Eigarar kaster kjæledyr ut i skogen når dei ikkje er ønskja

Med stigande priser på varer i samfunnet opplev ein dyrevernorganisasjonen i Sandnes at donasjonar frå det private uteblir. Likevel er trykket større enn nokon gong frå folk som vil kvitte seg med kjæledyr.

VART REDDA: Denne katten vart heldigvis redda av organisasjonen 2 Save Me i Sandnes. No fryktar dagleg leiar i organisasjonen ein eksplosjon i antallet dyr som vert slengt ut i skog og kratt fordi dei ikkje lenger er ynskja. Foto: Kristian Myhre / TV 2

Som TV 2 tidlegare har fortalt opplev fleire dyrevernorganisasjonar større pågang etter at koronapandemien roa seg.Mange ynskjer no å kvitte seg med kjæledyra dei kjøpte for berre eit par år sidan.Men samtidig som arbeidsmengda er større enn nokon gong, opplev dei same organisasjonane også dårlegare tider økonomisk. Auka prisar på drivstoff, straum og mat gjere at donasjon