KUTT: Regjeringa kuttar i drivstoffavgifta frå nyttår. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
KUTT: Regjeringa kuttar i drivstoffavgifta frå nyttår. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Dette betyr kutt i drivstoffavgifta for lommeboka

Regjeringa kuttar i drivstoffavgifta frå nyttår. – Småpengar, seier økonom.

Torsdag kunngjorde regjeringa at dei vil kutte i drivstoffavgifta frå nyttår av.

– Reduserte drivstoffavgifter bidrar til å gjere kvardagen litt enklare for hushaldningar og næringsliv, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

FÅR KRITIKK: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) får kritikk for å villeie folk når han presenterer kuttet i drivstoffavgiftene. Foto: Erlend A. Sørbø / TV 2
FÅR KRITIKK: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) får kritikk for å villeie folk når han presenterer kuttet i drivstoffavgiftene. Foto: Erlend A. Sørbø / TV 2

Vil hjelpe folk flest

Mange hushaldningar har fått merke kostnadsauken på lommeboka det siste året. Høge straumprisar, renteheving og høge drivstoffprisar gjer at folk får mindre å rutte med.

Regjeringa meiner at kuttet i drivstoffavgifta er ein direkte oppfølging av regjeringens avgiftspolitikk, som har som mål å kutte i avgiftene som rammar folk flest.

Regjeringa seier i dag at drivstoffavgiftene i vegtrafikken blir redusert for folk flest med 600 millionar kroner.

Fjernar drivstoffavgift

  • Vegbruksavgifta på drivstoff blir redusert med samla 1,88 milliardar kroner. Høgare C02-avgift i vegtrafikken aukar staten sine inntekter med 1,26 milliardar kroner. Netto avgiftsreduksjon er i overkant av 600 millionar kroner.
  • Når avgiftsletta på mineralolje er rekna inn, er den totale reduseringen på ca 2,2 milliardar kroner, etter at auken i CO2-avgifter er medrekna.
  • Samstundes aukar regjeringa omsetnadskravet for biodrivstoff i vegtrafikken frå 15,5 til 17 prosent.

Liten innverknad

– Det er jo småpengar, seier professor Frode Steen ved NHH.

Men alle monner drar, og økonomen seier at den vanlege bilist i gata vil kunne merke avgiftskuttet, litt.

– Dersom du fyller 40 liter, vil det utgjere ein stad mellom 20 og 30 kroner, seier Steen.

SMÅPENGAR: Frode Steen er professor ved Norges Handelshøgskole. Han seier forbrukarane truleg vil merke avgiftsletta litt, men understrekar at det er vanskeleg å seie sikkert før detaljane er klare. klare. Foto: Penelope Alida Larsen / TV 2
SMÅPENGAR: Frode Steen er professor ved Norges Handelshøgskole. Han seier forbrukarane truleg vil merke avgiftsletta litt, men understrekar at det er vanskeleg å seie sikkert før detaljane er klare. klare. Foto: Penelope Alida Larsen / TV 2

Likevel er det usikkert kor mykje pumpeprisen til sjuande og sist vil bli påverka.

Regjeringa aukar nemleg omsetnadskravet for biodrivstoff i vegtrafikken frå 15,5 til 17 prosent.

Ettersom biodrivstoff er dyrare enn vanleg drivstoff, kan det føre til at folk flest ikkje drar så stor nytte av avgiftskuttet.

– Auka bruk av biodrivstoff har ein klimafordel, men kan også føre til at pumpeprisane til sjuande og sist forblir dei same.

REAGERER: Ingunn Handagard reagerer på framstillinga om at regjeringens avgiftskutt vil gjere utslag for folk flest, og etterlyser klarare svar. Foto: Aage Aune / TV 2
REAGERER: Ingunn Handagard reagerer på framstillinga om at regjeringens avgiftskutt vil gjere utslag for folk flest, og etterlyser klarare svar. Foto: Aage Aune / TV 2

– Dieselbløff

NAF reagerer sterkt på framstillinga til regjeringa om at dagens vedtak vil hjelpe folk flest.

– Samstundes som regjeringa kuttar avgiftene, aukar dei kravet til innblanding av biodrivstoff. Det er dyrare, og dermed går det i beste fall i null for forbrukarane, seier Ingunn Handagard, pressekontakt i NAF.

