– Ikkje overraska om Solberg går av
Mange spør seg no om Høgreleiar Erna Solberg kan leie partiet fram mot neste val. – Vanskeleg å sjå, meiner kommentatorar.

– Eg klarar ikkje sjå for meg at Erna Solberg vil vere Høgre sin statsministerkandidat om to år, seier Frithjof Jacobsen, politisk redaktør i Dagens Næringsliv.
Han er ein av fleire kommentatorar som stiller seg tvilande til at Solberg kan ha ei framtid som partileiar i Høgre, i lys av ektemannen Sindre Finnes sine omfattande aksjehandlar medan ho sat som statsminister.
Over 3600 aksjehandlar, tilsynelatande gjort bak Solberg sin rygg.
– Eg blir ikkje overraska om Erna Solberg vel å gå av. Men det er opp til henne og partiet, seier Martine Aurdal, kommentator i Dagbladet.

Verre og verre
Det har storma rundt Erna Solberg og ektemannen Sindre Finnes, sidan Solberg gråtkjøvd informerte pressa på fredag om at ektemannen hadde handla aksjar i eit langt større omfang enn det ho seier ho sjølv var klar over.

I dagane etter har fleire stilt spørsmål ved om Høgre bevisst har venta med å offentleggjere situasjonen til etter valet, etter at E24 var i kontakt med Solberg om nettopp Finnes sine aksjehandlar veka før valet.
– Det ser verre ut for kvar dag som går. Saka i seg sjølv er ille, men handteringa kan vere med på å koste henne sitt politiske liv, seier Aslak Eriksrud, politisk kommentator i TV 2.
Han meiner det berre blir vanskelegare og vanskelegare for Solberg å bli sittande som leiar.

Han meiner Høgre burde gjort meir for å få alle fakta på bordet, sjølv om det var i valkampinnspurten.
– Dette ser ut som trenering. Det kan ha vore ein kortsiktig gevinst i form av et godt valresultat, men kan no bli eit langsiktig tap, meiner Eriksrud.
Må få konsekvensar
Frithjof Jacobsen i DN meiner saka må få konsekvensar, uansett kva Solberg visste ektemannens aktivitet.
– Det er forskjell på ansvar og skuld. Slik må det vere. Viss ein skal byrje å gradere på kva ein visste eller ikkje visste, eller kva ein skjønte eller ikkje skjønte, så viskar ein ut ansvaret ein er nøydd å ha, særleg som statsminister, seier Jacobsen.

Han seier vidare at saka ikkje er i samsvar med tilliten som er nødvendig å ha for å stille som statsministerkandidat.
– Den beste måten å gjenopprette tillit på, er å vise at tillitsbrot får konsekvensar.
– Og kva konsekvensar bør dette få?
– Eg kan ikkje sjå korleis Erna Solberg kan stille som statsministerkandidat etter denne saka. Det er for alvorleg, gjentar Jacobsen.
Kva skjer om Erna må gå?
Dersom Solberg skulle gå av, etter 19 år som partileiar, er det ikkje gitt kven som vil stå klar til å ta over.
– Det er nok ein av grunnane til at Solberg har blitt sittande som partileiar, også før denne saka. Eg trur Solberg ville vore reie til å gå av dersom ein etterfølgar sto klar til å overta, meiner Aurdal.
– Nestleiarane Henrik Asheim og Tina Bru er formelt sett nærast til å ta over. Det er vanskeleg å spekulere på og Høgre er nok ikkje heilt der enno, seier Jacobsen.