjukdom, men ingen fastlege. Fastlegen hennar slutta tidlegare i år. Ho reiser difor ofte til Bergen for å få medisinsk oppfølging. Foto: Robert Reinlund / TV 2

– Det er ingen som har kontroll på Lea sin medisinske situasjon her heime. Det er ingen legar som kjenner ho godt nok til å ta avgjerder, så det blir mange unødvendige reiser på sjukehus, seier mora, som også er uroa for påkjenninga den lange reisevegen har på dottera.

– No må alt skje på Haukeland. Det tar tid, og Lea mister ein heil dag i barnehagen, og mistar mykje tid der ho berre kan vere barn.

Saknar oppfølging

Det er berre mora i familien som har fastlege, men han held til i Bergen.

Ingen av hennar tre barn har fastlege lenger, men mora er ikkje i tvil om at dei alle tre har stort behov for ein lege som kjenner godt til situasjonen deira.

– Når luftambulansen kjem for tredje gong på få veker, så hadde resten av familien hatt godt av litt oppfølging også. Slik er det ikkje i dag.

PLOPPING: Plopping er Lea sin favorittleik. Det inneber rett og slett å kaste leikar i ein vasstank. Det kan Lea gjere i timesvis saman med søstera. Foto: Robert Reinlund / TV 2
PLOPPING: Plopping er Lea sin favorittleik. Det inneber rett og slett å kaste leikar i ein vasstank. Det kan Lea gjere i timesvis saman med søstera. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Det kjenner eldste dottera hennar på også.

– Det er jo tider der det er veldig vanskelig rundt det med Lea, og då er det ingen spesiell person eg kan snakke med om det.

Ho sakna fastlegen ho hadde før.

– Det var lettare då, for då kunne eg snakke med ein person som kjente både meg og Lea. Det var lettare å snakke om ting.

SAKN: Storesøster Amalie saknar ein fastlege som har kjennskap til og forståing om situasjonen til familien Nilsen. Foto: Robert Reinlund / TV 2
SAKN: Storesøster Amalie saknar ein fastlege som har kjennskap til og forståing om situasjonen til familien Nilsen. Foto: Robert Reinlund / TV 2

– Fortvilande

Ei kartlegging gjort av legeforeningen viser at fastlegekrisa er meir alvorleg enn dei offesielle tala har vist så langt. No står minst 235.000 nordmenn utan fastlege.

Bjørnafjorden kommune er ein av mange kommunar som slit med å rekruttere fastlegar. Her står framleis fem pasientlister utan fast lege, men som er bemanna av vikarar. Kommunen har framleis ei liste i Eikelandsosen som ikkje er bemanna.

– Eg følgjer Lene Nilsen si bekymring. Me jobbar på høggir for å finne gode, permanente løysingar, men me står framleis i ein svært krevjande situasjon, seier Monica Totland Melvold, kommunalsjef i Bjørnafjorden kommune.

Kortsiktige løysingar

I Eikelandsosen har dei tilsett tre legar i nordsjøturnus, for å dekke legevaktsituasjonen.

– Dette vil avhjelpe situasjonen noko, med tanke på pasientar som er i behov av strakshjelp, men er ikkje ei løysing på lang sikt. Me ønskjer å få på plass faste legar som kan sikre kontinuitet og føreseielegheit, men det er fortvilande å sjå korleis fastlegeordninga har utvikla seg. No må staten ta ansvar og iverksette tiltak, seier Melvold.

ELSKAR Å LEIKE: Lea er i godt humør når ho leikar med mor og søster på trampolina. Foto: Robert Reinlund / TV 2
ELSKAR Å LEIKE: Lea er i godt humør når ho leikar med mor og søster på trampolina. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Håpar på løysing

– Er du ferdig å leike no? Ikkje det nei.

Lene Nilsen følgjer nøye med på dottera Lea som spring i full fart rundt på trampolina heime.

Det er berre nokre få dagar sidan dei kom heim frå nok eit sjukehusopphald på Haukeland sjukehus i Bergen.

Mora håpar styresmaktene vil ta grep og få orden på fastlegekrisa.

– Har me ikkje god helse, så har me det ikkje godt. Det er det grunnleggande behovet me har. Noreg er såpass rikt at me må ta oss råd til det.

LEIK: Lea og Amalie kastar leikar i ein vassbehaldar, og kallar det plopping. Foto: Robert Reinlund / TV 2
LEIK: Lea og Amalie kastar leikar i ein vassbehaldar, og kallar det plopping. Foto: Robert Reinlund / TV 2