Incestsaken på Vestlandet

– Det barna fortel er utanfor fatteevnen til folk flest

Dei tiltalte tok til tårene og rista på hovudet då dei grove skuldingane mot dei vart lest opp i retten.

RETTSSAK: Dei fire tiltalte sit til venstre for sine forsvarar (kledd i svart) og lyttar til statsadvokaten sitt innleiingsforedrag. Tegning: Ane Hem / TV 2
RETTSSAK: Dei fire tiltalte sit til venstre for sine forsvarar (kledd i svart) og lyttar til statsadvokaten sitt innleiingsforedrag. Tegning: Ane Hem / TV 2

– Som de alle høyrde, det er snakk om særs grove seksuelle overgrep mot barn, konstaterte statsadvokat Ellen Cathrine Greve i si innleiing.

Då hadde tingrettsdommar Berit Sangolt lest opp tiltalane mot dei fire tiltalte i den grove valdtekts- og incestsaka frå eit nabolag i ein vestlandskommune.

Ein etter ein svara dei tiltalte stødig og tydeleg «nei» då dommaren spurte om dei erkjente straffskuld.

Alle nektar plent for at det barna fortel om i tilrettelagde avhøyr, har skjedd.

Den tiltalte faren i 50-åra rista på hovudet og sukka høgt då dei grove skuldingane mot han blei lest høgt i retten.

Den tiltalte mora i 40-åra var svært prega og oppløyst i tårer då pressen fekk sleppe inn i rettssalen. Ho fekk støtte og trøyst av to tilhøyrarar som kom til.

NABOAR: Ein heil familie, samt nabomannen og sonen hans, er dei involverte i saka. Dei fornærma barna er i dag tekne hand om av barnevernet. Foto: May Husby / TV 2
NABOAR: Ein heil familie, samt nabomannen og sonen hans, er dei involverte i saka. Dei fornærma barna er i dag tekne hand om av barnevernet. Foto: May Husby / TV 2

Foreldrepar, bror og nabo tiltalt

Eit foreldrepar, deira eldste son og ein nabo er tiltalt i den rystande saka som skal gå for Hordaland tingrett dei ti neste vekene.

Dei er alle, mellom anna, tiltalt for grove valdtekter av barn under 14 år og incest.

Foreldreparets to yngste born, samt sonen til naboen, er dei fornærma i saka. Nabomannen er tiltalt for overgrep både mot sin eigen son (10) og nabojenta (11).

Bakgrunnssak: Naboane reagerte – så begynte barna å fortelje

– Eg ber retten vere merksam på at det står «mellom anna» i tiltalepostane. Handlingane som er skildra er altså ikkje uttømmande for det barna seier har skjedd med dei, sa Greve.

Til TV 2 har ho tidlegare sagt at saka er ei av dei verste ho har jobba med sidan ho byrja som statsadvokat i 1995.

AKTOR: Statsadvokat Ellen Cathrine Greve i Hordaland tingrett. Foto: Eva Frimanslund / TV 2
AKTOR: Statsadvokat Ellen Cathrine Greve i Hordaland tingrett. Foto: Eva Frimanslund / TV 2

Kyssing i symjehallen

Politiet rulla opp saka då barnevernet i kommunen politimelde nabomannen hausten 2020.

Då hadde fleire reagert på korleis mannen oppførte seg då han var ute med sonen sin og nabojenta. Mellom anna i ein symjehall i kommunen.

– Eit vitne følte ubehag og var uroa for det ho såg, ved fleire tilfelle. Jenta hang rundt overkroppen på tiltalte. Eit anna vitne har sett mannen kysse og klemme henne.

– «Viss ein ikkje tenkte at det var eitt barn og ein vaksen, ville ho sagt at dei var forelska», siterte statsadvokaten varslaren på.

– Min klient meiner det har vore naturleg åtferd. Det er ingen som har sett noko straffbart, seier mannens forsvarar Kai-Inge Gavle til TV 2.

Begge er nokre av dei over 100 vitna som skal møte i rettssalen i løpet av saka.

