Her er Noregs første kjønnsnøytrale bunad

Tiril Skår (24) var blant dei som sakna eit kjønnsnøytralt antrekk på 17. mai. No kjem eit etterlengta alternativ.

– Eg blei så lei av å gå i dress på nasjonaldagen, når eg hadde ei fin drakt frå før. Men eg følte meg ikkje vél i Karen-drakta eg fekk til konfirmasjonen, seier Tiril Skår frå Sandnes.

Tiril er ikkje-binær og identifiserer seg ikkje som verken kvinne eller mann.

I fleire år kom 24-åringen på unnskuldingar for å sleppe å gå med festdrakta på nasjonaldagen og i konfirmasjonar. Det kjendes rett og slett ukomfortabelt å bruke den fine, men feminine Karen-drakta.

– Eg brukte drakta til eg var 17. Så kjende eg ei stor lette då eg var russ og slapp gå med ho. Til slutt mekka eg mi eiga kjønnsnøytrale festdrakt, som er ein kombinasjon av festdraktdeler frå Sparkjøp og Karen-drakta mi, seier Tiril.

HEIMESNEKRA: Tiril Skår har lagd si eiga kjønnsnøytrale festrakt. Foto: Privat
HEIMESNEKRA: Tiril Skår har lagd si eiga kjønnsnøytrale festrakt. Foto: Privat

Det var Stavanger Aftenblad som først skreiv om saka.

Såg eit behov

Marianne Lambersøy, dagleg leiar i Embla Bunader i Stavanger, hyllar Tiril for å lage si eiga festdrakt som har eit eige uttrykk.

– Det er så power.

Marianne har selt mange bunader gjennom karriera. Ho har selt både kvinnebunader til menn, og herrebunader til kvinner. I seinare tid har ho høyrt om stadig fleire som Tiril, som seier dei ikkje føler seg vél i verken herrebunad eller kvinnebunad.

– Eg blir så rørt av slike historiar, og tenker det skulle berre mangle at ikkje dei også hadde eit alternativ dei kan føle seg komfortable i, seier ho.

Difor har Embla bunader no lansert det som truleg er verdas første kjønnsnøytrale bunad.

Sjå video av bunaden øverst i saken!

FØRSTE: Marianne Lambersøy i Embla Bunader håpar dette blir den første av fleire kjønnsnøytrale bunadar. Foto: Håkon Vårhus Sagen / TV 2
FØRSTE: Marianne Lambersøy i Embla Bunader håpar dette blir den første av fleire kjønnsnøytrale bunadar. Foto: Håkon Vårhus Sagen / TV 2

Stor etterspurnad

Den nye bunaden har både feminine og maskuline trekk, og skal vere eit alternativ til dei som ikkje ønskjer verken herrebunad eller damebunad.

– Identitet og klede heng tett saman. Me synest de ter viktig at alle kan gå med klede som uttrykker det dei ønskjer, og me vil gi legitimitet til ein kjønnsnøytral bunad.

Responsen har ikkje latt vente på seg. Marianne har allereie fått fleire bestillingar, førespurnadar og ikkje minst meldingar frå takksame folk som synest det er flott at det kjem ein kjønnsnøytral bunad.

– Det har kome ein straum av førespurnadar frå folk heilt nede i niårs-alderen til godt vaksne personar. Det er tydeleg at mange har ønska seg dette.

TRAVELT: Marianne Lambersøy er dagleg leiar ved Embla Bunader. Ho har det travelt før konfirmasjonssesongen og 17. mai. Ho har likevel tatt seg tid til å få klar ein kjønnsnøytral bunad før bunadssesongen går i gong. Foto: Håkon Vårhus Sagen / TV 2
TRAVELT: Marianne Lambersøy er dagleg leiar ved Embla Bunader. Ho har det travelt før konfirmasjonssesongen og 17. mai. Ho har likevel tatt seg tid til å få klar ein kjønnsnøytral bunad før bunadssesongen går i gong. Foto: Håkon Vårhus Sagen / TV 2

... men responsen er variert

Sjølv om mange av tilbakemeldingane er positive, har Marianne fått merke at bunad er noko som engasjerer.

På Embla Bunader sine kontoar på sosiale medier, har debatten florert. Mange reagerer på at ein kjønnsnøytral bunad går i mot den rike bunadstradisjonen, samt sår tvil ved at det i det heile kan kallast ein bunad.

Dei verste kommentarane har Marianne sett seg nøydd til å slette.

– Det kjem ein del hat. Det slettar eg. Men dei fleste kritiske kommentarane får stå, for eg tenker det er viktig at folk får debattere og diskutere dette her.

Det er nemleg ikkje første gong Marianne hamnar i ein bunadsdebatt. I 2016 raste debatten etter at ein kunde fekk sydd hijab til bunaden.

– Bunad er så mykje forskjellig. Det er politikk, kultur og identitet. Dette er vårt uttrykk om kva me tenker om rettane til transpersonar og retten alle har til å uttrykke seg som dei vil, seier Marianne.

KJØNNSNØYTRAL: Slik ser den første kjønnsnøytrale bunaden ut. Foto: Håkon Vårhus Sagen / TV 2
KJØNNSNØYTRAL: Slik ser den første kjønnsnøytrale bunaden ut. Foto: Håkon Vårhus Sagen / TV 2

Ho presiserer at det dei har laga, faktisk er ein bunad, og ikkje ei festdrakt.

– Me brukar bunadsstoff og syr med bunadssøm. Bunad er ikkje ein beskytta tittel, og dette er definitivt ein bunad.

Overraska over responsen

Tiril har fått varierte tilbakemeldingar på den sjølvlaga og kjønnsnøytrale festdrakta. Dei fleste er positive seier det er flott med ei kjønnsnøytral festdrakt.

Likevel blir Tiril overraska over nokre av reaksjonane som kjem så snart det er snakk om å lage ein kjønnsnøytral bunad. Fleire har sagt dei ikkje meiner det er greitt å røre bunaden.

– Eg blir overraska over at nokon kan bli så hårsåre over eit plagg. Er det ikkje betre at eg er komfortabel i eit plagg som skal reflektere nasjonalitet og identitet, enn at eg er ukomforabel i ei feminin drakt?

GOD RESPONS: Tiril får for det meste fine tilbakemeldingar på den heimelaga, kjønnsnøytrale festdrakta. Foto: Privat
GOD RESPONS: Tiril får for det meste fine tilbakemeldingar på den heimelaga, kjønnsnøytrale festdrakta. Foto: Privat

Sjølv er Tiril svært fornøgd med drakta si, men utelukkar ikkje å gå til innkjøp av ein kjønnsnøytral bunad på sikt.

– Det får eventuelt bli når eg får litt betre råd.