Overgrepssakene i Bergen:

– Eg var redd for kva som kunne skje om eg ikkje blei med på det

Den yngste kvinna i overgrepssakene i Bergen forklarte seg retten. Mennene som er tiltalt for å hatt seksuell omgang med henne måtte forlate rettssalen.

I RETTEN: Bistandsadvokat Ingrid Aksnes (t.h.) bistår kvinna som var 15 år då tre menn etter tur skal ha hatt sex med henne. Her saman med statsadvokat Benedicte Hordnes (t.v.) og bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre. Foto: Eva Frimanslund / TV 2
I RETTEN: Bistandsadvokat Ingrid Aksnes (t.h.) bistår kvinna som var 15 år då tre menn etter tur skal ha hatt sex med henne. Her saman med statsadvokat Benedicte Hordnes (t.v.) og bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre. Foto: Eva Frimanslund / TV 2

Rettssaka der fem menn i 20-åra står tiltalt i ulike grove overgrepssaker held fram i Bergen.

Tysdag var turen komen til tiltaleposten som gjeld grov seksuell omgang med eit barn mellom 14 og 16 år.

Tre av mennene er tiltalt for å hatt sex «etter tur» med ei 15 år gamal jente i januar 2020.

Då kvinna, som i dag er blitt myndig, skulle gi si forklaring, måtte alle dei tiltalte mennene forlate rettssalen og følge forklaringa hennar via videolink.

Kvinna hadde med seg ein støtteperson som tok plass ved sida av henne i vitneboksen.

– Det er vanskeleg for meg å hugse det som skjedde. Eg har prøvd å fortrenge det så mykje som mogleg, sa ho om det som skal ha skjedd natt til 26.januar 2020.

Dette er sakene som blir behandla i samme rettssak i Bergen. To av mennene går igjen i to tiltalepostar. Det er totalt tre kvinner som er fornærma i sakene som handler om gruppevoldtekt, grov seksuell omgang med barn og valdtekt.
Dette er sakene som blir behandla i samme rettssak i Bergen. To av mennene går igjen i to tiltalepostar. Det er totalt tre kvinner som er fornærma i sakene som handler om gruppevoldtekt, grov seksuell omgang med barn og valdtekt.

Gjekk i 10.klasse

Opprinneleg politimelde kvinna to av dei no tiltalte mennene for ei valdtekt i desember 2020.

Saka vart lagt vekk, men under etterforskinga kom det fram at ho også i januar same år hadde hatt seksuell omgang med dei to mennene. Då var også ein tredje tiltalt mann med.

På det tidspunktet var jenta 15 år gamal og gjekk i 10.klasse.

– Det var aldri noko snakk om alderen min. Ingen av dei spurde meg om det eller ba om å få sjå ID-kort, sa kvinna.

– Ho sa at ho var 16 år

Ingen av dei tiltalte nektar for å hatt sex med kvinna. Det var ein av mennene som fortalde det til politiet under valdtektsetterforskinga.

Men mennene er mellom anna usamde med påtalemakta om når den seksuelle omgangen skjedde. Det har betydning for om kvinna var over eller under 16 år.

Kva dei visste om alderen hennar blir også eit viktig tema for forsvararane. Dei nektar straffskuld og hevdar kvinna fortalde at ho var 16 år.

Ein av forsvararane viste retten at kvinna oppretta ein Tinder-profil der ho oppgav at ho var 19 år, sjølv om ho var mindreårig. Kvinna fekk også mange spørsmål om fødselsåret hennar stod i bioen på Instagram-profilen hennar på den tida.

– Ho sa at ho var 16 år. Om ho sa det då vi sat i bilen eller i stova, det hugsar eg ikkje, sa 24-åringen då han starta sin forklaring tysdag.

FORSVARAR: John Christian Elden forsvarar 23-åringen som er tiltalt for gruppevaldtekt og seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år. Foto: Eva Frimanslund / TV 2
FORSVARAR: John Christian Elden forsvarar 23-åringen som er tiltalt for gruppevaldtekt og seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år. Foto: Eva Frimanslund / TV 2

– Eg var ukomfortabel

Kvinna fortalde at ho hadde den tiltalte 23-åringen som venn på Snapchat, men at ho verken kjente han eller dei to andre. Den aktuelle natta trengde ho og ein person til skyss.

