Dømd for vald mot foreldra og drap på hund og katt

Gjekk til åtak på foreldra og knivstakk hund i rusutløyst psykose.

DOM: Mann i 30-åra dømd for brot på både straffelova og dyrevelferdslova i Hordaland tingrett i Bergen. Foto: Frode Hoff / TV 2
DOM: Mann i 30-åra dømd for brot på både straffelova og dyrevelferdslova i Hordaland tingrett i Bergen. Foto: Frode Hoff / TV 2

Mannen i 30-åra er dømd til fengsel i eitt år og tre månadar i Hordaland tingrett.

Retten har diskutert om mannen skulle overførast til tvungent psykisk helsevern, men meiner psykosen var rusutløyst og at han difor kan dømmast til fengselsstraff.

Dei alvorlege lovbrota skjedde på mannen sin gård i ein kommune i Vestland fylke i fjor sommar.

No er han mellom anna dømd for å ha:

  • Slått sin far i hovudet, tatt kvelertak på han og bitt han i nasen.
  • Slengt mora i golvet og sparka ho i ansiktet.
  • Truga begge foreldra med kniv og hindra dei i å reise frå gården.
  • Utøvd så grov vold mot tre hundar og ein katt slik at kjæledyra døde.

Knivdrepte hund og drukna katt

Den eine hunden døde etter å ha blitt knivstukke fem gonger. Dei to andre hundane vart kasta ned i ein brønn.

Katten vart først putta ned i toalettet, før han la den i vaskemaskina og skrudde på.

«Retten mener det er utvilsomt at tiltalte påførte samtlige dyr stor lidelse og smerte, og det over lengre tid», slår dommarane fast.

Om trugsmåla mot foreldra meiner dommarane at dei var utvilsomt eigna til å «framkalle alvorlig frykt».

Mannen erkjente straffskuld for alle tiltalepunkta då saka gjekk for retten tidlegare i mars.

Nekta foreldra å reise

Foreldra forklarte i retten at dei hadde blitt ringt av sonen, som fortalde at han trengde hjelp til å finne ut kva som var gale med han eller hundane hans.

I den rusutløyste psykosen skal mannen etterkvart ha trudd at dei var ute etter han og «gjøre det vanskelig for ham».

Etter valden mot foreldra måtte dei sitte i sofaen, medan sonen «viftet med en kniv foran foreldre, samtidig som han uttalte at han visste at han kom i fengsel dersom han drepte dem».

Då mora sprang mot bilen for komme seg vekk, knuste mannen både frontruta og sideruta på bilen. Først etter rundt 2,5 time kom foreldra seg vekk frå gården slik at dei kunne ringe politiet.

Sonen deira vart pågripen samme natt.

I retten fortalde den dømde om at han har hatt rusproblem i mange år. Våren 2022 brukte han så mykje amfetamin at han «ikke skulle vært i live», fortalde han retten.