STOR RETTSSAK: Tre alvorlege overgrepssaker skal behandlast under same rettsforhandling i Hordaland tingrett. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2
STOR RETTSSAK: Tre alvorlege overgrepssaker skal behandlast under same rettsforhandling i Hordaland tingrett. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2
Skal ha blitt bunden fast og slått

Fem menn nektar for gruppevaldtekt, valdtekt og sex med mindreårig i Bergen

Mennene i 20-åra skal tilhøyre samme miljø og hamna i søkelyset til politiet etter at fleire unge kvinner leverte anmeldelsar.

Januar 2021: Politiet i Bergen sit med tre ulike anmeldelsar på unge bergensmenn som dei byrjar å sjå ein samanheng i.

– To av sakene vart lagt vekk, medan det vart tatt ut tiltale for gruppevaldtekt av ei av kvinnene som leverte anmeldelse, seier statsadvokat Benedicte Hordnes.

Totalt fem menn i 20-åra frå Bergen må møte i tingretten i Bergen måndag. Tre ulike overgrepssaker skal behandlast:

  1. Tre av mennene er tiltalt for gruppevaldtekta av ei kvinne i starten av 20-åra.
  2. Ein av dei, ein 23 år gamal mann, er vidare tiltalt for å hatt sex med ei 15 år gamal jente, saman med ytterlegare to menn.
  3. Ein av dei igjen, ein 25 år gamal mann, er tiltalt for sovevaldtekt av ei tredje kvinne.

Ifølge Hordnes er dei, i ulik grad, vener og bekjente som tilhøyrer det same miljøet.

Totalt fem menn er tiltalt i tre ulike seksuallovbrotsaker, der tre ulike kvinner er fornærma. To av mennene, ein 23-åring og ein 25-åring, går att i to ulike tiltalepostar. Foto: Grafikk: May Husby
Totalt fem menn er tiltalt i tre ulike seksuallovbrotsaker, der tre ulike kvinner er fornærma. To av mennene, ein 23-åring og ein 25-åring, går att i to ulike tiltalepostar. Foto: Grafikk: May Husby

Alle fem nektar straffskuld for det dei er tiltalt for og ynskjer å forklare seg i retten, opplyser forsvararane til TV 2.

– Det er belastande for kvinnene at det nærmar seg rettssak. Men dei vil begge møte og prøve å fortelle om det som skjedde, med dei tiltalte tilstades i rettssalen, seier bistandsadvokat for kvinnene i tiltalepost 1 og 3, Hilde Cecilie Matre.

– Bandt hendene, slo og ropte

Gruppevaldtekta skal ha skjedd på ein fest på nyåret 2021, om natta, heime hjå ein av dei tiltalte i Bergen.

Ifølge påtalemakta har dei tre mennene i fellesskap tvunge kvinna i starten av 20-åra til samleie.

Det skal dei ha gjort ved å binde fast hendene hennar med eit belte, slått ho på kroppen og ropt til henne kva dei krevde ho skulle gjere med dei.

Kvinna kunne ikkje forsvare seg eller motsette seg handlingane, grunna «sterk beruselse, det at de var tre stykker og den nevnte voldsbruk», heiter det i tiltalen.

AKTOR: Statsadvokat Benedicte Hordnes. Foto: Kåre  Breivik / TV2
AKTOR: Statsadvokat Benedicte Hordnes. Foto: Kåre Breivik / TV2

Til TV 2 fortel Hordnes at kvinna raskt politimelde mennene og var på overgrepsmottaket på Bergen legevakt dagen etter festen.

Venninna som henta kvinna på festen og køyrde ho heim er mellom dei som skal vitne under rettssaken.

– Min klient nektar straffskuld og vil forklare seg om dette i retten, seier advokat John Christian Elden, som forsvarar 23-åringen som er tiltalt for gruppevaldtekten og den seksuelle omgangen med den mindreårige jenta.

Sistnemnde forhold skal ha skjedd på ein anna fest i Bergen, i januar 2020. 23-åringen og to andre menn skal «etter tur» ha hatt samleie med ei jente som då var 15 år.

Opprinneleg anmeldte også denne kvinna, som i dag er blitt myndig, ei valdtekt, men den vart lagt vekk av politiet, får TV 2 opplyst.

FORSVARAR: Advokat John Christian Elden forsvarar 23-åringen som er tiltalt for gruppevaldtekt og seksuell omgang med mindreårig. Mannen nektar straffskuld. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2
FORSVARAR: Advokat John Christian Elden forsvarar 23-åringen som er tiltalt for gruppevaldtekt og seksuell omgang med mindreårig. Mannen nektar straffskuld. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

Hengt ut på Instagram – så kom ny anmeldelse

Overgrepssaken har vore omtalt nokre gonger i bergenspressen, noko som også har gitt konsekvensar.

I haust fekk fleire av dei tiltalte namna sine delt av ein kjent person med stor følgerskare på Instagram. Forsvararane reagerte og meinte mennene blei førehandsdømt.

Men spreiinga av namna fekk stor merksemd og «uthenginga» førte til at ei tredje kvinne gjekk til politiet.

Ho politimelde 25-åringen som frå før er tiltalt for den seksuelle omgangen med den mindreårige jenta.

No må han i tillegg svare for ei sovevaldtekt som også skal ha skjedd på ein fest sommaren 2018.

Det har ikkje lukkast TV 2 å få ein kommentar frå mannens forsvarar, Ellen Eikeseth Mjøs. Ho har tidlegare sagt at mannen nektar straffskuld og stiller seg uforståande til det han er anklaga for.

Kallar «overgrepskultur»-påstand for tull

Bistandsadvokat Matre har tidlegare sagt til Bergensavisen at saka er «et sjokkerende innblikk i et miljø i Bergen hvor det har utviklet seg en overgrepskultur».

– Det er tullete sagt. Ingen kultur aksepterer overgrep. Spørsmålet for retten er kva som faktisk skjedde, svarar forsvarsadvokat Elden.

Det er sett av ni dagar i tingretten til behandling av sakene. Maksimalstraff for gruppevoldtekt er 21 år fengsel.