Dette seier dei tiltalte om skuldingane

Advokat Jan Henrik Høines forsvarar mannen i 50-åra:

– Det har ikkje skjedd. Han kan ikkje forstå det som barna skildrar i forklaringane. Han er usikker på om det er deira fantasi eller om det er andre som har påverka dei.

– Han har også tillit til sambuaren og den eldste sonen sine forklaringar om at dei nektar for å ha gjort dette mot barna.

– Han har vore i varetekt sidan sommaren 2021. Det har vore ei enorm belastning for han å vere fengsla i ei sak han meiner ikkje har rot i verkelegheita.

Advokat Astrid Aksnes forsvarar kvinna i 40-åra:

– Ho nektar straffskuld, og saka er ei enorm påkjenning for henne. Ho kjenner seg overhovudet ikkje att i det barna fortel i avhøyra, verken det som gjeld ho eller det som gjeld barnefaren. Ho spør seg korleis barn kan fortelle om ting som ikkje har skjedd.

Advokat Alexander Gonzalo Sele forsvarar den eldste sonen i 20-åra:

– Han nektar for å ha gjort dette og ønskjer å forklare seg i retten.

Advokat Kai-Inge Gavle forsvarar nabomannen i 30-åra:

– Han har ikkje erkjent straffskuld og kjem heller ikkje til å gjere det i retten. Han ser fram til å kunne forklare seg i retten om at han aldri har gjort noko gale mot barn.

Gjorde funn på jenta sitt soverom

Etter kvart som barna forklarte seg om overgrep i dei tilrettelagde avhøyra, vart også foreldreparet og deira eldste son involvert og sikta i saka.

Påtalemakta meiner foreldreparet byrja dei grove overgrepa mot dei yngste barna i 2015.

Då var jenta var tre år og guten åtte år.

Naboen er tiltalt for valdtekter mot sin eigen son frå 2019 og mot nabojenta frå sommaren 2020.

REAGERTE: Barnevernet i den aktuelle kommunen fekk fleire varsel frå folk som reagerte på oppførselen til ein av dei tiltalte mennene, mellom anna på ein leikeplass. Foto: Ole Ebbesen / TV 2
REAGERTE: Barnevernet i den aktuelle kommunen fekk fleire varsel frå folk som reagerte på oppførselen til ein av dei tiltalte mennene, mellom anna på ein leikeplass. Foto: Ole Ebbesen / TV 2

Over 50 timar med tilrettelagde avhøyr av barna er dei heilt sentrale bevisa i overgrepssakene.

Men påtalemakta meiner også andre forklaringar støttar opp om det barna fortel.

I innleiingsforedraget viste statsadvokaten til at dei mellom anna har gjort funn av den tiltalte faren sin sæd i senga på soverommet til dottera.

Andre viktige bevis for påtalemakta er meldingar og bilete på dei tiltalte sine mobiltelefonar.

– Det er søkt etter bekreftelse

Forsvararane meiner barna kan ha blitt påverka gjennom samtalar med barnevern og fosterforeldre i forkant av avhøyra.

Éin forsvarar har tidlegare kalla forklaringane for «usannsynlege historier».

– For dei fleste av oss, er det barna forklarer vanskeleg å forstå kan skje. Det er utanfor fatteevnen til folk flest, sa statsadvokat Greve om dei detaljerte skildringane i avhøyra.

Nabomannens forsvarer Kai-Inge Gavle sa til retten at han aldri før har sett ei sak der det er gjort så mange tilrettelagde avhøyr.

Han bad dommarane høyre, sjå godt etter og spørje seg.

– Får de inntrykk av at dei har snakka med folk før dei kjem inn på rommet? Har dei med seg teikningar, notat, datamaskin?, sa Gavle, før han la til.

– Dette er ei sak der ein har søkt etter å få bekreftelse på skuldingane.

KRITISK: Forsvarar Kai-Inge Gavle er kritisk til dei tilrettelagde avhøyra sin bevisverdi i saka. Foto: ISK
KRITISK: Forsvarar Kai-Inge Gavle er kritisk til dei tilrettelagde avhøyra sin bevisverdi i saka. Foto: ISK

– Falske minner

– Då kan det fort gå frykteleg gale. Forklaringane har ikkje rot i verkelegheita, følgde advokat Jan Henrik Høines opp, forsvararen til mannen i 50-åra.

