SJEKK: Dei første skattemeldingane blir rulla ut frå tysdag 14. mars. Då er det viktig å sjekke at opplysningane stemmer. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
SJEKK: Dei første skattemeldingane blir rulla ut frå tysdag 14. mars. Då er det viktig å sjekke at opplysningane stemmer. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
No kjem skattemeldinga

Dette må du sjekke

Prisvekst og inflasjon kan også ha fått innverknad på skattemeldinga di. I år er det difor ekstra viktig at du passar på.

I desse dagar er det mange som ventar spent på at skattemeldinga skal tikke inn innboksen.

For å vere sikker på at du ikkje betalar for mykje i skatt, er det viktig at du sjekkar at opplysningane i skattemeldinga er riktige.

– Står det feil i skattemeldinga kan du i verste fall måtte betale meir skatt enn det du eigentleg skal, eller bli sanksjonert mot feil i ettertid, seier forbrukerøkonom Thea Olsen i Danske Bank.

DITT ANSVAR: Thea Olsen, forbrukerøkonom Danske Bank, seier det er ditt ansvar å passe på at det som står i skattemeldinga er riktig. Foto: Martin Berg Isaksen / TV 2
DITT ANSVAR: Thea Olsen, forbrukerøkonom Danske Bank, seier det er ditt ansvar å passe på at det som står i skattemeldinga er riktig. Foto: Martin Berg Isaksen / TV 2

Ekstra viktig i år

I fjor fekk rundt 2,7 millionar skattebetalarar igjen pengar på skatten, medan om lag 1 million fekk baksmell.

I år er det ifølge ekspertane ekstra viktig at du tar ein grundig titt på skattemeldinga.

Krig, høg inflasjon og stigande rente har ført til høge matvareprisar, dyr straum og dyr drivstoff.

HØGE PRISAR: 2022 var eit turbulent år, prega av krig, høg inflasjon og stigande renter, som igjen førte til dyr straum og høge prisar på drivstoff. Foto: Andreas Molland / TV 2
HØGE PRISAR: 2022 var eit turbulent år, prega av krig, høg inflasjon og stigande renter, som igjen førte til dyr straum og høge prisar på drivstoff. Foto: Andreas Molland / TV 2

Christine Bentzen, spareøkonom i Sbanken, seier at alle endringar i privatøkonomien kan påverke skatteoppgjeret.

– Dersom den auka renta og høgare prisar gir endring i privatøkonomien din, vil det også påverke skatteoppgjeret ditt, seier Bentzen.

– Har du til dømes bytta bustad eller endra inntekt i løpet av 2022, er det spesielt viktig å kontrollere at opplysningane som står i skattemeldinga er korrekte, samt å justere skattekortet for 2023.

VIKTIG: Spareøkonom Christine Bentzen i Sbanken seier det er spesielt viktig å sjekke skattemeldinga i år dersom du har hatt store endringar i privatøkonomien. Foto: Sbanken
VIKTIG: Spareøkonom Christine Bentzen i Sbanken seier det er spesielt viktig å sjekke skattemeldinga i år dersom du har hatt store endringar i privatøkonomien. Foto: Sbanken

Fem ting du må passe på

Thea Olsen i Danskebank seier mange framleis ser på skattemeldinga som noko som er komplisert og overveldande.

Ho rådar difor folk til å vere tidleg ute med å sjekke at informasjonen stemmer, slik at du har tid til å be om hjelp når noko er uklart.

Her får du hennar tips til kva som er viktig å sjekke:

1. Kontaktopplysningar

Det første du må gjere når du får skattemeldinga, er å sjekke at kontaktopplysningane og kontonummer er riktig.

2. Inntekt

Sjekk at løn og eventuell formue er korrekt. Du mottar løns- og trekkoppgåve frå arbeidsgjevar. Samanlikn denne med det som står i skattemeldinga.

UNNGÅ STRAFFESKATT: Det er ditt ansvar å sjekke at opplysningane i skattemeldinga er riktige. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
UNNGÅ STRAFFESKATT: Det er ditt ansvar å sjekke at opplysningane i skattemeldinga er riktige. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

3. Lån

Dersom du delar lånet med ein annan, må du passe på at lånet er fordelt riktig mellom dykk, slik at rentefrådraget blir riktig fordelt.

4. Frådrag

Undersøk at du har fått dei frådraga du har krav på. Frådragsrettleiaren på Skattemeldingen gir deg ei god oversikt over dei mest vanlege utgiftene du kan trekke frå.

Dette kan vere til dømes renter på lån, reisefrådrag i samband med jobb eller foreldrefrådrag.

5. Øvrig informasjon

Merk og at utleige av bustad, private lån, skattepliktig sal og pensjonsfradrag er forhold som skatteetaten veit lite om, og er forhold du sjølv må opplyse om.

– Dersom du til dømes leiger ut ein sekundærbustad som er skattepliktig, må du hugse å frådragsføre alle kostnadar, seier Olsen.

SKATTEMELDING: Frå tysdag 14. mars blir dei første skattemeldingane rulla ut. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
SKATTEMELDING: Frå tysdag 14. mars blir dei første skattemeldingane rulla ut. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Dette skjer om du ikkje leverer

Skattemeldinga for personlege skattebetalarar blir sendt ut frå og med 14. mars og utover til 31. mars.

I år er fristen til å sende inn skattemeldinga 2. mai.

– Dersom du ikkje har foretatt deg noko innan fristen, blir skattemeldinga rekna for levert, seier Per Ole Hegdahl, leiar for skatteadvokatane i Danske Bank.

Etter fristen er gått ut byrjar skatteetaten sin kontroll. Dersom dei finn feil eller manglar, kan du få tilleggsskatt, eller det som på folkemunne blir kalla straffeskatt.

– Tilleggsskatten kan bli opptil 60 prosent av unndratt skatt. I praksis kan feil i skattemeldinga gi sanksjonar på mange tusen kroner, seier Hegdahl.

SJEKK GRUNDIG: Per-Ole Hegdahl er leiar for skatteadvokatane i Danske Bank. Han seier feil i skattemeldinga kan føre til at du må betale straffeskatt. Foto: Goran Jorganovich / TV 2
SJEKK GRUNDIG: Per-Ole Hegdahl er leiar for skatteadvokatane i Danske Bank. Han seier feil i skattemeldinga kan føre til at du må betale straffeskatt. Foto: Goran Jorganovich / TV 2

Åtvarar mot tvungen sparing

Det er nok mange som kjenner seg freista til å justere på skattekortet slik at dei blir trekt for mykje i skatt gjennom heile året, og på den måten sikre at dei får igjen pengar på skatten.

Økonomane vil likevel åtvare mot denne forma for tvungen sparing.

– Sjølv om det er kjekt å få igjen pengar på skatten, er det diverre ikkje lønsamt, seier Berntzen.

I løpet av dei neste dagane blir skattemeldinga sendt ut. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
I løpet av dei neste dagane blir skattemeldinga sendt ut. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Ho forklarar det med at det sjeldan er smart å velge å betale ekstra skatt kvar månad, fordi pengane blir «spart» for deg utan noko rente.

– Det betyr at du får ikkje noko avkasting på pengane i denne perioden.

Ho seier det er lurt å sjå etter alternative sparemetodar.

– Fondssparing er eit godt alternativ til sparing på bankonto. Dersom du tenker å spare i meir enn fem år, er aksjefond eit godt alternativ.