«The Great African Run»

– Det har blitt litt action

Fire karar frå Hardanger har køyrt over tusen mil frå Ungarn til Sierra Leone. Turen har ikkje vore utan risiko.

KREVJANDE TERRENG: Team 1-2-3 Øystese har køyrd frå Ungarn til Sierra Leone som ein del av rallyet Budapest-Bamako. Foto: Privat

Kva får fire menn frå Hardanger til å tilbringe vel 20 timar i bil kvar dag for å køyre over tusen mil på eit framand kontinent?

– Vi var sugen på eit eventyr, seier Harald Ljones, då han og resten av gjengen snakka med TV 2 på link frå Sierra Leone. 

Dei har nett lagt bak seg ei av dei lengre etappane dei har hatt på den to veker lange turen, men er ved godt mot.

FØRSTE BIL: Teamet består av Roger Vassnes, Morten Garen, Harald Ljones og Peter Skarbøvik. Her blei dei møtt av turistsjefen etter å ha kryssa grensa til Sierra Leone som første bil i rallyet. Foto: Privat

– Vi var leie av elendige vegar i Guinea, så me køyrde 34 timar i strekk og var første bil over grensa til Sierra Leone, seier Roger Vassnes. 

Ingen sundagstur

Budapest-Bamako, eller «the Great African Run», blir omtalt som verdas største amatør-rally, og skal vere ein lågbudsjettversjon av det meir kjende Rally Dakar. 

Rallyet starta vanlegvis i Budapest i Ungarn og avslutta i Bamako i Mali. Men i år blir rallyet avslutta i Freetown i Sierra Leone på grunn av den politiske situasjonen i Mali. 

I år er det 1102 personar og 354 bilar påmeld i rallyet. Billettane blei utseld på ti dagar – og på heimesidene åtvarar arrangørane om at dette ikkje er noko sundagstur.

Det kan nok gjengen frå Hardanger skrive under på. 

CAMP: Her overnatta dei i Erg Chigaga etter å ha køyrd ein tøff etappe gjennom sanddyner, grushaugar og øydemark. På Facebook skriv dei at fleire av dei minste bilane måtte gje seg under denne etappen. Foto: Privat

– Blitt litt action

Dei siste to vekene har gjengen frå Hardanger køyrd over 10.000 kilometer og passert 12 land. 

– Det er som å køyre Bergen-Oslo 22 gongar. Det er ganske langt, påpeikar Peter Skarbøvik. 

Dei har gått frå minusgrader i Atlasfjella til 43 plussgrader i Senegal.

SKOGBRANNAR: Med 43 grader, ein skogbrann på venstre side og eit øydelagt kjøleapparat, blei det ein varm tur gjennom Guinea. Foto: Privat
SKOGBRANNAR: Med 43 grader, ein skogbrann på venstre side og eit øydelagt kjøleapparat, blei det ein varm tur gjennom Guinea. Foto: Privat

Dei har køyrd seg fast i myggnetting, blitt stoppa av politiet og blitt kravd å betale, og dei har måtta flykte i hui og hast frå sinte innbyggarar.

Mellom anna hamna dei i bråk i Mauritania grunna det dei seier var uvite om kultur.

– Det har blitt litt action, seier Morten Garen. 

Gjengen hadde nemleg tatt eit bilete av ein bil, noko som ikkje hadde falle i god jord hos eigaren av bilen. Så eskalerte situasjonen. 

– Vi blei omringa av ein horde med folk. Dei prøvde ta seg inn i bilen, men vi var raske og låste dørene. Vi køyrde fortast mogleg vekk. Dei følgde etter oss, men vi kom oss unna. 

Like etter køyrde dei over nokre strenger og øydela bremsene på venstre bakhjul. 

SLAPP UNNA: Like etter dei hadde tråkka klampen i botn for å komme seg unna ein rasande gjeng, blei bremsene på bilen øydelagd. Foto: Privat
SLAPP UNNA: Like etter dei hadde tråkka klampen i botn for å komme seg unna ein rasande gjeng, blei bremsene på bilen øydelagd. Foto: Privat

På skitur i Sahara

Dei fire karane har ikkje hatt nokre ambisjonar om å vinne løpet. Dei er påmeld i mosjonistklassen, og seier vegen har vore målet. 

Opplevingane har vore mange, men nokre skil seg ut. 

– Vi campa i øydemarka etter å ha stått fast 8 timar på grensa inn i Senegal. Då vi vakna var vi omringa av fleire hundre dromedarar, seier Ljones. 

Ein dag passerte dei nokre polakkar som hadde med seg ski. 

– Vi tenkte vi måtte lære dei korleis dei står på ski, så vi bad om å få låne utstyret, seier Vassnes. 

GODT SELSKAP: Gjengen vakna opp til hundrevis av dromedarar som omringa teltet deira då dei campa for seg sjølv midt i øydemarka. Foto: Privat
GODT SELSKAP: Gjengen vakna opp til hundrevis av dromedarar som omringa teltet deira då dei campa for seg sjølv midt i øydemarka. Foto: Privat

Lang veg heim

No er eventyret snart over, og dei nærmar seg mål. Det har ikkje vore gitt at dei skulle klare å komme seg heile vegen til Freetown i Sierra Leone. 

Dei har køyrd forbi folk som må skifte både clutch og dekk midt i øydemarka, og fleire bilar har måtta bryte fordi bilen har brote ned eller fordi deltakarane er blitt sjuke. 

Men karane frå Hardanger har berre sjarmøretappen igjen, og er klare til å krysse målstreken i morgon.

Sjølv om dei har trivest godt i bilen, freistar det lite å ta same rute heim. 

HEIMATT: Eventyret er straks over for denne gang, og gjengen set kursen heimover. Bilen donerer dei til ein ideell organisasjon i Sierra Leone. Foto: Privat
HEIMATT: Eventyret er straks over for denne gang, og gjengen set kursen heimover. Bilen donerer dei til ein ideell organisasjon i Sierra Leone. Foto: Privat

– Det er mange som køyrer bilen heim igjen, men vi kjenner det blir for seigt, seier Vassnes.

Dei har difor valt å donere bilen til nokon som treng han meir.

– Vi har fått tips om ein organisasjon som heiter Capa Care. Dei driv med medisinsk utdanning i Sierra Leone. Dei trengde ein bil, så då køyrer vi den opp i jungelen i morgon, så får dei denne.