Også advokat Astrid Aksnes, som forsvarar den tiltalte mora, er kritisk til barnevernets oppfølging og dei tilrettelagde avhøyra til politiet.

– Det har skjedd alvorleg og omfattande systemsvikt og det har gitt ei fatal utvikling av saka. Vi vil dokumentere korleis barnevernet, politiet og fosterforeldre har møtt barna i den tida saka har gått. Min klient er av den klare oppfatning at dette har gitt barna hennar falske minner, sa Aksnes.

Ordføraren i kommunen har fått lagt fram kritikken frå forsvararane. Til TV 2 seier vedkommande at det «blir feil å kommentere ei pågåande straffesak» og minner om at fleire av dei tilsette i barnevernet sjølv skal vitne i saka.

Forsvarar Astrid Aksnes saman med statsadvokat Ellen Cathrine Greve Foto: Eva Frimanslund / TV 2
Forsvarar Astrid Aksnes saman med statsadvokat Ellen Cathrine Greve Foto: Eva Frimanslund / TV 2

Var omgangsvenner

Foreldreparet og naboen er ikkje tiltalt for å ha forgripe seg på jenta (11) i fellesskap, eller samarbeida om det.

Det skal ha skjedd kvar for seg.

Eks-sambuaren til den tiltalte nabomannen var venninne og i same omgangskrets som den tiltalte mora.

– Dei budde i same nabolag, barna var jamaldra og dottera var mykje på besøk til naboen, fortalde Greve om den tidlegare relasjonen mellom familiane.

I dag har dei to kvinnene ingen kontakt med kvarandre. Dei fornærma barna er i barnevernet si omsorg og skal etter forholda ha det bra.

Reagerte på deling

Det er stor medieinteresse for saka.

Inne i salen får berre fem journalistar plass, men tingretten har ordna med ein eigen rettssal for både presse og fleire tilhøyrarar.

Hordaland tingrett har tidlegare i år hatt problem med tilhøyrarar som har delt bilete og namn på tiltalte i rettssaker.

Ein liknande episode oppstod også denne gongen.

Naboens forsvarar, Kai-Inge Gavle, orienterte retten om at personopplysningar og sladda bilete av dei tiltalte var delt på eit sosialt medium.

Både forsvararen og statsadvokaten ser alvorleg på dette.

Dette er tiltalane mot foreldreparet, sonen og naboen

Mannen i 50-åra:

§ 301: Grov valdtekt av barn under 14 år. Skal ha skjedd gjentekne gonger, over fleire år, mot dottera (11 år) og sonen (16 år).

§ 312: Incest

Dyrevelferdsloven § 37: Grov seksuell omgang med hund.

§ 311: Skal ha gjort internettsøk etter overgrepsmateriale med søkeord som «incest-teen», «Pdophiles», «schoolgirl+filmed» og «illegal+sex». Skal også ha filma sonen sin naken.

Kvinna i 40-åra:

§ 301: Grov valdtekt av barn under 14 år. Skal ha skjedd gjentekne gonger, over fleire år, mot dottera (11 år) og sonen (16 år). Også tiltalt for å ha vore til stades under overgrepa til barnefaren utan å gripa inn.

§ 312: Incest

Sonen i 20-åra:

§ 301: Grov valdtekt av barn under 14 år. Skal ha skjedd gjentekne gonger, over fleire år, mot søstera (11 år) og broren (16 år).

§ 313: Søskenincest

Nabomannen i 30-åra:

§ 301: Grov valdtekt av barn under 14 år. Skal ha skjedd gjentekne gonger, mot sin eigen son (10 år) og dottera til dei medtiltalte (11 år). Høvevis frå hausten 2019 og sommaren 2020 og fram til han vart arrestert i november 2020.

§ 312: Incest

§ 311: Skal ha tatt bilete av sonen og nabojenta som viser seksuelle overgrep eller seksualiserer dei.

§ 305: Seksuelt krenkande atferd. Skal ha sagt «jeg er forelsket i deg» til nabojenta og tatt henne med på leiting etter sexleiketøy på soverommet til det medtiltalte foreldreparet.