Reagerer på matteoppgåve:

– Dette burde ikkje vere tema på eksamen

Elevar fekk i oppgåve å rekne kaloriar på eksamen. Det skapte sterke reaksjonar.

Trening, kaloritelling og sjokolade er nøkkelorda i ei matteoppgåve som har fått fleire til å reagere.

EKSAMEN: Denne oppgåva fekk elevar på VG1 på eksamen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
EKSAMEN: Denne oppgåva fekk elevar på VG1 på eksamen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Eg kjenner fleire som ville blitt trigga av denne oppgåva, seier 16 år gamle Emma Cruickshanks, elev ved Amalie Skram VGS i Bergen.

Klassevenninna Lilly Fjeldsbø nikkar einig.

– Dette handlar jo på ein måte om eteforstyrringar. Eg synest ikkje dette burde vere tema på eksamen.

– KAN TRIGGE: Lilly (t.v) og Emma synest ikkje noko om eksamensoppgåva. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
– KAN TRIGGE: Lilly (t.v) og Emma synest ikkje noko om eksamensoppgåva. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Kroppspress

Oppgåva handlar om ei jente som mellom anna lurer på kor lenge ho må springe for å forbrenne ein 60 grams sjokolade.

Oppgåva har skapt debatt, og Utdanningsdirektoratet har sidan beklaga at oppgåva blei gitt.

Elevane TV 2 møter på Amalie Skram VGS er ganske samstemte - dei meiner dette tema ikkje har noko i ei eksamensoppgåve å gjere.

– Det er sjukt at kroppspresset til og med kjem inn i matte, seier 17 år gamle Trygve Vangen.

– SJUKT: Trygve Vangen trur oppgåva kan bidra til kropspress. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
– SJUKT: Trygve Vangen trur oppgåva kan bidra til kropspress. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Skapar debatt

Det er ikkje berre elevane som har reagert.

– Eg trur at dei som lagde denne oppgåva har tenkt dei skal vere kul og hip, seier Ingrunn Helland, som er lektor ved Os VGS.

– Det har dei klart, men dette blir heilt feil fokus.

I ei tid der tilfella av eteforstyrringar har auka kraftig, meiner læraren at ei slik oppgåve er svært uheldig.

– Skulen treng ikkje vere med på å opphause kroppshysteriet, i alle fall ikkje under ein eksamen, seier Helland til TV 2.

Ho tok pennen fatt, og skreiv eit debattinnlegg i Bergens Tidende, der ho oppmoda til å «stoppe galskapen før han når elevane».

REAGERER: Lektor Ingunn Helland meiner det er viktig at ungdom lærer om ernæring og kosthald, men meiner kaloritelling ikkje har noko i ein eksamenssituasjon å gjere. Foto: Privat
REAGERER: Lektor Ingunn Helland meiner det er viktig at ungdom lærer om ernæring og kosthald, men meiner kaloritelling ikkje har noko i ein eksamenssituasjon å gjere. Foto: Privat

Sidan har oppgåva blitt ein snakkis både i lærarmiljøet og på sosiale medium.

I ei Facebook-gruppe har fleire lærarar diskutert om ei slik oppgåve er innanfor i 2022.

Nokre meiner ei slik oppgåve ikkje høyrer heime i dagens skule.

– Ein skulle tru oppgåva var formulert på 90-talet, skriv ein lærar.

Andre meiner oppgåva tar opp nyttig og viktig kunnskap om kosthald og ernæring, i ei tid der mange også slit med overvekt.

– Eit rasjonelt forhold til kaloriar inn og ut er den einaste måten å kontrollere vekta på, skriv ein lærar.

– Elevar med eit anstrengt forhold til mat kan jo ha positiv og førebyggende nytte av ein så direkte anvending av kunnskap? spør ein annan.

Uheldig

Ernæringsfysiolog Pia Sætre meiner oppgåva er problematisk.

Ho har jobba med personar med slit med eteforstyrring, og trur det er mange som ville blitt påverka av ei slik oppgåve.

– Førekomsten av eteforstyrringar aukar. Då tenker eg det er viktig å ikkje lage eksamensoppgåver som kan vere triggande.

SKEPTISK: Ernæringsfysiolog Pia Sætre meiner oppgåva ikkje burde ha fokus på kaloritelling. Foto: Privat
SKEPTISK: Ernæringsfysiolog Pia Sætre meiner oppgåva ikkje burde ha fokus på kaloritelling. Foto: Privat

Sjølv om ho meiner det er viktig at ungdommane lærer om helse og ernæring, meiner ho oppgåva sender eit feil signal.

Ho er redd slike formuleringar vil bidra til å skape eit meir usunt forhold til mat og trening.

– Dette blir heilt feil fokus. Du skal trene fordi det er bra for deg, ikkje for å forbrenne maten du har ete.

Udir beklagar

Utdanningsdirektoratet, som har ansvaret for oppgåva, seier dei er heilt einige i kritikken som har hagla mot oppgåva siste tida.

Dei har difor beklaga at oppgåve blei gitt, og seier dei skal sørge for at dette ikkje skjer igjen.

– Eksamen skal ikkje vere ein arena som bidrar til at unge får eit usunt forhold til mat og trening. Eksamen skal gi elevar moglegheit til å vise kva dei kan i eit fag, og me skal bli betre på å sikre at oppgåvene gjer nettopp det, skriv Per Kristian Larsen-Evjen, avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet i ein epost til TV 2.

FOR DÅRLIG: Elevrådsleiar ved Amalie Skram VGS, Jenny Elvine Sandvik Brekke, meiner nokon burde stoppa eksamensoppgåva, før ho blei gitt til elevane. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
FOR DÅRLIG: Elevrådsleiar ved Amalie Skram VGS, Jenny Elvine Sandvik Brekke, meiner nokon burde stoppa eksamensoppgåva, før ho blei gitt til elevane. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Skulle ikkje vore gitt

Jenny Elvine Sandvik Brekke er elevrådsleiar ved Amalie Skram VGS.

Ho meiner nokon burde plukka opp eksamensoppgåva og stoppa ho før ho blei gitt til elevane.

– Eg synest dette er veldig useriøst, og eg synest ikkje det er overfølsomt å reagere på det. Dette er eit sårt punkt for veldig mange.

Det meiner også medelev Hermine Garmann (17).

– Dette er eit tema alle bør ha kunnskap om, men eg synest det blei framstilt meir som eit problem i denne oppgåva, og det synest eg blir feil.

– FEIL: Både Hermine Garmanm (t.v.), Trygve Vangen (midten) og Søren Mellbye Mohn (t.h.) meiner oppgåva var unødvendig når TV 2 møter dei i lunsjen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
– FEIL: Både Hermine Garmanm (t.v.), Trygve Vangen (midten) og Søren Mellbye Mohn (t.h.) meiner oppgåva var unødvendig når TV 2 møter dei i lunsjen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2