Incestsaken på Vestlandet

– Eg sparka han i magen fordi eg ikkje likte det

Jenta fortel i avhøyr at ho kjempa tilbake mot den valdtektstiltalte nabomannen. – Men han stoppa ikkje.

VIDEO: Avhøyra av jenta, som den gangen var åtte år gamal, blir spelt av på storskjerm i retten. Rettsteikning: Ane Hem / TV 2
VIDEO: Avhøyra av jenta, som den gangen var åtte år gamal, blir spelt av på storskjerm i retten. Rettsteikning: Ane Hem / TV 2

Påtalemakta meiner jenta (no 11) gjennom fleire år er blitt utsett for grove valdtekter av sine foreldre, sin eldste bror og ein anna mann i nabolaget.

Også den yngste broren hennar (16) og sonen (10) til naboen er fornærma i den svært grove incestsaka som går for Hordaland tingrett denne hausten.

Dei fire tiltalte nektar straffskuld og meiner barna anten er påverka til å snakke usant i avhøyr eller har falske minner.

NABOAR: Ein heil familie, samt nabomannen og sonen hans, er dei involverte i saka. Dei fornærma barna er i dag tekne hand om av barnevernet. Foto: May Husby / TV 2
NABOAR: Ein heil familie, samt nabomannen og sonen hans, er dei involverte i saka. Dei fornærma barna er i dag tekne hand om av barnevernet. Foto: May Husby / TV 2 Foto: May Husby / TV 2

«Eg sa stopp, men han stoppa ikkje»

Det skal spelast av 51 timar med tilrettelagde avhøyr av dei tre barna i retten.

Avspelinga starta tysdag med avhøyra av den då åtte år gamle jenta, frå november 2020.

I det første avhøyret forklarer ho seg ikkje om overgrep. I det andre avhøyret to månadar seinare, fortel ho om ei valdtekt ho skal ha blitt utsett for av nabomannen.

Forklaringane om overgrepshandlingane eskalerer etter kvart som ho opnar seg for politietterforskaren på Barnehuset i Bergen.

– Han gjorde andre ting også, seier jenta før ho fortel kva ho har opplevd.

– Eg prøvde å seie stopp, men han stoppa ikkje. Eg likte det ikkje.

NEKTAR STRAFFSKULD: Naboen i 30-åra (til venstre) saman med sin forsvarar Kai-Inge Gavle i retten. Rettsteikning: Ane Hem / TV 2
NEKTAR STRAFFSKULD: Naboen i 30-åra (til venstre) saman med sin forsvarar Kai-Inge Gavle i retten. Rettsteikning: Ane Hem / TV 2

Prøvde å sparke mannen

Ifølge ho var det nabomannen «som bestemte», og dei ulike overgrepshandlingane skjedde ifølge ho «fleire gonger».

Overgrepa tok ikkje slutt før han bestemte det.

I forklaringa om ei anna grov valdtekt, kom det fram at jenta kjempa i mot med fleire middel for å stogge nabomannen.

– Eg sparka han vekk. Eg sparka han i magen. Han sa «det gjer du ikkje». Han fortsette sjølv om eg sparka han, sa jenta.

Ho fortalde også, på spørsmål frå politietterforskaren, at nabomannen hadde sagt han var forelska i henne.

I det femte avhøyret, tatt i april 2021, kjem også historiene hennar om at sonen til nabomannen også måtte gjere «sex-ting».

Dette seier dei tiltalte om skuldingane

Advokat Jan Henrik Høines forsvarar mannen i 50-åra:

– Det har ikkje skjedd. Han kan ikkje forstå det som barna skildrar i forklaringane. Han er usikker på om det er deira fantasi eller om det er andre som har påverka dei.

– Han har også tillit til sambuaren og den eldste sonen sine forklaringar om at dei nektar for å ha gjort dette mot barna.

– Han har vore i varetekt sidan sommaren 2021. Det har vore ei enorm belastning for han å vere fengsla i ei sak han meiner ikkje har rot i verkelegheita.

Advokat Astrid Aksnes forsvarar kvinna i 40-åra:

– Ho nektar straffskuld, og saka er ei enorm påkjenning for henne. Ho kjenner seg overhovudet ikkje att i det barna fortel i avhøyra, verken det som gjeld ho eller det som gjeld barnefaren. Ho spør seg korleis barn kan fortelle om ting som ikkje har skjedd.

Advokat Alexander Gonzalo Sele forsvarar den eldste sonen i 20-åra:

– Han nektar for å ha gjort dette og ønskjer å forklare seg i retten.

Advokat Kai-Inge Gavle forsvarar nabomannen i 30-åra:

– Han har ikkje erkjent straffskuld og kjem heller ikkje til å gjere det i retten. Han ser fram til å kunne forklare seg i retten om at han aldri har gjort noko gale mot barn.

– Har søkt stadfesting

Alle avhøyra som er spelt av til no, sett bort frå det første, er kome i stand fordi politiet er blitt varsla om at jenta har fortald om nabomannen til omplasseringsfamilien ho er komen til.

Ofte seier også jenta at ho «ikkje hugsar heilt». Politietterforskaren går tidvis inn og minner henne litt på kva ho skal ha sagt til andre.

