Incestsaken på Vestlandet

– Han sa «ikkje fortell det til nokon, då hamnar eg i fengsel»

I sitt andre avhøyr med politiet fortalde jenta om overgrepet ho skal ha blitt utsett for. Tiltalt mor klarte ikkje sjå på.

VIDEO: Forsvararar (i svart) og dei tiltalte følgjer med på dei tilrettelagde avhøyra i retten. Heilt til venstre pleiar den tiltalte mora å sitje, men ho fekk forlate salen. Tegning: Ane Hem / TV 2
VIDEO: Forsvararar (i svart) og dei tiltalte følgjer med på dei tilrettelagde avhøyra i retten. Heilt til venstre pleiar den tiltalte mora å sitje, men ho fekk forlate salen. Tegning: Ane Hem / TV 2

Eit rundt bord, med ein mørkeblå stol på kvar side. På bordet ligg det ark og fargetusjar.

I den eine stolen sit avhøyraren som vil finne ut om noko har skjedd med den då åtte år gamle jenta som sit i den andre stolen.

Videoen av det tilrettelagde avhøyret frå 4. november 2020, er det første av i alt 51 timar med avhøyr som vart spelt av i den grove incestsaka som går for Hordaland tingrett.

Fire personar i eit nabolag i ein vestlandskommune er tiltalt for grove valdtekter av barn under 14 år. Dei tiltalte er eit foreldrepar, deira eldste son og ein nabo i same nabolag.

Dei fornærma er foreldreparets dotter og yngste son, og dessutan sonen til naboen.

Dei tiltalte nektar for alt.

Les meir: – Det barna fortel er utanfor fatteevnen til folk flest

NABOAR: Ein heil familie, samt nabomannen og sonen hans, er dei involverte i saka. Dei fornærma barna er i dag tekne hand om av barnevernet. Foto: May Husby / TV 2
NABOAR: Ein heil familie, samt nabomannen og sonen hans, er dei involverte i saka. Dei fornærma barna er i dag tekne hand om av barnevernet. Foto: May Husby / TV 2

«Har aldri, aldri skjedd med meg»

Det første avhøyret kjem i stand fordi barnevernet har meld naboen til politiet etter fleire varsel.

I avhøyrsrommet vrir jenta seg utolmodig i stolen, slik barn ofte gjer når dei blir nøydde til å sitte stille i lenger enn ti minutt.

45 minutt inn i avhøyret har ikkje barnet fortalt noko som tyder på at dette skal utvikle seg til ei svært grov overgrepssak.

TILTALT: Dei fire tiltalte sit til venstre for sine forsvarar (kledd i svart) og lyttar til statsadvokaten sitt innleiingsforedrag. Tegning: Ane Hem / TV 2
TILTALT: Dei fire tiltalte sit til venstre for sine forsvarar (kledd i svart) og lyttar til statsadvokaten sitt innleiingsforedrag. Tegning: Ane Hem / TV 2

«Av og til er det slik at vaksne gjer ting dei ikkje har lov til», seier avhøyraren på Barnehuset.

«Det har aldri, aldri skjedd meg. Eller nokon som eg veit om», svarar jenta.

I dag meiner påtalemakta at jenta på dette tidspunktet har blitt utsett for grove valdtekter av foreldra og storebroren i fem år.

Nabomannen er tiltalt for å ha forgripe seg på jenta frå sommaren 2020 og fram til han blei arrestert i november 2020.

Dette er tiltalane mot foreldreparet, sonen og naboen

Mannen i 50-åra:

§ 301: Grov valdtekt av barn under 14 år. Skal ha skjedd gjentekne gonger, over fleire år, mot dottera (11 år) og sonen (16 år).

§ 312: Incest

Dyrevelferdsloven § 37: Grov seksuell omgang med hund.

§ 311: Skal ha gjort internettsøk etter overgrepsmateriale med søkeord som «incest-teen», «Pdophiles», «schoolgirl+filmed» og «illegal+sex». Skal også ha filma sonen sin naken.

Kvinna i 40-åra:

§ 301: Grov valdtekt av barn under 14 år. Skal ha skjedd gjentekne gonger, over fleire år, mot dottera (11 år) og sonen (16 år). Også tiltalt for å ha vore til stades under overgrepa til barnefaren utan å gripa inn.

§ 312: Incest

Sonen i 20-åra:

§ 301: Grov valdtekt av barn under 14 år. Skal ha skjedd gjentekne gonger, over fleire år, mot søstera (11 år) og broren (16 år).

§ 313: Søskenincest

Nabomannen i 30-åra:

§ 301: Grov valdtekt av barn under 14 år. Skal ha skjedd gjentekne gonger, mot sin eigen son (10 år) og dottera til dei medtiltalte (11 år). Høvevis frå hausten 2019 og sommaren 2020 og fram til han vart arrestert i november 2020.

§ 312: Incest

§ 311: Skal ha tatt bilete av sonen og nabojenta som viser seksuelle overgrep eller seksualiserer dei.

§ 305: Seksuelt krenkande atferd. Skal ha sagt «jeg er forelsket i deg» til nabojenta og tatt henne med på leiting etter sexleiketøy på soverommet til det medtiltalte foreldreparet.

«Rart og ekkelt»

Statsadvokaten hadde på førehand varsla retten om at det tek tid før jenta opnar seg.

Det er forsvararane som har bedt om at alle avhøyra skal spelast av i sin heilskap.

Og i det andre avhøyret har jenta meir å fortelje. To månader etter det første avhøyret har politiet blitt varsla om jenta har sagt meir om nabomannen til omplasseringsfamilien.

