Fortvilar over kutt i støtte til senter for døyande born

Tre månader før dei første døyande borna skulle flytte inn på barnehospicet, kuttar regjeringa støtta til senteret.

FORTVILA: Natasha Pedersen er dagleg leiar i Foreningen for barnepalliasjon. Ho er fortvila over at regjeringa vil kutte dei øyremerka midla til senteret som etter planen skal opne i januar 2023. Foto: Espen Oscar Olsen / TV 2

Heilt sidan ho sjølv mista dottera si for 12 år sidan, har Natasha Pedersen jobba for å betre tilbodet til born som veit at dei skal døy.Denne veka kunne ho endeleg ta over nøklane til det som skulle bli Noregs første barnehospice, eit senter som skal tilby lindrande behandling og eit omsorgstilbod til alvorleg sjuke born og familiane deira.No står derimot tilbodet i fare, etter at regjeringa har føreslått å kutte alt av øyremerka midlar til norske hospicer.- Det betyr kr