Ho etterlyser klarare tale frå finansministeren, og at han legg fram meir nøyaktige tal på korleis dette faktisk vil påverke pumpeprisen.

– Vi er på ingen måte fornøgd.

KRITISK: Roy Steffensen i Frp meiner prisen for drivstoff vil auke, heller enn å bli billigare, når alt blir tatt i betraktning. Foto: Gunnar Ringen Johansen / TV 2
KRITISK: Roy Steffensen i Frp meiner prisen for drivstoff vil auke, heller enn å bli billigare, når alt blir tatt i betraktning. Foto: Gunnar Ringen Johansen / TV 2

Krass kritikk

Roy Steffensen i Frp er ikkje nådig i kritikken mot Vedum og dagens vedtak.

– Det er ikkje til å tru at vi har eit finansdepartement som sender ut pressemeldingar der dei villeiar folk og pressen, seier Steffensen, som kallar pressemeldinga som kom i dag for ein bløff.

Steffensen hevdar at på grunn av CO2-avgifta og endringa i kravet til biodrivstoff, så vil avgifta tvert i mot auke frå 6,73 kroner i år til 6,91 kroner neste år.

– Støre bør spørre seg sjølv om han er tent med ein finansminister som ikkje bryr seg om fakta, og som openbart slit med å bruke ein kalkulator.

– Regjeringa fjernar ei avgift

Statssekretær Lars Vangen (Sp), svarar følgjande på kritikken i ein e-post til TV 2:

– Den største endringa frå i år til neste år er at regjeringa no fjernar ei avgift i avgiftssystemet. Frå 1. januar 2023 vil dei totale drivstoffavgiftene bli redusert med ca. 2,2 milliardar kroner.

Han legg til at ein «avgiftsreduksjon på drivstoff til ikkje-veigåande maskinar blir om lag 1,56 milliardar, noko som gir ein netto avgiftsreduksjon på 138 øre per liter.»

– Avgiftsreduksjonen på drivstoff i vegtrafikken blir i overkant av 600 millionar kroner. For bensin gir dette inga endring i avgiftene, mens avgiftene på diesel til vegtrafikk netto blir redusert med 27 øre per liter, skriv han.

HØGE PRISAR: Bilistar har fått merke dei høge prisane på drivstoff siste året. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2
HØGE PRISAR: Bilistar har fått merke dei høge prisane på drivstoff siste året. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

Regjeringa aukar også omsetningskravet i vegtrafikken og det blir innført eit omsetningskrav for biodrivstoff for ikkje-veigåande maskinar. Om dette skriv statssekretæren at «det trekkjer i motsatt retning, men storleiken på virkninga er usikker, sidan ho er avhengig av utviklinga i marknadsprisane på fossilt og biobasert drivstoff.»

Dette er Finansdepartementets eigne tal. Sjå forklaring av tabellen lenger nede i artikkelen.
Dette er Finansdepartementets eigne tal. Sjå forklaring av tabellen lenger nede i artikkelen.

Vangen skriv vidare at «samla anslås statsbudsjettet for 2023 å bidra til å redusere pumpeprisen på anleggsdiesel med 50 øre per liter.»

– Til tross for regjeringa sine avgiftsreduksjonar i drivstoffavgiftene anslås busjettet ikkje å påverke pumpeprisen for vegtrafikken i vesentleg grad.

– Pumpeprisane blir bestemt først og fremst av internasjonale maknadspriser på drivstoff, men vi sørgjer for at avgiftene i sum blir reduserte. Utan våre endringar i vegbruksavgifta, så ville prisen ha gått opp. Det er ingen tvil om at drivstoffavgiftene no blir redusert, så er det lov å meine at kutta burde ha vore enda større.

Forklaring på Finansdepartementet sin tabell

  • Den øvste tabellen viser avgiftsendringa sin verknad på pumpeprisen og er summen av vegbruksavgift, grunnavgift og CO2-avgift. Det er teke høgde for at drivstoffet som blir seld i praksis er blandingar av fossilt og biologisk drivstoff.

  • Tala for 2021 til 2022 er i 2022-kroner og viser kva regjeringa la fram i tillegsnummeret i fjor. Tala for 2022 til 2023 er i 2023-kroner og viser virkninga av årets budsjettenigheit.

  • Den nedste tabellen viser same tal, men inkludert virkninga av endra omsetningskrav i 2023. Alle tala er utan meirverdiavgift.

Kjelde: Finansdepartementet