Krasse tilbakemeldingar på barnepride

– Fremmar seksualisering av barn

Redd Barna blei kalla «sjuke» og «patetiske» då dei inviterte til pridefestival for barn. Éin trusselmelding er politimeld og no er heile arrangementet avlyst.

BARNEFESTIVAL: Redd Barna inviterte til barnefestival i Nygårdsparken i Bergen 2. juni, men såg seg nøydd til å avlyse etter trugslar. Det skapar sterke reaksjonar. Foto: Sorosh Sadat / TV 2
BARNEFESTIVAL: Redd Barna inviterte til barnefestival i Nygårdsparken i Bergen 2. juni, men såg seg nøydd til å avlyse etter trugslar. Det skapar sterke reaksjonar. Foto: Sorosh Sadat / TV 2

Det har vore sterke reaksjonar over heile landet på torsdagens nyheit om at Pride-arrangementet for barn i Bergen blir avlyst grunna trugslar.

– Dette finn eg meg faen ikkje i, seier byrådsleiar Rune Bakarvik (Ap) i Bergen.

– Det er for jævlig at nokon kjem med så sterke trugslar at Redd Barna ser seg nøydde til å avlyse, seier kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap).

Dette skulle skje

Arrangementet var ein del av Regnbuedagene i Bergen, som startar fredag 2.juni.

På søndag var det invitert til «Pride for kids» i den store Nygårdsparken.

«Festivalen blir full av leik og moro, regnbogar og ein glad atmosfære. Det blir musikk, snacks, besøk av tryllekunstnarar og dragartistar, og lykkehjul med premiar til alle», står det i programmet.

Til BA fortel Annie «Maple Thorpe» Sørvig frå House of Friele at ho skulle opptre på arrangementet. Dei hadde planlagd eit show med eit Disney-nummer og eit Kaptein Sabeltann-nummer.

– Vi skulle ikkje køyre vanleg dragshow framfor barn, men hadde planlagd miming, dansing og å snakke litt med barna og svare på deira spørsmål, seier Søvig.

Krass debatt etter invitasjon

Reaksjonane på det no avlyste arrangementet har rent inn i vekesvis, sidan Redd Barna inviterte til barnefestival i ein Facebook-post 10. mai.

Der bad dei om hjelp frå folk som kunne tenke seg å bidra med rigging, vere vakter og dele ut mat.

Kommentarfeltet blei raskt ganske heitt, og i dag såg organisasjonen seg nøydd til å avlyse arrangementet etter truslar om vald.

Over hundre personar kommenterte. Fleire var svært skeptiske til arrangementet.

«Det handler om å skjerme barn fra et helt unødvendig fokus på «kjønn» og seksualitet [...] At redd barna har «pride for barn» er skummelt, og et tegn på et samfunn i forfall» skriv ein person i kommentarfeltet.

«Komisk å se hvor patetisk Redd Barna har blitt, når de tydeligvis fremmer seksualisering av barn», skriv ein annan.

«Dere synes det er greit å være med på å ødelegge flere liv [...]? Gjøre barn mer forvirret? Syke er dere», skriv ein.

I tillegg til meldingane i kommentarfelta, har Redd Barna også fått e-postar.

– Det er menneske som har trua med å komme på arrangementet, drive med trakassering og utøve vald, seier Monica Sydgård i Redd Barnas Norgesprogram.

Ei melding

– Vi meiner det ikkje var naudsynt å avlyse festivalen. For vår del har det heile tida vore aktuelt at arrangementet skulle bli halde. Denne meldinga har ikkje påverka det, seier Morten Ørn i politiet i Bergen.

Han vil ikkje gå nærmare inn på verken avsendar eller innhaldet i det som er meld til politiet, men seier det gjeld trugslar og trakassering.

– Dette viser at debatten dessverre framleis er varm. Vi skulle ønske vi var kome lenger enn dette i 2023, seier Ørn.

AVLYSER IKKJE: Morten Ørn er leiar for politiet i Stor-Bergen. Han seier det ikkje er aktuelt for politiet å avlyse Pride-arrangement i Bergen. Foto: Torjus Sagene / TV 2
AVLYSER IKKJE: Morten Ørn er leiar for politiet i Stor-Bergen. Han seier det ikkje er aktuelt for politiet å avlyse Pride-arrangement i Bergen. Foto: Torjus Sagene / TV 2

Oppmodar til feiring

Ordførar i Bergen, Linn Kristin Engø (Ap), seier ho er rasande for at Redd Barna har sett seg nøydd til å avlyse.

Ho håpar no at bergensarane vil møte mannsterke opp for å vise støtte og solidaritet.

– Eg har stor respekt for at Redd Barna opplever trøkket, trugslane og hatet så stort at dei ikkje ønsker gjennomføre arrangementet. Så må resten av oss møte opp i hopetal på dei andre arrangementene under regnbogedagane, seier Engø.

– Dette handlar om kva samfunn vi ønsker for ungane i byen vår. Bergen skal vere mangfalding og tolerant for dei som veks opp her.

RASANDE: Ordførar i Bergen, Linn Kristin Engø (Ap), seier ho er rasande for at nokon kan rette trugslar mot ein festival for barn. Foto: Elias Engevik / TV 2
RASANDE: Ordførar i Bergen, Linn Kristin Engø (Ap), seier ho er rasande for at nokon kan rette trugslar mot ein festival for barn. Foto: Elias Engevik / TV 2

Viste støtte

Det har vore mange krasse kommentarar retta mot barnefestivalen på facebook-sidene til Redd Barna. Likevel har fleirtalet vore positive der folk viser si støtte.

Fleire har reagerte på dei krasse og negative kommentarane:

«Kommentarfeltet her er noe av det sykeste jeg har sett»

«Fantastisk tiltak! Kommentarfeltet viser tydelig hvorfor pride trengs!»

«Blir skremt av å lese kommentarfeltet og se hvor mange trangsynte, uopplyste og uvitende mennesker som eksisterer blant oss! Den som tenker at Pride handler om sex og pedofili har en lang vei å gå!»

REGNBUEDAGENE: Regnbuedagene i Bergen startar 2. juni. Barnearrangementet som skulle vore søndag er avlyst, men resten ligg an til å gå som planlagt. Foto: Thomas Evensen / TV 2
REGNBUEDAGENE: Regnbuedagene i Bergen startar 2. juni. Barnearrangementet som skulle vore søndag er avlyst, men resten ligg an til å gå som planlagt. Foto: Thomas Evensen / TV 2

Avlyser ikkje kampen

I ei pressemelding torsdag skreiv Redd Barna at dei meiner dei mange meldingane dei har fått i samband med arrangementet, viser at det framleis er viktig å kjempe for «rettighetene til barn som bryter med normer for kjønn og seksualitet».

– Vi er klare over at nokon vil sjå på avlysinga som ein seier, men Redd Barna avlyser ikkje kampen for eit samfunn der alle barn kan vere stolte av sin identitet og vere elska for den dei er, skriv organisasjonen i pressemeldinga.