
– Dramatisk for elevane
Rektor Nita Løvestad reagerer på at sårbare born må eksponere seg i media for å få slutt på streiken. – Eit paradoks.
Rektor Nita Løvestad les medieoppslaga om streiken med stor uro.
Fleire av hennar elevar har stilt opp i media, for å fortelje om korleis dei opplever situasjonen.
Blant dei, er 12 år gamle Embla, som sit heime i sorg etter å ha mista faren, og som saknar rutinane ved å gå på skulen.
Ho er blant mange som håpar at streiken snart er over, slik at ho kan ta tilbake kvardagen.

– Eit paradoks
Løvestad er rektor på Gimle oppveksttun, der Embla nett er byrja som ny elev. Ho reagerer sterkt på det elevane hennar fortel.
– I eit land der barns rettar står så sterkt, så er det eit paradoks at sårbare barn og unge må eksponere seg i media for å få vaksne folk til å snakke saman, seier Nita Løvestad.
Ho meiner situasjonen har gått for langt.
– Sårbare elevar betalar ein høg pris for ein konflikt som kunne vore avverga før han starta. Dette er alvorleg og dramatisk for elevane. No må streiken avsluttast og partane må kome saman.

– Sviktar ein generasjon
På måndag blir streiken trappa opp nok ein gong, og over 8000 lærarar vil vere tatt ut i streik. 128.000 elevar fordelt på 24 kommunar vil stå heilt eller delvis utan eit fullverdig undervisningstilbod, og no blir også barneskulane ramma.
No har mange foreldre fått nok.
– Eg veit at kampen for ein god skule er viktig, kvar bidige dag. Men det er eit elendig tidspunkt for ein streik. Det passar aldri å streike, men timinga no er ekstra dårleg etter to år med pandemi, seier Hilde Sandvik.

Sandvik er journalist, forfattar og mor til ein streikeramma elev. Ho reagerer på at lærarane går ut i streik når mange elevar allereie har det tungt etter ein lang og krevjande pandemi.
– Nok ein gong blir denne generasjon rett og slett svikta. Dei blei først svikta på grunn av covid og skulenedstenging, og no blir dei ofra i ein streik for framtidas barn. Det er nokså bittert for samtidas barn, seier Sandvik.
Ho er uroa for at streikeuttaket rammar elevar så skeivt.
– Dette utfordrar framtida til ganske mange elevar, som skal konkurrere med elevar som har fått undervisning heile vegen.
Håpar eksamen blir avlyst
18 år gamle Edi Galane går tredje året på Bergen Katedralskole, som har vore ramma av streik sidan skulestart.
Han har berre nokre få timar undervisning i veka, og er allereie no uroa for korleis streiken skal gå utover karakterane.

Han håpar eksamen skal bli avlyst, for at alle elevar skal få ei rettferdig vurdering.
– Eksamen blei avlyst på grunn av pandemien, og eg synest dei bør avlyse no også. Me har mista ti prosent av skuleåret, mens elevar andre stadar har fått meir undervisning. Det skapar skilnadar, seier avgangseleven.
– Ein viktig streik
Willem von Erpecom er lektor og streikeleiar for Norsk Lektorlag på Bergen Katedralskole. No står han for det meste streikevakt utanfor skulen. Også han håpar streiken snart er over, men seier det er opp til KS.
– Me føler på ansvaret me har. Eg er veldig lei meg for at dette går utover elevane, og eg tenkjer på det kvar dag.

Han er likevel ikkje einig i kritikken mot at lærarane no streika.
– Det står dårleg til med norsk skule. Alle snakkar om at dei vil ha ein god skule, men ingen vil betale for det. Det må takast grep, ellers vil skulen berre bli dårlegare og dårlegare, og til slutt vil det berre bli ein stad der elevar blir oppbevart, seier læraren.
Difor meiner han det er riktig å gå til streik.
– Dette er ein viktig streik, og viss lærarane skal ha streikerett i det heile, så må me streike no.
