Tiltalt for gruppevaldtekt i Bergen

– Ho bad om få hendene bundne

Rettssaka etter gruppevaldtekta i Bergen måtte nok ein gong avbrytast fordi det blei delt bilde i sosiale medium.

FORSVAR: Dei tre som forsvarar mennene som er tiltalt for gruppevaldtekta. Frå venstre: Advokat Eirik Johan Mjelde, Maria Hessen Jacobsen og John Christian Elden. Foto: Eva Frimanslund / TV 2
FORSVAR: Dei tre som forsvarar mennene som er tiltalt for gruppevaldtekta. Frå venstre: Advokat Eirik Johan Mjelde, Maria Hessen Jacobsen og John Christian Elden. Foto: Eva Frimanslund / TV 2

– Eg tok mentalt farvel med mamma og pappa. Eg tenkte det var betre å døy enn å oppleve det eg opplevde.

Slik skildra ei kvinne i 20-åra gruppevaldtekta ho meiner ho blei utsett for på ein fest i Bergen i januar 2021.

Ein vennegjeng på fem unge menn i 20-åra møter i retten tiltalt i tre ulike overgrepssaker. Tre av dei er tiltalt for gruppevaldtekta.

Skjelvande og gråtkvalt fortalde kvinna at ho fekk hendene bundne fast med eit belte, at ho vart slått på kroppen og ropt til.

– Eg hadde ein mann framfor meg, bak meg og på sida. Eg følte meg fanga og var så redd. Eg prøvde berre å overleve, sa ho.

Mennene nektar straffskuld og hevdar kvinna frivillig var med på gruppesexen.

Tysdag var det deira tur til å forklare seg for retten.

Beltet som blei brukt under den påståtte gruppevoldtekten i Bergen. Foto: Jon Bolstad / TV 2
Beltet som blei brukt under den påståtte gruppevoldtekten i Bergen. Foto: Jon Bolstad / TV 2

Delte namn på tiltalte og fornærma

Men det skjedde ikkje utan avbrytelsar. Det er stor interesse for rettssaka i Bergen og nokre av tilhøyrarane har ikkje klart å følge reglane om å ikkje ta bilde eller video av rettssaka.

Tysdag blei det delt bilde av tiltaleavgjerda i saka, med fullt namn på dei tiltalte og dei fornærma kvinnene. Ifølge forsvarar Ellen Eikeseth Mjøs er bildene sett av over 250.000 på TikTok.

– Dette er heilt krise og kjempealvorleg. Det kan føre til at folk vegrar seg for å politimelde overgrep, seier bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre til TV 2.

Saman med den andre bistandsadvokaten, Ingrid Aksnes, brukte dei pausen som oppstod til å politimelde delinga. Også måndag blei det delt bilder´og video, mellom anna av kvinna som forklarte seg i gruppevaldtektssaka.

RETTSSAK: Bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre (i midten) bistår kvinna som skal ha blitt gruppevoldtatt av tre unge menn i 20-åra. Til venstre statsadvokat Benedicte Hordnes, til høgre bistandsadvokat Ingrid Aksnes. Foto: Eva Frimanslund / TV 2
RETTSSAK: Bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre (i midten) bistår kvinna som skal ha blitt gruppevoldtatt av tre unge menn i 20-åra. Til venstre statsadvokat Benedicte Hordnes, til høgre bistandsadvokat Ingrid Aksnes. Foto: Eva Frimanslund / TV 2

Ville eigentleg ikkje ha sex

Før det skjedde, hadde den yngste av dei tiltalte blitt grilla i timevis om kva som skjedde på festen natt til 3.januar 2021. 23-åringen opna forklaringa si med å fortelje at han var edru og at han køyrde til og frå festen med bil.

Han skildra kvinna som sprudlande glad då ho kom inn på festen. Ho har sjølv forklart at ho var litt forelska i 23-åringen og gleda seg til å treffe han.

– Men eg var ikkje klar over at ho skulle komme dit. Ho vart fort veldig klengete og gjentok mange gonger at vi skulle reise heim til ho og ha sex, fortalde 23-åringen.

I utgangspunktet ville han ikkje ha sex med kvinna, men for å ikkje vera uhøfleg eller «stygg» lot han vera å avvise ho der og då, sa han.

FEKK FORKLARE SEG: 23-åringen sat i vitneboksen og gav forklaring i kring seks timar tysdag. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2
FEKK FORKLARE SEG: 23-åringen sat i vitneboksen og gav forklaring i kring seks timar tysdag. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

«Bind meg, bind meg»

– Så sa ho at vi skulle inn på rommet. Ho drog meg i armen og tok meg med inn. Det tok ikkje veldig lang tid før dei to andre også kom inn, fortalde 23-åringen.

Fram til dette punktet sprikar ikkje forklaringane mellom offeret og den tiltalte noko særleg. Men herifrå blir fortellingane om kva som skjedde heilt forskjellige.

– Ho set seg på sengekanten og ber oss vere dominante. Ho tok armane sine ut og ba om å bli bunden. Ho sa «bind meg» fleire gonger, sa 23-åringen.

