– Han var så svær at eg berre sat og hyla

ÅRDAL (TV 2): Synnøve stod og laga middag då ho oppdaga ein enorm fugl utanfor vindauget. Det kan vere berre tredje gongen arten er sett i Noreg.

IKKJE ØRN: Denne enorme rovfuglen dukka opp eit lite stykke frå kjøkenvindauget til Synnøve Nag Soppeland i Årdal i Ryfylke. Foto: Synnøve Nag Soppeland
IKKJE ØRN: Denne enorme rovfuglen dukka opp eit lite stykke frå kjøkenvindauget til Synnøve Nag Soppeland i Årdal i Ryfylke. Foto: Synnøve Nag Soppeland

I halv tre-tida søndag ettermiddag stod Synnøve Nag Soppeland på kjøkenet og laga middag heime i Årdal i Rogaland.

NYGSJERRIG: Synnøve Nag Soppeland kjende at ho berre måtte få sett meir på den mystiske fuglen. Foto: Privat
NYGSJERRIG: Synnøve Nag Soppeland kjende at ho berre måtte få sett meir på den mystiske fuglen. Foto: Privat

Med eitt såg ho noko som bevega seg på andre sida av ekra. 

– Me bur litt grisgrendt, og det er ein del dyr som beveger seg her, så eg har alltid ein kikkert klar, seier Soppeland. 

Ho såg ein svær fugl som åt, og tenkte det måtte vere ei ørn som sat og åt bytet sitt. 

Det var Strandbuen som først omtala saka. 

– Det var jo litt stilig, så eg tenkte eg måtte prøve å koma litt nærmare og heiv meg i bilen, seier ho. 

– Han var enorm

Før ho får sjansen til å få sett betre på fuglen, lettar han. Soppeland tenkte likevel ho skulle finne ut kva rovfuglen hadde i nebbet. 

Det var ikkje kva som helst.

MÅLTID: Dette låg igjen etter fuglen hadde letta. Rovfuglen sat og gnog på ein hjortefot. Foto: Synnøve Nag Soppeland
MÅLTID: Dette låg igjen etter fuglen hadde letta. Rovfuglen sat og gnog på ein hjortefot. Foto: Synnøve Nag Soppeland

– Eg stussa på både åtferd og utsjånad. Vi har både havørn og kongeørn her, men eg forstod det ikkje heilt, seier ho. 

Men den store fuglen hadde ikkje flydd vekk, og etter kvart kom han nærmare bilen ho sit i, noko Soppeland synest er merkeleg oppførsel for ei ørn. 

Rovfuglen set seg eit lite stykke frå ho, og ho får video av eit syn ho seint vil gløyme. 

– Han er så svær at eg berre sat å hyla. Han var enorm, seier ryfylkingen. 

Ei venninne foreslo at det kunne vere ei ung kongeørn, som ofte kan ha svart og kvit fjørdrakt. 

Ho delte opplevinga på sosiale medium, og fekk kjapt respons. Fleire meinte det slett ikkje var ei kongeørn, men at det faktisk kunne vere ein gribb. 

– Brukar sminke

– Det stemmer, dette er ein lammegribb. Han er ikkje vanleg i Noreg, men har vore observert ved to-tre anledningar, seier rovfuglrehabilitator Ellen Hagen.

UVANLEG UTSJÅNAD: Synnøve Nag Soppeland klarte ikkje heilt få det til å stemme at dette skulle vere verken havørn eller kongeørn. Foto: Synnøve Nag Soppeland
UVANLEG UTSJÅNAD: Synnøve Nag Soppeland klarte ikkje heilt få det til å stemme at dette skulle vere verken havørn eller kongeørn. Foto: Synnøve Nag Soppeland

Dette kan vere berre tredje lammegribb som er observert i landet, meiner Hagen. Slett ikkje eit vanleg syn, med andre ord. 

– Gribbane held gjerne til der det er varmare, fordi dei er åtseletare, seier ho. 

Hagen har ei rekke spennande fakta om lammegribben på lur. 

RINGMERKA: Denne spurvehauken var underernært og fekk mat og ringmerking i haust. Foto: Privat
RINGMERKA: Denne spurvehauken var underernært og fekk mat og ringmerking i haust. Foto: Privat

– Lammegribben har mykje fjør i ansiktet, så han er veldig glad i bein. Andre gribbar har mindre fjør i ansiktet og likar å gå inn å ete i kadaveret, Dermed blir dei veldig grapsete, seier ho. 

