Får ikkje tak i kvalifiserte lærarar: – Svært krevjande

12 av 50 av dei nytilsette lærarane i Sunnfjord kommune har ikkje godkjent lærarutdanning. – Eit nasjonalt problem, meiner Utdanningsforbundet.

UROA: Gunn Marit Haugsbø er rektor på Naustdal Skule i Sunnfjord. Ho er uroa for mangelen på kvalifiserte lærarar i skulen, og meiner det må takast grep. Foto: Frode Hoff / TV 2
UROA: Gunn Marit Haugsbø er rektor på Naustdal Skule i Sunnfjord. Ho er uroa for mangelen på kvalifiserte lærarar i skulen, og meiner det må takast grep. Foto: Frode Hoff / TV 2

I desse dagar blir klasserom over heile landet rydda og gjort klart til å ønske nye og gamle elevar velkommen tilbake etter sommarferien.Men ved Naustdal Skule i Sunnfjord har førebuinga til årets skulestart vore nokså krevjande.Mangelen på kvalifiserte lærarar har gjort det vanskeleg å få kabalen til å gå opp.- Utfordringa er at det er få søkarar til lærarstillingane. Eg har dermed fleire stillingar som ikkje er fylt av kvalifiserte lærarar, seier Gunn Marit Haugsbø.