FORSVARAR: John Christian Elden forsvarar den dobbelttiltalte 23-åringen som gav sin andre forklaring i Hordaland tingrett torsdag. Foto: Eva Frimanslund / TV 2
FORSVARAR: John Christian Elden forsvarar den dobbelttiltalte 23-åringen som gav sin andre forklaring i Hordaland tingrett torsdag. Foto: Eva Frimanslund / TV 2
Angreip tiltaltes forklaring

– Det gløymde du å fortelle

Dobbeltiltalt mann (23) sa formålet med å hente den unge jenta midt på natta var å bli kjent med henne. Då tok statsadvokaten fram politiavhøyra.

Fem menn er tiltalt i tre ulike overgrepssaker som for tiden blir behandla i Hordaland tingrett.

23-åringen er ein av dei som er tiltalt for to forhold i saka; gruppevaldtekt av ei ung kvinne i januar 2021 og seksuell omgang med ei 15 år gamal jente i januar 2020.

Torsdag forklarte han seg om sistnemnde forhold, der han og to andre er tiltalt for å ha sex «etter tur» med jenta i leilegheita til ein av kompisane.

Kort fortalt forklarte mannen at dei ikkje hadde sex med henne samstundes. Den eine hadde sex med henne på badet, den andre inne på soverommet etterpå og så han sjølv til slutt.

– Det var ingenting spesielt med den kvelden som eg beit meg merke i. Det var ein kveld med kompisar, sa mannen og la til at den seksuelle omgangen skjedde frivillig.

FEM MENN: Dette er dei tiltalte i dei ulike sakene som gjeld gruppevaldtekt, sovevaldtek og seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år. To av mennene går igjen i to ulike saker.
FEM MENN: Dette er dei tiltalte i dei ulike sakene som gjeld gruppevaldtekt, sovevaldtek og seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år. To av mennene går igjen i to ulike saker.

– Ho viste legitimasjon til meg

23-åringen fortalde vidare at han sat aleine med jenta i stova då han fekk sjå legitimasjonen hennar.

Det var eit bankkort, der fødselsåret 2003 indikerte at jenta var 16 år gamal.

– At ho viste legitimasjonen hadde ingenting med sex å gjera. Vi snakka om festing, drikking, heimefestar. Alder blei difor eitt tema. Ho tok det fram for å bevise alderen, sa mannen.

Sjølv har jenta forklart at ho følte seg pressa til å ha sex med dei tre mennene inne på soverommet.

Den natta ba ho egentlig om skyss til ein venn. Det endte med at dei tiltalte henta henne med bil og at ho blei med heim til ein av dei.

– Det var aldri noko snakk om alderen min. Ingen av dei spurde meg om det eller ba om å få sjå ID-kort, sa kvinna som i 2020 gjekk i tiande klasse på ungdomsskulen.

TIL VEGGS: Aktor og statsadvokat Benedicte Hordnes stilte 23-åringen til veggs om forskjellane i forklaringane hans. Foto: Eva Frimanslund / TV 2
TIL VEGGS: Aktor og statsadvokat Benedicte Hordnes stilte 23-åringen til veggs om forskjellane i forklaringane hans. Foto: Eva Frimanslund / TV 2

Aktor henta fram politiavhøyr

Statsadvokat Benedicte Hordnes virka overraska over deler av det den tiltalte 23-åringen sa i retten.

Ho henta difor fram politiavhøyr av mannen frå den gangen han blei sikta i saken.

Poenget var å vise kor forskjellig mannen forklarer seg i retten, samanlikna med i politiavhøyra.

Der fortalde han at kvinna tok av seg kleda og «la seg på en slik måte at ho ønska sex med fleire». Så hadde alle hadde sex med kvinna etter tur inne på soverommet.

– Det har du gløymd å fortelle her i dag. Har du tilpassa deg forklaringa til dei andre, kommenterte aktor.

