Tiltalt for grov mishandling

Dekka til ansiktet og heldt seg for øyra

Mannen nektar straffskuld og meinar han var utilrekneleg. Rettspsykiatar meiner han latar som.

DEKKA TIL: Den tiltalte ville verken sjå eller høyre i retten i dag. Rettsteikning: Gustav Kvaal
DEKKA TIL: Den tiltalte ville verken sjå eller høyre i retten i dag. Rettsteikning: Gustav Kvaal

Det var spesielle scener som fann stad i Hordaland tingrett måndag morgon. 

Tingretten skal behandle saka der ein 32 år gamal mann står tiltalt for grov mishandling av sin egen son over tre veker sommaren 2022.

Han kom til retten i ein raud genser. 

Men det var ikkje det einaste blikkfanget. Han hadde også dekka til heile ansiktet sitt med eit stort, kvitt band.

Det var også slik han valde å sitte inne i rettssalen. 

– Reaksjonen er ikkje ei avvising, men av djupt psykologiske årsaker. Realiteten i saka har drive han til ein tilstand av sjokk og fortviling, forklara forsvarar Ahmed Taha til retten.

FORSVARAR TILTALT FAR: Advokat Ahmed Taha i Hordaland tingrett. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
FORSVARAR TILTALT FAR: Advokat Ahmed Taha i Hordaland tingrett. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Presse og publikum får ikkje følge saken i sjølve rettssalen, av hensyn til tiltalte. Det har dommaren bestemt. Pressen følgjer difor saka digitalt frå eigen sal.

Heldt seg for øyra

Då dei grove skildringane i tiltalen vart lest opp i retten, heldt mannen seg for øyra. 

Det gjorde han også under statsadvokat Asbjørn Onarheim sitt innleiingsforedrag. Mannen sat også veldig sammenkrøpa på stolen, mellom forsvararen sin og ein tolk.

Då han fekk eit apparat for å få rettssaka simultant tolka på øyra, sa han «la meg komme ut herifrå. Lyden skadar meg». 

På eit tidspunkt la han også heile hovudet ned på bordet framfor seg. Heile tida medan han heldt seg for øyra.

Dette skjedde sommeren 2022:

30.juni: Gutten kommer til Norge. Faren henter han på Gardermoen og kjører han til Bergen.

6. juli: Far oppsøker barnevernstjenestens kontor. Han hadde fått råd fra venner om å kontakte barnevernstjenesten for å få hjelp med barnet. Ifølge statsadvokat Asbjørn Onarheim handlet det om at mannen snakket et annet språk enn gutten. Kontaktpersonen i barnevernet vurderte at saken ikke hastet.

15. juli: Far møter til en samtale hos barnevernet. Formålet med samtalen var å få mer informasjon fra far om hvilken hjelp han og sønnen trengte. Det var telefontolk og to kontaktpersoner til stede under samtalen.

16. juli: Mishandlingen starter, ifølge tiltalen.

25. juli: Bekymringsmeldingen blir vurdert i et meldingsmøte. Her ble den vurdert til å ha «middels alvorlighetsgrad». At barnet hadde behov for hjelp, men at det ikke var akutt. Samme dag sendte barnevernstjenesten flere tekstmeldinger til far, og forsøker å nå han på telefon. De ber om en samtale 27. juli, men far skriver at tidspunktet ikke passer.

26. juli: Barnevernet forsøker å kontakte far, men lykkes ikke.

27. juli: Barnevernet tar igjen kontakt. Det blir også besluttet at de skal dra på uanmeldt hjemmebesøk, men finner ikke ut hvilken leilighet far og sønn bor i. Begrunnelsen er at det mangler navn på dørklokken. De forsøker å nå far på telefon, og oppholder seg utenfor adressen i 30 minutter, før de går fra stedet. Kontaktpersonene mener det ikke er grunnlag for å gå til politiet. Dette begrunnes med at barnevernet har taushetsplikt.

Seinere samme dag: Far skriver i en tekstmelding til barnevernstjenesten at de kan snakke med sønnen når han begynner på skolen etter ferien. I sin redegjørelse for Statsforvalteren kommer det fram at de barnevernsansatte besluttet at det var forsvarlig og til barnets beste å la saken bero til etter ferien.

7. august: Barnevernsvakten blir varslet om at gutten ligger skadet og bundet til en seng. Barnevernsvakten melder omgående til politiet, som aksjonerer mot fars leilighet. Det er en bekjent av far som varsler barnevernsvakten, ifølge Bergens Tidende.

Kilde: Tiltalen mot far og Statsforvalterens tilsynsrapport

Svara ikkje på skuldsspørsmålet

Då dommaren spurte korleis han stiller seg til tiltalen, nekta mannen å svare. Altså svara han ikkje på spørsmål om straffskuld eller ikkje.

– Vår oppfatning er at han ikkje nektar for å ha mishandla sonen, men i atskilleg mindre omfang enn det vi legg til grunn. Slik vi forstår han, nektar han straffskuld fordi han ikkje var seg sjølv. Altså at han var utilrekneleg, sa statsadvokat Asbjørn Onarheim.

