GUL MELORM: Slike larvar av gul melorm er no tilletne å bruke i mat i EU i fryst, tørka og pulverisert form. På latin heiter dei Tenebrio molitor larvae. Foto: Kelvin Chan/AP Photo
GUL MELORM: Slike larvar av gul melorm er no tilletne å bruke i mat i EU i fryst, tørka og pulverisert form. På latin heiter dei Tenebrio molitor larvae. Foto: Kelvin Chan/AP Photo

Hevdar at vi alle får i oss insekt via maten kvar dag

To nye insektprodukt blei i år godkjende til bruk i mat i EU. Det har skapt sterke reaksjonar.

Insekt i mat er ikkje noko nytt. Om lag to milliardar menneske i verda har allereie insekt i kosten sin, ifølge FN.

Men frå januar av blei to nye insektprodukt godkjende av EU til bruk i matvarer.

Hussiriss og melbillelarvar er no tilletne å bruke i til dømes bakverk, pasta, frukostblanding og andre halvproduksjonar.

Somme gler seg over nyhenda, medan andre fortvilar.

Sjå lista over godkjende insekt til bruk i mat lenger nede i saka.

Skeptisk

Ein som er skeptisk, er siviløkonom Anders Nordstad. Han blei kåra til Årets Formidlar under Matprisen 2022 og meiner at insekt «ikkje er ein naturleg ingrediens i maten vår.»

SKEPTISK: Nordstad blei kåra til Årets Formidlar under Matprisen i 2022. Han er tidlegare generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Foto: Privat
SKEPTISK: Nordstad blei kåra til Årets Formidlar under Matprisen i 2022. Han er tidlegare generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Foto: Privat

– Insekt kan heilt sikkert vere kurant å ete for alt eg veit, men det kunne ha vore greit å velge det bort for dei som ikkje vil, skriv han på sosiale medium.

Innlegga hans på Facebook og Instagram har fått mange reaksjonar.

Eg døyr heller av svolt enn å byrje å ete det der!🤢
Kommentar under Nordstads instagrampost

«Like greit å halde seg unna ultraprosessert mat framover», skriv ein annan.

Nordstad er spesielt skeptisk til merkinga av slike produkt. Han meiner at vanlege forbrukarar «ikkje har tid til å lese og forstå heile ingredienslista». Det kan bli problematisk for dei med ulike allergiar, meiner han.

– Vi forventar at leverandørane sel produkt som på alle måtar er trygge.

Blir tydeleg merka

Svanhild Vaskinn i Mattilsynet opplyser at alle produkt som inneheld insekt, blir tydeleg merka.

Kjøper du ei matvare som inneheld tørka larver av gul melorm, så står det nettopp slik i ingredienslista:

  • Tenebrio molitor (gul melorm)
TYDELEG MERKA: Svanhild Vaskinn jobbar i seksjon for kjemisk mattryggleik i Mattilsynet. Ho seier at insekt, som alle andre ingrediensar, skal vere tydeleg informert om i produktinformasjonen. Foto: Mattilsynet

Hevdar vi får i oss insekt kvar dag

At insekt ikkje er ein naturleg del av kosten vår, er ei sanning med modifikasjonar, meiner gründer og insektoppdrettar Thomas Rognstad i Urbanmat.

– Dei er ikkje ein naturleg del av kosthaldet vårt her i den industrialiserte verda, men har vore det i andre delar av verda, som Asia og Afrika, i lang tid.

Rognstad peikar på at vi allereie brukar insekt som fargestoff i somme matvarer og hevdar at kvar og ein av oss til dagleg får i oss insekt gjennom frukt, mjøl og grønsaker.

– Så kroppen vår er godt vand med insekt, meiner han.

SKJOLDLUS: Raudt smågodt kan innehalde fargestoffet E120 som blir laga av skjoldlus. Stoffet er tillate i begrensa mengde i somme matvarer, som brus og smågodt. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB Scanpix
SKJOLDLUS: Raudt smågodt kan innehalde fargestoffet E120 som blir laga av skjoldlus. Stoffet er tillate i begrensa mengde i somme matvarer, som brus og smågodt. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB Scanpix

Cecilie Svenning i Mattilsynet opplyser at ingen insekt blir brukt som tilsetjingsstoff som sådan, men at E120, eller karmin som det heiter, er eit fargestoff som blir ekstrahert frå insektarten Dactylopius coccus costa, ei type skjoldlus.

Det har vore godkjend til bruk i ei rekkje matvarekategoriar i lang tid allereie. Til dømes i raude frukter som er tørka, nedlagte eller konserverte og i frukostblandingar tilsett fruktsmak.

INSEKT: I frukostblandingar med fruktsmak kan det vere karmin, E120, som altså er ekstrahert frå skjoldlus. Foto: Scanpix
INSEKT: I frukostblandingar med fruktsmak kan det vere karmin, E120, som altså er ekstrahert frå skjoldlus. Foto: Scanpix

E120 kan også tilsetjast bearbeida kjøt, som «chorizo fresco», «salsicha fresca» og «longaniza fresca».

– Men mengda E120 som vi får i oss gjennom slike matvarer er sopass små at dei ikkje skal føre til nokon auka helsemessig risiko, opplyser Svenning.

Desse insektprodukta er godkjende i EU:

  • Tørka larver av gul melorm (Tenebrio molitor)

  • Vandregrashoppe i fryst, tørka og pulverform av europeisk vandregrashoppe (Locusta migratoria)

  • Gul melorm i fryst, tørka og pulverform (Tenebrio molitor)

  • Hussiriss i fryst, tørka og pulverform (Acheta domesticus)

  • Delvis avfeitta pulver av hussiriss (ikkje teke inn i norsk regelverk endå)

  • Larver av lita melbille i fryst, paste-, tørka og pulverform (ikkje teke inn i norsk regelverk endå)

Kjelde: Matportalen/Mattilsynet

– Barn er positive til insekt

Rognstad er glad for at EU åpnar for meir bruk av insekt. Sjølv er han ikkje i tvil om at insekt er berekraftig mat for framtida.

«FRAMTIDSMAT»: Thomas og Waranyuta Rognstad driv med insekt først og fremst av klimahensyn. Foto: Privat
«FRAMTIDSMAT»: Thomas og Waranyuta Rognstad driv med insekt først og fremst av klimahensyn. Foto: Privat

Kundane hans er i stor grad skular og barnehagar som brukar insekt i undervisninga om framtidas protein.

– Barn og ungdom er positive til å prøve dette, er erfaringane hans.

Nordstad er derimot ueinig.

– Eg har vanskeleg for å tru at insekt dyrka fram på industrielt vis er meir berekraftig enn mat produsert på lokale ressursar, eten i nærleiken av der han vart produsert.