Dei la ut melding på Snapchat om nokon køyrde. 23-åringen svara.

Då han kom for å hente henne var også dei to andre tiltalte med i bilen, fortalde kvinna.

Då ho ikkje fekk kontakt med guten ho eigentleg skulle på besøk til, gjekk ho med på å bli med heim til 25-åringen for å vente. Ho var edru, medan ho trudde to av mennene hadde drukke litt.

Klokka var blitt 05.00 om morgonen då dei til slutt var inne på eit soverom i leilegheita. Ho la seg i senga med dei andre.

– Eg tenkte eg kunne sove. Eg var kjempetrøtt, det var seint på natta og eg kom meg ingen veg. Eg var ukomfortabel, sa kvinna som fleire gonger i forklaringa si gråtande måtte stoppe for å ta pause.

Ville ikkje ha sex

I senga merka ho at ein av mennene byrja å kle av ho.

Ifølge henne vart det aldri spurt om ho ville ha sex. Ho gav heller ikkje uttrykk for at ho ville ha det.

– Det berre begynte. Eg turte ikkje seie noko. Det var ubehageleg og eg visste ikkje kva eg skulle gjere.

Så forklarte ho om korleis mennene etter tur hadde sex med henne.

– Dei var tre personar mot meg aleine og eg følte meg pressa. Eg var redd for kva som kunne skje om eg ikkje blei med på det.

Ho meiner også at ho blei filma. Blits kom på i rommet og ho trur filmen kan ha blitt sendt til fleire.

FORSVARAR: Advokat Ingvar Frostad forsvarar den tiltalte 24-åringen som tysdag fekk starte sin forklaring i Hordaland tingrett. Foto: Eva Frimanslund / TV 2
FORSVARAR: Advokat Ingvar Frostad forsvarar den tiltalte 24-åringen som tysdag fekk starte sin forklaring i Hordaland tingrett. Foto: Eva Frimanslund / TV 2

Såg ikkje dei andre ha sex

Ein av dei tre tiltalte mennene fekk tysdag starte på sin forklaring til retten. Førstemann i vitneboksen var 24-åringen, som i sakskomplekset kun er tiltalt for seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år.

Han opplyste til retten at han nyleg har hatt hjerneslag og at han difor slit med hukommelsen.

– Eg tar folk på ordet, sa mannen om at kvinna hadde sagt ho var 16 år.

– Gjorde du ingen undersøkingar utover det?, spurde statsadvokat Benedicte Hordnes.

– Eg blei fortald at ho hadde vist legitimasjon til (namn på medtiltalt 23-åring). Difor tok eg det for god fisk, svara mannen.

Han forklarte vidare at han og kvinna begynte å kline inne på soverommet, før dei to saman gjekk inn på badet der dei hadde sex.

– Det var noko ho ønska. Eg har ikkje sett eller fått med meg at dei to andre også hadde sex med henne.

SPREIDD: Videoar frå rettssalen og namn på dei tiltalte er blitt lagt ut på sosiale medium som TikTok. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2
SPREIDD: Videoar frå rettssalen og namn på dei tiltalte er blitt lagt ut på sosiale medium som TikTok. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

– Du trenger ikkje dra den

Då han blei arrestert av politiet i mars 2021, blei han forbanna, fortalde han i retten.

Også i retten vart han tidvis irritert og sukka høgt då aktor pressa han på ulike spørsmål, til dømes om korleis han forsikrar seg om at unge jenter vil vere med på trekantar og firkantar som han og kompisane har gjennomført «fleire gonger».

– Eg skjønar jo at ein ikkje skal utnytte unge jenter, så du treng ikkje dra den, sa han i retning statsadvokaten på slutten av ei ordveksling.

Retten tek no pause fram til onsdag 24.mai. Då held forklaringen til 24-åringen fram, samt forklaringane til dei to andre tiltalte.

Lukka dører for publikum

Grunna spredning av videoar og namn på både tiltalte og fornærma i sosiale medium, ba statsadvokat Benedicte Hordnes måndag om lukka dører for publikum og fekk medhold i det.

Etter fleire dagar med avbrytelsar av saken i førre veke, toppa det seg då bergensartisten Kamelen i helga la ut ein video på Instagram der han harselerte med ein av dei tiltalte inne på ein kiosk i Bergen.

Forsvararen til den tiltalte har meldt bergensrapparen til politiet.