«Det var rart og ekkelt», seier jenta etter å ha skildra overgrepet ho opplevde.

Vidare seier jenta at mannen hadde sagt at «ikkje fortell det til nokon. For då hamnar eg i fengsel».

Ho fortalde også at «det har skjedd andre ting».

Bakgrunn: Naboane reagerte – så begynte barna å fortelje

Dette seier dei tiltalte om skuldingane

Advokat Jan Henrik Høines forsvarar mannen i 50-åra:

– Det har ikkje skjedd. Han kan ikkje forstå det som barna skildrar i forklaringane. Han er usikker på om det er deira fantasi eller om det er andre som har påverka dei.

– Han har også tillit til sambuaren og den eldste sonen sine forklaringar om at dei nektar for å ha gjort dette mot barna.

– Han har vore i varetekt sidan sommaren 2021. Det har vore ei enorm belastning for han å vere fengsla i ei sak han meiner ikkje har rot i verkelegheita.

Advokat Astrid Aksnes forsvarar kvinna i 40-åra:

– Ho nektar straffskuld, og saka er ei enorm påkjenning for henne. Ho kjenner seg overhovudet ikkje att i det barna fortel i avhøyra, verken det som gjeld ho eller det som gjeld barnefaren. Ho spør seg korleis barn kan fortelle om ting som ikkje har skjedd.

Advokat Alexander Gonzalo Sele forsvarar den eldste sonen i 20-åra:

– Han nektar for å ha gjort dette og ønskjer å forklare seg i retten.

Advokat Kai-Inge Gavle forsvarar nabomannen i 30-åra:

– Han har ikkje erkjent straffskuld og kjem heller ikkje til å gjere det i retten. Han ser fram til å kunne forklare seg i retten om at han aldri har gjort noko gale mot barn.

Fekk forlate salen

Rett før avspelinga av dei tilrettelagde avhøyra skulle starte, var den tiltalte mora svært prega inne i rettssalen.

Skjelvande og gråtande fekk ho trøyst av den medtiltalte sambuaren og forsvararen sin.

På førespurnad fekk kvinna lov av dommarane til å forlate retten.

Dei første avhøyra handlar altså om dottera sine forklaringar om nabomannen sine overgrep.

I denne saka er mora pårørande og det er svært vanskeleg for ho å følge den delen av rettssaka, har forsvararen tidlegare sagt til TV 2.

FULGT UT: Advokat Astrid Aksnes forsvarar den tiltalte mora i 40-åra. Klienten hennar slapp å sjå avhøyra av dottera si. Foto: Eva Frimanslund / TV 2
FULGT UT: Advokat Astrid Aksnes forsvarar den tiltalte mora i 40-åra. Klienten hennar slapp å sjå avhøyra av dottera si. Foto: Eva Frimanslund / TV 2

Kripos vitna om tilrettelagde avhøyr

Før avspelingane av avhøyra starta, fekk retten eit innblikk i prosessen bak tilrettelagde avhøyr.

Politioverbetjent og fagspesialist Tone Davik i Kripos har ikkje vore ein del av etterforskinga i den aktuelle saka, men var kalla inn som vitne for å snakke generelt om korleis ein jobbar når barn skal avhøyrast.

– Mange barn brukar lang tid før dei klarer å fortelje om seksuelle overgrep. Det er mange barrierar og tersklar som må bli brotne før dei klarer å opne opp om det. At overgriparen er i nær relasjon er ein av dei barrierane, sa Davik.

Ho la til at det er svært sjeldan at kvinnelege overgriparar er tema i avhøyr på norske barnehus, men trakk inn Alvdal-saka som eksempel på at det likevel skjer.

– Er ikkje så lett å påverke barna

Forsvararane til dei tiltalte er sterkt kritiske til talet på avhøyr og kor lang tid som har gått frå første til siste avhøyr av barna.

Og særleg kritiske er dei til samtalane dei fornærma barna har hatt med barnevernstilsette og fosterforeldre, før og etter avhøyra.

Dei tiltalte meiner barna kan ha blitt påverka til å fortelje om ting som ikkje har skjedd.

– Min klient er av den klare oppfatning at dette har gitt barna hennar falske minner, sa den tiltalte mor sin forsvarar, Astrid Aksnes, til TV 2 måndag.

Davik i Kripos parerte med at det som oftast er eit større problem at barn ikkje vil fortelje, enn at det dei fortel ikkje er sant.

– Barn er ikkje så lett påverkelege når det kjem til slike opplevingar. Dei er meir motstandsdyktige for påverknad når det kjem til vald og seksuelle overgrep, seier Davik som har avhøyrd barn sidan 1996.

Mange avhøyr

Ho har likevel tidlegare sagt at mange avhøyr av barn over lang tid aukar sjansen for at dei kan bli påverka.

I denne saka er barna avhøyrd ni, tolv og femten gonger.

Forsvararane hadde difor fleire spørsmål kva avhøyrarane tenkjer om kontakten barn har med barnevern og andre instansar mellom avhøyra.

– Vi har jo ikkje kontroll på alle som er tett på. Og ein skal vera forsiktig med å stille for mange spørsmål, sa Davik.

– Men dei vaksne som er med dei kriseråka barna, må jo også stille opne spørsmål og lytte. Om ikkje vaksne viser at dei er der for barna og den situasjonen dei står i, så kan det faktisk skade barnet enno meir. Og gjere det vanskelegare for dei å snakke om det dei har opplevd.

Resten av veka og dei to neste vekene går med på å spele av alle dei tilrettelagde avhøyra. Først i midten av september får dei tiltalte sleppe til med sine forklaringar.