Denne banken tilbyr også psykologhjelp

Psykologspesialist meiner bankane må ta større ansvar for å førebygge mot gjeldskrise, økonomisk utanforskap og psykisk vanhelse.

AUKA FOKUS: Ingvild Stjernen Tisløv er psykologspesialist og føredragshaldar. Ho er med i ei rekke prosjekt som skal auke fokuset på samanheng mellom økonomi og psykisk helse. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

– Det er ikkje slik at bankrådgjevarar også skal bli psykologar, understrekar Ingvild Stjernen Tisløv, psykologspesialist og grunnleggar av Reynd AS. 

Ho er ein av initiativtakarane bak eit nytt pilotprosjekt som skal hjelpe bankane med å auke kunnskapen om korleis dei best kan møte kundar som slit. 

PROBLEM: Gjeldsregisteret spår at mange kjem til å få betalingsutfordringar i tråd med at nordmenns forbruksgjeld aukar. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
PROBLEM: Gjeldsregisteret spår at mange kjem til å få betalingsutfordringar i tråd med at nordmenns forbruksgjeld aukar. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Målet er å fange opp sårbare kundar før situasjonen blir uhandterleg og samstundes bygge bru mellom helse og finanssektoren. 

– Vi veit det er ein klar samanheng mellom betalingsproblem, psykiske problem og sjølvmordsfare, men vi treng eit kompetanseløft rundt korleis vi kan handtere det, seier Tisløv. 

Gjennom firmaet Reynd er ho no del av fleire prosjekt som nettopp skal auke bankane sin kompetanse om psykisk helse. 

AUKE: Forbruksgjelda auka med 9,5 milliardar i fjor. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2
AUKE: Forbruksgjelda auka med 9,5 milliardar i fjor. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2

Gjeldsauke 

Det siste året har vore prega av dyrtid i form auka rente, svak krone, høge straumprisar og dyre matvareprisar. 

Matkøane veks og stadig fleire treng hjelp til å få endane til å møtast. 

Samstundes viser tal frå Gjeldsregisteret at samla forbruksgjeld i Noreg har stige til 160 milliardar kroner ved siste årsskifte. 

Det svarar til ein auke på åtte prosent på to år. 

Klar samanheng

Tisløv seier gjeld og økonomiske problem for mange er knytt til kjensler av skam. Mange held difor problema skjult, og situasjonen kan fort gå frå vondt til verre. 

– Vi ser i fleire av sjølvmorda i Noreg at personen aldri har hatt ei diagnose eller oppsøkt helsehjelp. Ein kan difor tenke seg at det ikkje handlar om psykiske lidingar, men at det ofte handlar om livskriser der vedkommande ikkje ser ein annan utveg, seier Tisløv.

SAMANHENG: Samfunnspsykologen meiner det bør vere eit tettare samarbeid mellom helsesektoren og finanssektoren for å førebygge mot sjølvmord. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
SAMANHENG: Samfunnspsykologen meiner det bør vere eit tettare samarbeid mellom helsesektoren og finanssektoren for å førebygge mot sjølvmord. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Ho meiner difor finanssektoren kan ta eit større ansvar. 

– Viss ein skal førebygge sjølvmord i Noreg, må ein jobbe innan andre område enn helse. Då er finansbransjen er ein veldig viktig arena å vere på, seier Tisløv. 

Tar grep 

Den siste tida har fleire bankar byrja å ta konkrete grep for å ha meir fokus på samanhengen mellom betalingsproblem og psykisk helse. 

I refinansieringsbanken Bank2, er dei i gang med å kurse bankrådgjevarane i korleis dei kan plukke opp varselteikn hos kundane sine.

– Vi trener på å sjå teikn hos kundane som har problem, og jobbar for å gi kunderådgjevarane våre kompetanse til å møte dei på ein god og trygg måte, seier Diana Peters i Bank2. 

TAR GREP: Diana Peters er leiar for marknad og samfunnsansvar i Bank2. Ho seier banken tar aktive grep for å vere betre rusta til å møte folk i krise. Foto: Agnes Mogstad / GMN
TAR GREP: Diana Peters er leiar for marknad og samfunnsansvar i Bank2. Ho seier banken tar aktive grep for å vere betre rusta til å møte folk i krise. Foto: Agnes Mogstad / GMN

Dei har mellom anna endra mykje av kommunikasjonen sin til å vere mindre «bankspråk», og meir ivaretakande, empatisk og imøtekommande. 

