For mange blei draumepåska eit mareritt

Meldingane frå unge som slit rann inn hos både krisetenestene og frivillige eldsjeler.

FRIVILLIG HJELPAR: Ingebjørg Blindheim (25) veit sjølv korleis det er å ha det vanskeleg. i årevis har ho brukt eigen erfaring for å hjelpe andre. Ho har blitt kontakta av mange unge denne påska. Foto: Eva Frimanslund / TV 2

«Eg vil berre dø. Eg klarar ikkje glede meg over noko og eg har ingen å vere med.»Dette er berre ei av meldingane Ingebjørg Blindheim (25) har fått denne påska.Meldinga er dyster, men svært representativ for samtalane ho har med unge på sosiale medium.- Det startar veldig ofte med at dei seier dei berre vil dø, seier Ingebjørg.Men etter kvart som samtalen går, kjem dei som oftast fram til at det er ikkje det vedkommande