KAN KOSTE LIV: Desse små 'jammerane' kan koste menneskeliv dersom dei forstyrrar signala til Luftambulansen. Foto: Daniel Gangeskar / TV 2
KAN KOSTE LIV: Desse små "jammerane" kan koste menneskeliv dersom dei forstyrrar signala til Luftambulansen. Foto: Daniel Gangeskar / TV 2

Denne lille gjenstanden kan føre til at liv går tapt

ANDØYA (TV 2): Dersom GPS-signalet til Luftambulansen vert «jamma» kan det medføre at helikopteret ikkje kan lande. Det kan i verste tilfelle koste mennesker livet.

Denne veka pågår det ein storstilt øvelse på Andøya i Vesterålen for at private og offentlege aktørar skal kunne trene på å handtere jamming av navigasjonsutstyret dei har.

Når eit utstyr vert jamma vert først signalet blokket og seinare forsvinn det. Til dømes kan GPS og navigasjonsutstyret til Luftambulansen falle ut. Dei vil ikkje ha moglegheit til å sjå kvar dei er og ingen vil kunne sjå kvar dei befinn seg.

Det kan få store konsekvensar.

– Det er direkte farleg

Jammerane som vert brukt av vanlige folk er i stor grad små og ein kan koble dei rett inn i sigarettennaruttaket.

Dette vert benytta for at køyringa ikkje skal kunne synast i køyredagbøker, at arbeidsgjevar ikkje skal kunne spore ein eller for å utføre mindre skattesnusk.

Men sjefsingeniør for intelligent teknologi i Statens Vegvesen, Thomas Levin, seier at sjølv om folk vil snyte på skatten, so kan det også få større og meir alvorlege konsekvensar.

ALVORLEG: Thomas Levin i Statens Vegvesen fryktar for at folk ikkje er klar over dei alvorlege følgene bruken av jammera kan føre til. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2
ALVORLEG: Thomas Levin i Statens Vegvesen fryktar for at folk ikkje er klar over dei alvorlege følgene bruken av jammera kan føre til. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

Han meiner folk ikkje forstår omfanget eller alvoret bruken av jammera for å unngå å betale bompenger eller litt ekstra skatt.

– Skattesnusk er jo sjølvsagt passe alvorleg og ikkje minst ulovleg, men det kan også få ganske store og livstrugande konsekvensar då den samme jammeren kan hindre ambulansehelikopter å lande. Det kan vere direkte farleg, seier Levin.

Når jammeren er tilkobla sigarettennaruttaket skaper det ei slags boble kring bilen. Dersom eit helikopter eller fly flyg inn i denne bobla so vert også deira signal jamma.

Dette har vore tilfelle i fleire områder rundt norske sjukehus.

– Det er eit døme på Alnabruterminalen der trailera med jammer i sigarettuttaket hindra ambulansehelikopter frå å kunne lande på A-hus. Då brukar luftambulansen lenger tid til å kunne få pasienten inn til behandling, seier han.

Bestiller frå Kina

Levin er djupt uroa for kva som kan kome til å skje i framtida rundt jamming-problematikken.

I dag er det mange som berre bestiller dei små jammerane direkte frå Kina og rett heim. Dette gjere det for enkelt å få tak i det som i dag er ulovlige produkt i Noreg.

Han håper folk innser farene ved bruk av jamming-utstyr.

– Det er viktig for folk å forstå at ein ikkje kan gå inn på Ebay for å kjøpe slikt utstyr. Det kan føre til fare for liv og helse, og ikkje minst so er det ulovleg å både eige og benytte.

JAMMING: Når signal vert jamma, forsvinn dei heilt og det vert umogleg å sjå til dømes kvar ein bil befinn seg. Under testen vart det skrudd på fleire jammera. Sakte, men sikkert vil ein sjå at signala på telefonen til Levin forsvinn. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

JAMMING: Når signal vert jamma, forsvinn dei heilt og det vert umogleg å sjå til dømes kvar ein bil befinn seg. Under testen vart det skrudd på fleire jammera. Sakte, men sikkert vil ein sjå at signala på telefonen til Levin forsvinn Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

For Levin er det viktig å kunne vere til stades på Andøya for å teste utstyr og sikre dei mot denne typen forstyrringar og angrep.

Han meiner ein slik øvelse er viktig for at teknologien vert sett på prøve og feil kan oppdagast før dei kjem fram i felt.

– Dette syner kor viktig det er at sentrale myndigheiter deltek på denne typen arrangement og at vi hjelp industrien med å utvikle ny teknologi som kan motså jamming.

Skal teste nye redningshelikopter

Ein av deltakarane på arrangementet på Andøya er Luftforsvarets redningshelikopterteneste.

Sjef for operativ testseksjon i Luftforsvaret, Ståle Schirmer-Mikalsen, seier ein jamming-øvelse av kaliberet som denne veka foregår på Andøya har vore etterspurd frå dei i tre år.

ETTERLENGTA: Redningshelikoptertenesta har lenge etterspurd ein slik jamming-øvelse som denne veka foregår på Andøya. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2
ETTERLENGTA: Redningshelikoptertenesta har lenge etterspurd ein slik jamming-øvelse som denne veka foregår på Andøya. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

Han håper dette kan medføre at dei nye redningshelikoptera kan få synt at dei fungera som dei skal.

– Dei nye helikoptera våre har allvêrskapasitet, noko som seier at vi kan fly i skya utan sikte. Men då er GPS kritisk for oss og at våre navigasjonssystem er fullstendig operative sidan vi flyr utan visuelle referansepunkt, seier han.

Det er desse systema dei no ynskjer å teste gjennom denne veka på Andøya.

– Her er vi med på ei øving som blokkera GPS-signala våre gjennom jammera og fordreier informasjonen vi mottek gjennom spoofing. Spoofing vil seie at ein sender ut eit falskt GPS-signal til alle som er påverka av den sendaren, seier han.

JAMMING AV HELIKOPTER: Dei nye redningshelikoptera til Luftforsvaret er noko av dei som skal få testa navigasjonssystem under øvinga på Andøya. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2
JAMMING AV HELIKOPTER: Dei nye redningshelikoptera til Luftforsvaret er noko av dei som skal få testa navigasjonssystem under øvinga på Andøya. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

GPS-signala vert tukla med og fordreid slik at informasjonen som kjem inn i systema er feil.

Enorm auke etter Ukraina-krigen byrja

For det har også blitt viktigare å vere førebudd på jamming i ein geopolitisk usikker kvardag og ut frå eit forsvarsmessig synspunkt.

I følge Schirmer-Mikalsen opplev ein stadig meir jamming fleire stader rundt om i Europa.

– Vi veit at jamming kan vere utført som ei fiendtlig handling i ein krigssituasjon. Ein ser med krigen i Ukraina so ser vi at jamming har blitt eit problem i mykje av Europa, spesielt i områder rundt Russland.

Også i Noreg har ein opplevd jamming av blant anna fly og helikopter.

Tilbake i 2018 var det daglige utfall av GPS-signal i Finnmark mellom 24. oktober og 7. november det året.

I ein periode måtte luftambulansetenesta innstille sin aktivitet på Mehamn lufthamn.

Den gongen kom det fram at det var snakk om elektronisk jamming og det vart mistenkt at det kom frå russisk side.

– Vi veit at det foregår jamming på norsk territorium. Luftfarta er bekymra for utviklinga. Spesielt når ein ser at det vert meir utbredt bruk av jammera. Det vil påverke sikkerheiten for trygg og sikker navigasjon, seier Schirmer-Mikalsen.