– Og det er like enkelt som at om eg eller deg har fine klede på, vil me ikkje søle på dei? 

– Ja! Samtidig har det med klima å gjere, han har fjør på både ansikt, hals og føter. Han er godt pakka inn, og toler derfor nordisk klima veldig godt, forklarar Hagen. 

– Kvifor er han då så sjeldan i Noreg? 

– Han høyrer ikkje til i den norske faunaen, men nå skjer det ulike ting med klima og natur og desse fuglane kan fly ganske langt. Han har nok følgt straumen nordover, seier ho. 

Ifølgje Artsobservasjoner.no blei den same lammegribben observert jula 2022, men det har ikkje vore registrerte observasjonar dei siste ti månadane. 

– Gribben har hatt litt dårleg omtale som skummel eller farleg fugl, men om du tek deg tida til å sjå på dei er dei veldig vakre, seier Hagen og legg til: 

– Haute-couture i moteverda, det er gribbane i fugleverda.

FJØR I FJESET: Når denne lammegribben blir kjønnsmoden skal han pynte seg, på ein heilt spesiell måte. Foto: Synnøve Nag Soppeland
FJØR I FJESET: Når denne lammegribben blir kjønnsmoden skal han pynte seg, på ein heilt spesiell måte. Foto: Synnøve Nag Soppeland

Ikkje berre ser gribbane kule ut, lammegribben er til og med så fjong at han sminkar seg, fortel ho. 

– Når han blir kjønnsmoden brukar han sminke. Han bader i raud leire, og det kan vere ein måte å flotte seg for andre fuglar eller vise dominans, fortel Hagen og slår fast: 

– Av alle gribbar føler eg lammegribben er den moderne draken. 

Lammegribb

Lammegribben har eit vengespenn på mellom 2,3 og 2,9 meter, kan vege frå 4 til over 7 kilo, og blir om lag 110 centimeter lang.

Arten er del av haukefamilien og er i underfamilien afrikanske gribbar.

Lammegribben har status som «nær trua»,. Ifølgje Vulture Conservation Foundation, er det 465 hekkande par i Europa. I 1994 var dette berre om lag 100. På verdsbasis skal det vere mellom 1600 og 7000 individ (BirdLife International 2021).

Arten er ekstra glad i beinmarg, og er kjend for å sleppe knoklar frå høgt oppe i lufta, og knuse dei mot fjell.

På engelsk blir lammegribben kalla «bearded vulture». Han finst i fjelltrakter i India, Tibet, Tyrkia og Balkan, dei sveitsiske alpane, dei franske og spanske pyrenéene, og stader i Afrika.

Lammegribben var tidlegare utrydda frå alpene, men å gjeninnføre arten har vore vellukka.

Nå håpar Hagen at den unge gribben blir verande i distriktet, og kanskje at han til og med tek med seg ein partnar etter kvart. 

– Han har heldigvis ikkje blitt teken av vindmøller, for det kan jo òg skje, seier rovfuglrehabilitatoren. 

Kan ha sett gribben før

– Eg har ein mistanke om at har vore borti han før, seier Synnøve Nag Soppeland. 

Sjølv om det er ein del ørn i Ryfylkeheiene har ho aldri sett dei kome spesielt nære når ho har vore ute og gått. 

PÅ NÆRT HALD: Lammegribben har status som nær truga, men forsøk på å auke bestanden i Europa dei siste tjue åra har vore vellukka. Foto: Synnøve Nag Soppeland
PÅ NÆRT HALD: Lammegribben har status som nær truga, men forsøk på å auke bestanden i Europa dei siste tjue åra har vore vellukka. Foto: Synnøve Nag Soppeland

Det siste året, derimot, har det skjedd tre gonger. 

– Etterpå har eg lurt litt på om det rett og slett kan ha vore denne fuglen her, men det blir jo berre spekulasjonar, seier Soppeland. 

Ho har ikkje sett rovfuglen sidan søndag ettermiddag, og heile måndagen var ho på jobb. 

– Men i dag har eg fri, så nå skal eg berre sitte å speide etter lammegribb, ler Soppeland.