Incestsaka på Vestlandet:

– Ein heil familie er knust og øydelagd for noko vi ikkje har gjort

Mannen i 50-åra er anklaga for «sadistiske» overgrep mot barna. I retten langa han ut mot barnevernet og politiet.

FORKLARTE SEG: Den tiltalte faren (fremst til venstre) saman med sin forsvarar (kledd i svart). Bak sit den medtiltalte mora og forsvararen hennar. Begge ansikt er anonymisert. Rettsteikning: Ane Hem / TV 2
FORKLARTE SEG: Den tiltalte faren (fremst til venstre) saman med sin forsvarar (kledd i svart). Bak sit den medtiltalte mora og forsvararen hennar. Begge ansikt er anonymisert. Rettsteikning: Ane Hem / TV 2

– Det er heilt ufatteleg. Vi har aldri gjort overgrep. Herregud, sa trebarnsfaren i 50-åra då han torsdag forklarte seg for Hordaland tingrett i Bergen.

Han er saman med ekssambuaren og deira eldste son tiltalt for gjentekne og grove valdtekter av dei to yngste barna i familien.

I ei lang rekke med tilrettelagde avhøyr har barna fortald om svært grove, nokre av dei ekstreme og sadistiske, overgrep som dei skal ha blitt utsett for sidan dei var åtte og tre år gamle.

– Ein heil familie er knust og øydelagd. Det er så mange liv som er øydelagd for noko vi ikkje har gjort, sa mannen til retten.

Dette er incestsaka på Vestlandet

Fire personar i eit nabolag i ein kommune i Vestland fylke er tiltalte for grove valdtekter av barn under 14 år. Dei er også alle tiltalte etter incestparagrafen i straffelova.

Statsadvokat Ellen Cathrine Greve har tidlegare sagt til TV 2 at saka er ei av dei verste overgrepssakene ho har jobba med og at «handlingane som er skildra går langt utover det som er vanleg i overgrepssaker».

Dei tiltalte er eit foreldrepar, deira eldste son og ein nabomann:

- Far i 50-åra

- Mor i 40-åra

- Storebror i 20-åra

- Nabomann i 30-åra

Dei fornærma er den yngste sonen og yngste dottera til foreldreparet og sonen til nabomannen:

- Jente (11) og gut (16), som er barna til foreldreparet og søskena til den tiltalte storebroren

- Gut (10), sonen til nabomannen

Nabomannen er også tiltalt for grove overgrep mot dattera til foreldreparet.

Dei tiltalte risikerer alle 21 års fengsel, men nektar straffskuld og seier overgrepa aldri har skjedd.

Forsvararane meiner det kan vera snakk om falske minner og/eller systemsvikt i barnevernet og politiet slik at barna har blitt påverka til å fortelje om overgrepshandlingane.

Søkte etter «illegal sex» og «pdophiles»

Han er den einaste av dei tiltalte som er varetektsfengsla i forbindelse med saka. Statsadvokaten har varsla at dei vurderer å legge ned påstand om forvaringsstraff.

Bakgrunnen er at mannen gjennom 2019 sona dom for nedlasting av tusenvis av overgrepsbilete- og filmar av barn.

Noko av materialet viste barn heilt ned i 1-årsalderen, innrømma mannen i retten.

– Det var eit forferdeleg svik mot familien, sa han i retten.

NEKTAR: Ein heil familie, samt nabomannen og sonen hans, er dei involverte i saka. Dei tiltalte nektar straffskuld. Dei fornærma barna er i dag tekne hand om av barnevernet. Foto: May Husby / TV 2
NEKTAR: Ein heil familie, samt nabomannen og sonen hans, er dei involverte i saka. Dei tiltalte nektar straffskuld. Dei fornærma barna er i dag tekne hand om av barnevernet. Foto: May Husby / TV 2

Det tok likevel berre få dagar frå mannen slapp ut av fengsel til han gjorde nye internettsøk etter «Pdophiles», «incest-teen», «9+years» og «illegal+sex».

Han flytta også inn igjen i huset med sambuaren og barna.

I retten erkjente han å ha halde på med internettsøka frå desember 2019 og heilt fram til han vart pågripen på nytt i juni 2021.

– Det er fælt. Heilt sjukt, sa mannen.

Men han nektar straffskuld fordi han ikkje var inne på «ulovlege sider».

– Er du pedofil? spurte statsadvokat Ellen Cathrine Greve.

– Nei, det trur eg ikkje, svarte mannen.

UTSPØRJING: Statsadvokat Ellen Cathrine Greve (til venstre) har begynt utspørringa av dei tiltalte. Her saman med bistandsadvokatane Beathe Hamre og Asgeir Ohnstad. Etterforskar frå politiet sit med ryggen til. Foto: Eva Frimanslund / TV 2
UTSPØRJING: Statsadvokat Ellen Cathrine Greve (til venstre) har begynt utspørringa av dei tiltalte. Her saman med bistandsadvokatane Beathe Hamre og Asgeir Ohnstad. Etterforskar frå politiet sit med ryggen til. Foto: Eva Frimanslund / TV 2

Langa ut mot barnevern og politi

Under etterforskinga i 2017 var barna inne til tilrettelagde avhøyr, men nekta den gongen for at noko hadde skjedd med dei.

Då den nye saka vart rulla opp, begynte barna å fortelje. Den tiltalte faren rista på hovudet då han samanfatta det han kallar «perverse og sadistiske» overgrep.

