Gunn (53) må legge ut titusenvis av kroner for å kunne puste på ferie
Ny ordning gjer at mange lungepasientar må droppe utanlandsturar dei sårt trenger.

Det er nesten som at vinteren er tilbake i Langhus. Sola glimtar fram, men restane frå snøbygene ligg framleis på bakken.
Det er ekstra dårleg nytt for slike som Gunn Myhre (53).
Ho har ein sjukdom som gjer henne avhengig av oksygenbehandling.
I tillegg har ho hudsjukdommen psoriasis, ein tilstand som blir forverra når det er kaldt.

Gunn skulle difor helst hatt eit opphald i varmare strøk, men eit ekstra utlegg på 34.000 kroner stoppar henne.
– Den nye ordninga ekskluderer ei gruppe menneske som er nedst på rangstigen frå før, seier Gunn.
Ny praksis

Pasientar som er avhengige av oksygenbehandling under reise og opphald i utlandet, har etter folketrygda rett på å få dekka utgiftene.
Tidlegare har dette blitt ordna ved at selskapa som leverer behandlinga ordnar opp direkte med Helfo.
Pasientane slepp dermed legge ut for kostnaden, som er på alt frå 10.000 til 40.000 kroner avhengig av kor mykje ein treng og kor lenge ein skal vere vekke.
Dette er det no slutt på. Frå og med i år må pasientane sjølv legge ut for kostnaden for så å søke refusjon.
– Dei pengane har eg ikkje. Då må eg bli heime, seier Gunn.

– Byråkratisk regel
Generalsekretær i pasientorganisasjonen LHL, Frode Jahren, seier dei stadig blir kontakta av fortvilte pasientar som reagerer sterkt på den nye praksisen.
– Det vi opplever er at ein stor andel av ei pasientgruppe må avstå frå å reise på grunn av ei endring i ein byråkratisk regel, seier Jahren.

Han meiner endringa er problematisk, og peiker mellom anna på at lungepasientar ofte opplever dei har stor nytte av å reise til varmare klima.
Samstundes seier han det bidrar til ein større ulikskap mellom dei som har råd til å legge ut for turen og dei som ikkje har det.
– Det får jo den konsekvens at mange alvorleg sjuke menneske får livskvaliteten sin sterkt redusert, seier Jahren.
– Men dei får jo pengane igjen uansett, kva er då problemet?
– Problemet er at denne gruppa har eit likviditetsproblem, dei har ikkje råd til å legge ut så store summar. Den norske stat har ikkje det same likvidetsproblemet, seier Jahren.

Feilpraktisert
Avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Steinar Mathisen, seier han har stor forståing for at mange synest denne endringa slår uheldig ut.
Han seier likevel at dei var nøydde til å endre ordninga fordi den var praktisert i strid med regelverket. Leverandørane av oksygen skulle nemleg aldri fått direkte refusjon i utgangspunktet.
– Dette skulle aldri vore ein praksis. Det er nøydd å foreligge ein direkte oppgjersavtale mellom den enkelte leverandør og det offentlege. Det var ikkje tilfellet her, seier Mathisen.
Mathisen understreker at endringa ikkje inneber endring i pasientene sine rettar, men at dei må legge ut for deretter å få refusjon frå Helfo.
Han seier likevel dei vil sjå på om det er mogleg å få til løysingar der utanlandske leverandørar kan inngå ein direkte oppgjersavtale, men at det førebels er uklart om det er praktisk mogleg.

– Veldig synd
Heime i Langhus ser Gunn fram til sommaren og varmare tider.
Ho har vore ufør sidan 2018, og seier det tar henne lang tid å spare opp pengar til ein utanlandstur.
Planen hennar om å reise på eit trevekers behandlingsopphald i Spania, er no blitt ein fjern draum.
– Eg synest det er veldig synd at det blir stoppa på grunn av pengar og fordi vi mistar det privilegiet vi har vore så heldig å ha her i Norge.