Då kjem detaljane frå jenta, som både brukar ord, teikning og hendene for å vise kva ho har blitt utsett for.

I det femte avhøyret har jenta også med seg ei bok som ho kallar for «huskelista si».

NABOLAG: Dei to involverte familiane i saka bur i same nabolag i ein vestlandskommune. Foto: Ole Ebbesen / TV 2
NABOLAG: Dei to involverte familiane i saka bur i same nabolag i ein vestlandskommune. Foto: Ole Ebbesen / TV 2

Det er mellom anna slike ting forsvararen til nabomannen er særleg kritisk til i avhøyra.

– Barna har hatt samtalar med veldig mange ulike personar. Det er klart slike ting påverkar. Måten dette er gjort på, har svekka og øydelagd bevisverdien til avhøyra. Dette er ei sak der ein har søkt etter å få stadfesting på skuldingane, har forsvarar Kai-Inge Gavle tidlegare sagt til TV 2.

Fagspesialist i tilrettelagde avhøyr, Tone Davik i Kripos, parerte tysdag med at det som oftast er eit større problem at barn ikkje vil fortelje, enn at det dei fortel ikkje er sant.

– Barn er ikkje så lett påverkelege når det kjem til slike opplevingar. Dei er meir motstandsdyktige for påverknad når det kjem til vald og seksuelle overgrep, sa Davik då ho vitna for retten.

ADVOKAT: Kai-Inge Gavle forsvarar den tiltalte nabomannen i 30-åra. Foto: Eva Frimanslund / TV 2
ADVOKAT: Kai-Inge Gavle forsvarar den tiltalte nabomannen i 30-åra. Foto: Eva Frimanslund / TV 2

– Seksualiserte bilete på telefonen

Nabomannen nektar for alle overgrepshandlingane som nabojenta og sonen fortel om i dei tilrettelagde avhøyra.

Påtalemakta meiner likevel dei også har fysiske bevis mot mannen. På mobiltelefonane hans vart det funne bilete som dei meiner viser seksuelle overgrep mot barna.

I avhøyr fortel jenta om kva ho måtte gjera medan mannen tok bileta «med sin mobiltelefon».

– Han nektar å ha teke desse bileta og forklarer at barna har fått disponere telefonen hans. Han sletta bileta då han oppdaga dei, men forklarte politiet kva dei kom til å finne då han vart arrestert, har forsvararen sagt til TV 2.

Dette er tiltalane mot foreldreparet, sonen og naboen

Mannen i 50-åra:

§ 301: Grov valdtekt av barn under 14 år. Skal ha skjedd gjentekne gonger, over fleire år, mot dottera (11 år) og sonen (16 år).

§ 312: Incest

Dyrevelferdsloven § 37: Grov seksuell omgang med hund.

§ 311: Skal ha gjort internettsøk etter overgrepsmateriale med søkeord som «incest-teen», «Pdophiles», «schoolgirl+filmed» og «illegal+sex». Skal også ha filma sonen sin naken.

Kvinna i 40-åra:

§ 301: Grov valdtekt av barn under 14 år. Skal ha skjedd gjentekne gonger, over fleire år, mot dottera (11 år) og sonen (16 år). Også tiltalt for å ha vore til stades under overgrepa til barnefaren utan å gripa inn.

§ 312: Incest

Sonen i 20-åra:

§ 301: Grov valdtekt av barn under 14 år. Skal ha skjedd gjentekne gonger, over fleire år, mot søstera (11 år) og broren (16 år).

§ 313: Søskenincest

Nabomannen i 30-åra:

§ 301: Grov valdtekt av barn under 14 år. Skal ha skjedd gjentekne gonger, mot sin eigen son (10 år) og dottera til dei medtiltalte (11 år). Høvevis frå hausten 2019 og sommaren 2020 og fram til han vart arrestert i november 2020.

§ 312: Incest

§ 311: Skal ha tatt bilete av sonen og nabojenta som viser seksuelle overgrep eller seksualiserer dei.

§ 305: Seksuelt krenkande atferd. Skal ha sagt «jeg er forelsket i deg» til nabojenta og tatt henne med på leiting etter sexleiketøy på soverommet til det medtiltalte foreldreparet.

Tiltalt følgjer ikkje avspelinga

I retten sit dei tiltalte på to benkerader saman med forsvararane sine.

Fremst sit den tiltalte faren i 50-åra og nabomannen i 30-åra.

TO RADER: Dei tiltalte sit ved sidan av forsvararane (i svart). Tiltalt far (t.v) og tiltalt nabo fremst, tiltalt mor og storebror bak. Rettsteikning: Ane Hem / TV 2
TO RADER: Dei tiltalte sit ved sidan av forsvararane (i svart). Tiltalt far (t.v) og tiltalt nabo fremst, tiltalt mor og storebror bak. Rettsteikning: Ane Hem / TV 2

Då jenta fortel om overgrepa naboen skal ha utsett henne for, sit den tiltalte mannen vendt med ryggen til faren til jenta.

Sjølv tek faren seg til ansiktet med hendene fleire gonger.

På benkeraden bak sit den tiltalte mora i 40-åra og hennar eldste son i 20-åra. Men kvinna klarte ikkje følge avspelingane av avhøyra tysdag.

Heller ikkje i dag var ho på plass i retten.