– Sonen min fortel om ufattelege orgier på soverommet vårt. Men vi bur i eit hus som er ufatteleg lytt, sa mannen.

Han og familien budde i ein leilegheit i første etasje, medan foreldra hans budde i ei leilegheit i etasjen over.

– Gjekk dei ned trappene, kunne dei høyre alt.

VARSLA: Saka i vestlandskommunen starta med fleire varsel mot nabomannen til den tiltalte familien. Nabomannen er no tiltalt for valdtekter av dottera deira. Foto: Ole Ebbesen / TV 2
VARSLA: Saka i vestlandskommunen starta med fleire varsel mot nabomannen til den tiltalte familien. Nabomannen er no tiltalt for valdtekter av dottera deira. Foto: Ole Ebbesen / TV 2

Mannen er kritisk til barnevernet og «ufatteleg kritisk» til politiet sitt arbeid.

I retten langa han ut mot namngjevne personar i barnevernet, som han meiner har mistenkt han for overgrep mot eigne barn «frå første dag».

Han meiner einskildpersonar både i politiet og barnevernet har samarbeida og påverka barna.

Han viste også til sakspapir der det kjem fram at ei fostermor følte seg pressa til å få barna til å fortelje.

– Det høyrest absurd ut. Men det har vore intensiv prating med barna. Heilt ufattelege samtalar. Ein eller anna stad har det gått gale. Eg trur ikkje det finst andre barnevernssaker i Noreg der det har vore så mange samtalar med barna før dei tilrettelagde avhøyra, sa mannen.

Dette er tiltalane mot foreldreparet, sonen og naboen

Mannen i 50-åra:

§ 301: Grov valdtekt av barn under 14 år. Skal ha skjedd gjentekne gonger, over fleire år, mot dottera (11 år) og sonen (16 år).

§ 312: Incest

Dyrevelferdsloven § 37: Grov seksuell omgang med hund.

§ 311: Skal ha gjort internettsøk etter overgrepsmateriale med søkeord som «incest-teen», «Pdophiles», «schoolgirl+filmed» og «illegal+sex». Skal også ha filma sonen sin naken.

Kvinna i 40-åra:

§ 301: Grov valdtekt av barn under 14 år. Skal ha skjedd gjentekne gonger, over fleire år, mot dottera (11 år) og sonen (16 år). Også tiltalt for å ha vore til stades under overgrepa til barnefaren utan å gripa inn.

§ 312: Incest

Sonen i 20-åra:

§ 301: Grov valdtekt av barn under 14 år. Skal ha skjedd gjentekne gonger, over fleire år, mot søstera (11 år) og broren (16 år).

§ 313: Søskenincest

Nabomannen i 30-åra:

§ 301: Grov valdtekt av barn under 14 år. Skal ha skjedd gjentekne gonger, mot sin eigen son (10 år) og dottera til dei medtiltalte (11 år). Høvevis frå hausten 2019 og sommaren 2020 og fram til han vart arrestert i november 2020.

§ 312: Incest

§ 311: Skal ha tatt bilete av sonen og nabojenta som viser seksuelle overgrep eller seksualiserer dei.

§ 305: Seksuelt krenkande atferd. Skal ha sagt «jeg er forelsket i deg» til nabojenta og tatt henne med på leiting etter sexleiketøy på soverommet til det medtiltalte foreldreparet.

Meiner svik er motivet

Forsvararane i saka er også kritiske til samtalane barna har hatt med barnevernstilsette og fosterforeldre, før og etter avhøyra med politiet.

I avhøyra fortel barna gradvis om fleire og grovare overgrep dei skal ha blitt utsett for.

Statsadvokaten lurte på kva motiv barna skulle ha for å snakke usant. Då viste barnefaren tilbake til den gongen han blei dømd og fengsla i 2018.

– Sonen min følte på eit stort svik. Og då dottera vår blei tatt ut av heimen i forbindelse med denne saka, fekk han vite av barnevernet at eg hadde søkt på overgrepsbilete igjen.

– Då gjekk han i sjokk. Han frykta nok at eg skulle sjå på slike ting igjen, slik at han mista meg på nytt, sa mannen.

– Og du søkte jo faktisk etter nye overgrepsbilete, då, kommenterte statsadvokaten.

Både fosterforeldre og barnevernstilsette skal vitne i saka neste veke. Ordføraren i den aktuelle kommunen seier til TV 2 at dei ikkje vil kommentere ei pågåande straffesak.

– Kan ha skjedd overgrep

Eit ekstra moment i saka er at også nabomannen i 30-åra er tiltalt for å ha valdteke den no 11 år gamle jenta.

Han forklarte seg for tingretten tysdag og onsdag denne veka. Han nektar for overgrep.

Politiet har ikkje funne bevis for at faren og nabomannen har valdteke jenta i fellesskap, eller samarbeida om overgrepa.

Det skal altså ha skjedd kvar for seg. Dermed blir den tiltalte barnefaren pårørande i saka mot nabomannen.

Statsadvokaten ville difor vite korleis han såg på den saka. Mannen svarte at han ikkje kunne vite sikkert, men at han tenkte sitt etter å ha sett nakenbileta påtalemakta meiner nabomannen har tatt av dottera hans.

– Det seier seg sjølv at det kan ha skjedd overgrep der. Det er eit overgrep i seg sjølv å ta slike bilete.