– Vi var jo inne på soverommet, men så gjekk ho først ut saman med NN (navn på medtiltalt 25-åring). Det er det inntrykket av hendinga som eg sitter her med no i dag, sa 23-åringen.

Også dei to andre mennene som er tiltalt i saka seier at kvinna sa ho var 16 år. Den eine seier han hadde sex med jenta inne på badet, medan den andre meiner alt skjedde inne på soverommet.

Skulle bli kjent

Statsadvokaten var også interessert i kvifor dei skulle køyre avgårde midt på natta for å hente ei ung jente.

23-åringen svara at formålet var å bli kjent med henne.

– Vi hadde hatt litt kontakt på Snapchat tidligere og eg ville vere med ho og stifte nytt bekjentskap. Det var ikkje planlagt sex, sa mannen.

Aktor henta på nytt fram avhøyra av mannen og las opp at mannen i avhøyr har sagt at «vi har ikkje kontakt i dag» og «har aldri kjent henne så godt».

– Har ho blitt gløymd slik som alle dei andre jentene, kommenterte Hordnes.

TV 2 rettar: I den første versjonen av denne saka siterte TV 2 statsadvokaten på at det var 23-åringen som i avhøyr sa «hun har blitt glemt slik som alle de andre jentene». TV 2 er gjort merksam på at det var ein merknad frå Hordnes og ikkje vart sagt i avhøyr. Feilen vart retta klokka 15.50.

Prega

Dommar Stein Dons Heinfjell har tydelegvis notert seg at det er stor forskjell på forklaringane i retten og det som er sagt i politiavhøyr

Etter forklaringa til 23-åringen kommenterte han at han vurderer å få framlagt politiforklaringane til alle i saka.

– Eg har tenkt på det i nokre dagar, i og med at det er mangel på samsvar, sa dommaren.

23-åringen har advokat John Christian Elden som advokat. Elden hadde ingen spørsmål til mannen om sjølve tiltalen.

Istadenfor spurte han om korleis han har opplevd all merksemda saken har fått.

– Eg har fått utallige anrop og sikkert tusen meldingar. Folk seier dei skal komme og drepe meg. Eg går ikkje ein plass utan at folk stirrar meg ned.

Han reagerer særleg på at folk blandar tiltalen saman slik at alle blir tiltalt for alle overgrepssakene.

– Alle trur vi fem har bunde fast ein 15-åring og gjengvoldtatt henne. Eg forstår at folk reagerer på det, men det er jo ikkje sant. Førehandsdømminga har vore ekstrem, sa mannen.

Store konsekvensar for kvinne

Torsdag vitna også mora til den fornærma kvinna i overgrepssaka.

Der kom det fram fleire detaljar om korleis hendinga har prega dottera hennar sitt liv etterpå. Mora fortalde om store konsekvensar for kvinna som no er blitt myndig.

Detaljar om dette er underlagt referatforbud og TV 2 omtalar difor ikkje dette.

Som dei tiltalte, har også dei tre fornærma kvinnene i saka opplevd å få namna sine delt på sosiale medium.

– Det var svært tøft for henne. Då måtte eg køyre heim frå jobb med ein gong for å vere med henne, fortalde mora.

– Eg har vore uroa for han

Advokat Erik Johan Mjelde forsvarar 26-åringen som er tiltalt for gruppevaldtekta av ei kvinne i januar 2021.

Torsdag hadde han kalla inn ei jamnaldra kvinne som vitne i saka. Ho fortalde at ho sidan 2016 har vore bestevenn med 26-åringen. Dei har også hatt sex fleire gonger.

– Han har alltid vore respektfull og spurt om lov. Det er heilt uforståeleg for meg at han har hamna i denne situasjonen. Han er ikkje ein slik person, sa kvinna.

Ho la til at dei framleis er bestevener i dag. Dagen 26-åringen vart sikta for gruppevaldtekta, ringte han kvinna etter politiavhøyret.

– Han var heilt frå seg. Etter dette har han vore veldig deprimert og eg har vore uroa for han, fortalde vitnet.