– Vi ser det har effekt. Kundane kontaktar oss i større grad no dersom dei har problem, enn dei gjorde før. Då kan vi hjelpe dei vidare på vegen, seier Peters. 

– Vi gjer dette for å heve kundeservicen til eit nytt nivå. I tillegg vil det vere lønsamt på sikt, både ved å minske misleghald og ved å auke kompetansen til våre tilsette. 

Tilbyr psykologhjelp 

Liknande tiltak har dei gjort i Sparebank 1 SMN. 

Her har banken starta eit samarbeidsprosjekt med eit finansielt helseteam som består av tilsette i banken, psykolog og gjeldsrådgjevarar. 

– Vi har over tid erfart og sett kundar som har store utfordringar med uhandterleg gjeld. Dette er blitt aktualisert no under dyrtida. Då er det krevjande for rådgjevarane som kjenner dei ikkje strekk til og som blir urolege for kundane, seier Nelly Maske, konserndirektør for personmarknad i Sparebank 1 SMN.

GOD ERFARING: Nelly Maske i Sparebank 1 SMN seier dei allereie er tidleg i prosjektet, men at det så langt har fungert bra. Foto: SpareBank 1 SMN
GOD ERFARING: Nelly Maske i Sparebank 1 SMN seier dei allereie er tidleg i prosjektet, men at det så langt har fungert bra. Foto: SpareBank 1 SMN

I tillegg til å kurse dei banktilsette i korleis dei best kan møte kundar i krise, går psykologane frå helseteamet sjølv inn og bidrar i møte med dei mest sårbare kundane, som då får tilbod om time hos psykolog. 

– Forskinga er klar på samanhengen mellom økonomi og psykisk helse. Her synest eg bankane har eit ansvar i å vere proaktive, seier Maske. 

NYTT PROSJEKT: Sparebank 1 SMN er heilt i startfasen på eit prosjekt der dei tilbyr psykologtimar til dei mest sårbare kunane sine. Foto: Jan Arne Austad / TV 2
NYTT PROSJEKT: Sparebank 1 SMN er heilt i startfasen på eit prosjekt der dei tilbyr psykologtimar til dei mest sårbare kunane sine. Foto: Jan Arne Austad / TV 2

Reddar liv 

Stjernen Tisløv er ein av psykologane som er del av det finansielle helseteamet. Dei har så vidt starta, men har allereie vore i kontakt med eit knippe kundar. 

I fleire av tilfella, har det vore fare for tvangssal av bustad, fare for konkurs eller fare for liv og helse. 

– Vi har vore uroa for sjølvmordsfare. Vi har og vist kundar vidare til spesialisthelsetenesta når dei har fylt kriteria for hjelp der, seier Tisløv. 

ENKLE GREP: Tisløv seier det er lite som skal til før dei merkar at dei gjer ein forskjell for kundane si psykiske helse. Ho meiner det i stor grad handlar om å senke terskelen for å be om hjelp. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Ho seier at fleire av kundane dei no har snakka med, aldri har vore i kontakt med helsevesenet før. 

– Det er meir enn ein person som har sagt at dette har redda livet deira. Det er sterkt å høyre, seier Tisløv. 

Stort behov 

Tove Gundersen, generalsekretær i Rådet for psykisk helse, ønskjer slike tiltak velkommen. 

– Bankane kan heilt klart gjere meir. Slike tiltak er med å halde liv i folk.  seier Gundersen.

POSITIV: Tove Gundersen er generalsekretær i Rådet for psykisk helse. Ho håpar det vil bli meir fokus på psykisk helse i finanssektoren, og økonomi i helsesektoren. Foto: Jonas Been Henriksen / TV 2
POSITIV: Tove Gundersen er generalsekretær i Rådet for psykisk helse. Ho håpar det vil bli meir fokus på psykisk helse i finanssektoren, og økonomi i helsesektoren. Foto: Jonas Been Henriksen / TV 2

Gundersen seier ho er svært uroa for den økonomiske situasjonen mange i Noreg no finn seg i, der stadig fleire kjenner på økonomisk utryggleik. 

Ho trur fleire vil ha nytte av slike tilbod og håpar fleire bankar hiv seg på. 

– Det er så skamfullt og tabubelagt å ha høg gjeld. Vi er glade for at finanssektoren no tar aktive grep. Vi håpar dette blir ein trend innan både helse og finansfeltet, seier Gundersen.