Fleire vegetarianarar og veganarar:

Klarer ikkje ta opp næringsstoff frå populær «veggismat»

Ny forsking viser at vi ikkje klarer å ta opp viktige næringsstoff frå populære vegetarprodukt. – Kan vere problematisk, seier ekspertar.

Å kutte ned på kjøtkonsumet er noko stadig fleire nordmenn gjer.

Talet på vegetarianarar, veganarar og fleksitarianarar (dei som et lite kjøt, men ikkje kuttar det heilt) har stige til 27 prosent her til lands, viser ein fersk rapport frå Orklas berekraftsbarometer.

Og i norske matbutikkar blir utvalet av plantebaserte kjøterstatningsprodukt, stadig større.

STOR AUKE: I fryseskapet på Rema 1000 finn du mange ulike kjøterstatningsprodukt, blant anna frå dette merket som heiter «Like Meat». Frå 2020 har kjeden nesten dobla sortimentet sitt av vegetarprodukt, får TV 2 opplyst. Foto: Elias Engevik/TV 2
STOR AUKE: I fryseskapet på Rema 1000 finn du mange ulike kjøterstatningsprodukt, blant anna frå dette merket som heiter «Like Meat». Frå 2020 har kjeden nesten dobla sortimentet sitt av vegetarprodukt, får TV 2 opplyst. Foto: Elias Engevik/TV 2

Rema 1000 vil av konkurransehensyn ikkje gi ut salstala for desse produkta, men seier at dei har sett ei stor auke i salet av slike produkt dei siste åra.

– Vi sel mykje meir vegetar no, samanlikna med 2019, seier kommunikasjonsrådgjevar i Rema 1000, Celine Sjøberg.

Men til deg som tenker å byte ut kjøtdeigen i fredagstacoen med vegetarfarse fordi du tenker det er sunt for deg, har svenske forskarar dårleg nytt.

Det var forskning.no som først omtalte studien.

Vanskeleg å ta opp næringa

Produkta det er snakk om er ofte laga av soya-, erte- eller kveiteprotein. Dei har blitt utsett for høg temperatur og eit stort trykk for å få ein meir kjøtaktig konsistens.

Dei inneheld fytat: eit antinæringsstoff som hindrar kroppen i å ta opp viktige mineral som jern og sink.

KJØTDEIG ELLER SOYAFARSE?: Slike bearbeidde produkt er kanskje ikkje spesielt næringsrike for oss, viser forskinga frå Sverige. Men fagfolket konkluderer med at det trengs meir forsking på feltet. Foto: Elias Engevik/TV 2
KJØTDEIG ELLER SOYAFARSE?: Slike bearbeidde produkt er kanskje ikkje spesielt næringsrike for oss, viser forskinga frå Sverige. Men fagfolket konkluderer med at det trengs meir forsking på feltet. Foto: Elias Engevik/TV 2

Forskarane i studien undersøkte 44 ulike kjøterstatningsprodukt på den svenske marknaden. Fleire av desse er dei same produkta vi kan finne i norske daglegvarekjeder.

Resultata frå studien viser at dei som et desse produkta, vil ta opp ekstremt lite jern og sink frå maten.

Professor i klinisk ernæring, Jutta Dierkes, meiner den svenske studien er viktig, fordi han viser at sjølv om innhaldet av jern og sink i vegetarprodukt er høgt, er biotilgjenget, altså det at vi klarer å nyttegjere oss av næringa, dårleg.

– Sett frå eit næringsperspektiv vil det vere betre for opptaket av jern og sink å ete vanleg kjøt, i staden for slike vegetarprodukt, seier Dierkes.

VIKTIG STUDIE: Professoren seier at den svenske studien er viktig. Foto: Geir J. Huneide / TV2
VIKTIG STUDIE: Professoren seier at den svenske studien er viktig. Foto: Geir J. Huneide / TV2

Samtidig er det slik at det i utgangspunktet er vanskelegare å ta opp jern og sink frå planter enn frå kjøt, forklarar ho.

Fakta om studien

  • Studien «Nutritional Composition and Estimated Iron and Zink bioavailability of meat substitutes available on the Swedish market» blei publisert 21. september 2022.