Han opplevde at det var kvinna som tok iniativet.

– Det var aldri under tvang. Det var ingen teikn på at ho sa nei til noko. Eg hadde inntrykk av at dette var noko ho ville.

– Det var der det var action

Han fekk støtte at ein av dei andre tiltalte, som også starta på sin forklaring i retten tysdag.

– Kvifor eg var på rommet? Det var der det var action. Eg hadde ikkje tenkt å bidra eigentleg. Men ho var veldig med på det. Det var stemning for trekant, forklarte den medtiltalte 24-åringen, noko nervøst.

Han fekk sjokk då han dagen etter hørte snakk om at nokon var blitt valdteke på festen i leilegheita hans.

GRILLA TILTALTE: Aktor og statsadvokat Benedicte Hordnes. Foto: Eva Frimanslund / TV 2
GRILLA TILTALTE: Aktor og statsadvokat Benedicte Hordnes. Foto: Eva Frimanslund / TV 2

– Jenter har hatt lyst til å prøve gruppesex

Forklaringane til mennene har påtalemakta sett heilt vekk frå då dei tok ut tiltalen mot dei.

I mangel på tekniske bevis må retten difor bestemme seg for kva forklaringar dei skal feste lit til.

Statsadvokat Benedicte Hordnes omtalte dei tiltalte som ein gjeng «som hadde gruppesex med jenter som hobby». Politiet har også funne både bilete og videoar av dette på dei tiltalte sine telefonar.

– Til privat bruk, kommenterte 23-åringen under utspørringa

Han måtte svare på mange spørsmål om sitt private sexliv. Der var det mange døme på at vennegjengen hadde gruppesex saman med éi jente.

– Vi har blitt kjent med jenter som har hatt lyst til å prøve dei tinga, sa han.

– Korleis forsikrar de dykk om at dette er noko dei ønsker?, spurde Hordnes, som elles la til at dette skjedde på festar der nokre av jentene har vore så fulle at dei ikkje hugsar at det har skjedd.

– Min oppfatning er at ein aldri skal behandle kvinner dårlig. At ein aldri skal gjera noko dei ikkje har lyst til. Derfor har vi stilt spørsmål direkte om dette er noko dei ønskjer, sa mannen.

Seinare viste aktor stillbilde frå Snapchat-videoer som tiltalte har tatt, mellom anna av ein medtiltalt som har sex med ein person der ansiktet ikkje var synleg. 23-åringen kunne ikkje svare på kven kvinna var, men var sikker på at ho hadde sagt ja til å bli tatt bilde av.

Andre «snaps» hadde tekstar som «hore» og at kvinner skulle få kjønnsorganet «ødelagt».

Lurte på om tiltalte gav teikn

Kvinna forklarte måndag at det var 23-åringen ho ville ha sex med då ho tok han inn på rommet.

Gjentekne gonger fekk 23-åringen i dag difor spørsmål om kvifor dei to andre medtiltalte også blei med inn på soverommet.

– Ho søkte spenning. Ho sa aldri at dei skulle gå ut. Ho syntest dette var gøy og spennande.

– Men sa ho at dei skulle bli med inn?, spurte Hordnes.

– Eg kan ikkje hugse direkte at ho sa til meg at ho ønska dei inn, men ho gav uttrykk for at ho ville ha folk der inne. Ho ville ha den merksemda.

Fem menn i 20-åra tiltalt i tre overgrepssaker

  1. Tre av mennene er tiltalt for gruppevaldtekta av ei kvinne i starten av 20-åra.

  2. Ein av dei, ein 23 år gamal mann, er vidare tiltalt for å hatt sex med ei 15 år gamal jente, saman med ytterlegare to menn.

  3. Ein av dei igjen, ein 25 år gamal mann, er tiltalt for sovevaldtekt av ei tredje kvinne.

Medtiltalt i avhøyr: «Vinka meg inn»

23-åringen kunne ikkje hugse at han gav dei to andre noko teikn om at dei kunne bli med inn på rommet.

Då las statsadvokaten frå eit avhøyr med den medtiltalte kompisen (24).

Der forklarte han at han såg dei to gå inn på rommet og at 23-åringen gav eit vink til han om å bli med.

«I guttegjengen har de mange trekanter, så da (tiltaltes navn) gikk inn på rommet, skjønte de at noe var på gang», las Hordnes frå avhøret til 24-åringen.

Kvinna forklarte måndag at det «plutseleg» var tre menn inne på rommet med henne.

– Det var akkurat som om dei visste kva som skulle skje, medan eg ikkje ante noko, sa kvinna.

23-åringen nekta for å ha gitt noko teikn. Også 24-åringen som sa dette i avhøyr, var i retten i dag usikker på om han faktisk fekk eit teikn.

– Det var ikkje noko ulovleg som skjedde inne på det rommet. Det må dykk ta mitt ord på, sa den tiltalte 23-åringen til dommarane på slutten av forklaringa si.