  • Konklusjonen var at bearbeidde kjøterstatningsprodukt har høge nivå av antinæringsstoffet fytat som gjer at man tek opp ekstremt lite jern og sink frå desse produkta.

  • Unntaket var tempeh, som er fermenterte soyabønner, samt sopp-baserte produkt, men på sistnevnte trengs det meir forsking.

Dierkes meiner det kan bli problematisk for dei som har bestemt seg for å kutte i kjøtinntaket utan å vite kva dei skal erstatte det med for å få i seg nok jern og sink.

– Om ein kun belagar seg på slike produkta for å erstatte kjøt, så vil ein kunne få problem på sikt.

Ho får støtte av Susann Stave i Barnematbyen.

– Desom du belager deg på at desse matvarene skal vere gode jernkjelder, blir det feil.

Stave meiner at mange assosierer plantemat med sunn mat, men at noko av denne maten er ultraprossesert og av dårleg kvalitet.

KRITISK: Susann Stave har ein mastergrad i samfunnsernæring og jobbar til dagleg i Barnematbyen. Foto: Privat
KRITISK: Susann Stave har ein mastergrad i samfunnsernæring og jobbar til dagleg i Barnematbyen. Foto: Privat

«Sunnvasking»

– Eg vil tørre å påstå at mange av desse produkta både blir sunn- og grønvaska, seier Stave.

Med det meiner ho at emballasjen har bilder og tekst som får produkta til å verke betre enn dei er.

Studiar har vist at jernmangel ikkje er spesielt utbredt blant vegetarianarar og veganarar, men Stave peiker på at i stadier av livet er det spesielt viktig å få i seg nok jern.

– Det gjeld barn og fertile kvinner. Sistnevnte har auka risiko for jernmangel ved vegansk kosthald.

Det at somme av desse produkta gir inntrykk av at dei inneheld mykje jern, synest ho er misvisande.

– Det stemmer jo i teorien, men det hjelp ikkje med eit høgt jerninnhald når ein ikkje klarar å nyttegjere seg av det.

– Ressurskrevjande

Ein av dei store produsentane i Norden, er Hälsans kök, underlagt Nestlé.

Kommunikasjonssjef Celin Huseby seier det finst prosessar som kan gjer det lettare å ta opp til dømes jern frå bønner og korn.

– Men dei er ressurskrevjande og kan påverke smak og tekstur på produktet. Difor benytter vi oss ikkje av dei i vår produksjon i dag.

Vi veit rett og slett for lite

Linda Granlund i Helsedirektoratet fortel at det er vanskeleg å kartlegge helseeffekta av enkeltprodukt.

– Når det gjeld kjøtalternativ, må vi difor støtte oss til vurderingane i rapporten frå Nasjonalt råd for ernæring som kom i 2021, seier ho.

I den rapporten blir det slått fast at vi rett og slett veit lite om helseeffekta av plantebaserte burgarar, pølser og liknande.

– Slike produkt inneheld ofte ein del stivelse, fett og salt, med lite reine råvarer. Nokre av dei har også eit høgt innhald av metta fettsyrer, som kokosfett, seier Granlund.

FOR LITE UNDERSØKT: Helseeffekta av plantebaserte kjøtalternativ har vore for lite undersøkt til å kunne seie om dei gir betre helse, seier Granlund. Foto: Helsedirektoratet
FOR LITE UNDERSØKT: Helseeffekta av plantebaserte kjøtalternativ har vore for lite undersøkt til å kunne seie om dei gir betre helse, seier Granlund. Foto: Helsedirektoratet

– Men på same tid inneheld kjøt, som desse produkta er laga for å erstatte, også ofte mykje metta fett og salt.

– Er du bekymra for at folk byter ut kjøt med denne type mat?

– Som med all mat, må ein sjå på det totale næringsinnhaldet i kosthaldet sitt, og lese på pakningen om ein lurer.

Ho seier det viktigaste er å ete variert.

– Ein kan fint lage sine eigne kjøterstatningsprodukt av bønner, linser, erter, nøtter og frø som har eit høgt innhold av blant anna protein, seier Granlund.