– Han erkjenner ikkje straffskuld. Han meiner han var strafferettsleg utilrekneleg då mishandlinga skjedde, utdjupa forsvarar Ahmed Taha i sitt opningsinnlegg.

Påtalemakta meiner derimot at mannen har skuldevne og var tilrekneleg. Dei har varsla at det kan bli aktuelt å be om forvaringsstraff.

STATSADVOKAT: Asbjørn Onarheim i Hordaland tingrett. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
STATSADVOKAT: Asbjørn Onarheim i Hordaland tingrett. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Men latar han som?

Dette blir eit stort tema i retten. Den tiltalte har undervegs i etterforskinga ikkje hatt lyst til å la seg undersøke av rettspsykiatrisk sakkunnige. 

På eit tidspunkt blei han difor tvangsinnlagt. Der vart det konkludert med at han var tilrekneleg.

Statsadvokat Asbjørn Onarheim las opp ei rettspsykiatrisk vurdering der ein sakkunnig argumenterer for at deler av atferda til tiltalte er simulering. Altså at han latar som.

Den sakkunnige kunne ikkje utelukke at han også ville drive simulering under hovedforhandlinga. 

Det er retten som skal avgjera om mannen var strafferettsleg tilrekneleg eller ikkje under mishandlinga. I retten sit også to sakkunnige og skal gi sin vurdering.

Åtvara retten

Mannen vart pågripen 7. august 2022, då politiet gjekk til aksjon mot leilegheita hans i Bergen sentrum. 

Inne i leilegheita fann politibetjentane ein sju år gamal gut med store skader på heile kroppen. Dersom han ikkje hadde blitt funne, «kunne skadene vært livstruende», meiner påtalemakta.

Dei meiner guten er slått i ansiktet, overkroppen og underlivet. Det er brukt knytt hand, belte og ein elektrisk kabel i mishandlingen.

Statsadvokaten fortalde retten at det er funne fleire hundre bilete på tiltalte sin mobiltelefon, der han sjølv har dokumentert korleis skadene på guten utvikla seg.

– Eit utval av desse bileta vil bli presentert. Fleire av desse er rystande. Vi vil gi beskjed på førehand, slik at de er mentalt førebudd på det, åtvara statsadvokaten.

BRANNALARM: Mishandlinga skal ha skjedd i ein leilegheit i ein bygård i Bergen sentrum. Under pågripelsen, skal politiet ha utløyst brannalarmen for å få alle ut av bygget. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2
BRANNALARM: Mishandlinga skal ha skjedd i ein leilegheit i ein bygård i Bergen sentrum. Under pågripelsen, skal politiet ha utløyst brannalarmen for å få alle ut av bygget. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2

Tok opp slakta av barnevernet

Faren søkte familiegjenforeining med sonen sin. 30.juni 2022 kom guten til Norge og vart henta av tiltalte på Gardermoen.

Alt 6. juli oppsøkte far barnevernet på eige initiativ, etter råd fra venner. Årsaka var å be om hjelp, for dei to snakka ikkje same språk. 

Kontaktpersonen i barnevernet vurderte at saka ikkje hasta. Ti dagar seinare starta mishandlinga, ifølge tiltalen.

Ikkje på noko tidspunkt var barnevernet sjølv i kontakt med guten. Statsforvalteren i Vestland slakta etaten si handtering i ein tilsynsrapport. Seinare gjekk både byrådet og barnevernsdirektøren av.

Forsvararen tok opp dette i retten.

– Tiltalte søkte økonomisk støtte og barnevernet for hjelp. Han hadde kjærleik og omsorg for sonen sin. Saka har utløyst ei rekkje spørsmål rundt samfunnets rolle og korleis situasjonen kunne utvikle seg då offentlege instansar ikkje greip inn, sa Taha.

Hadde med 200 sider lang forklaring

Etter planen skulle tiltalte gi sin forklaring til retten i dag. Etter ein lengre seanse, der dommaren spurte om mannen ville gi muntleg forklaring til retten, heldt tiltalte fleire bunkar med ark over hovudet i retten.

Via sin tolk formidla mannen at han har skrive ned 200 sider med sin forklaring på kva som har skjedd «dei siste fem åra». Forsvararen innrømma til retten at den skriftlege forklaringa «var litt nytt» for han.

– Eg er ikkje ein gal person. Eg håpar retten respekterer mine smerter og kan gi meg fritak frå å site å høyre på lyder og stemmer her i rettssalen, sa tiltalte via sin tolk.

Til slutt virka det som tiltalte fekk nok og braut heilt saman inne i salen. Retten diskuterte vidare om tiltalte skal få forlate rettssalen eller ei.

VARIG KONTAKTFORBOD: Bistandsadvokat May Britt Løvik varsla retten at ho på vegne at guten kjem til å be om oppreisningserstatning og eit livsvarig kontaktforbod. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
VARIG KONTAKTFORBOD: Bistandsadvokat May Britt Løvik varsla retten at ho på vegne at guten kjem til å be om oppreisningserstatning og eit livsvarig kontaktforbod. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Hugsar ikkje mishandlingen

Etter lunsj måtte han likevel møte igjen i rettsalen. Dommaren ba forsvararen gå gjennom dei 200 sidene med skriftleg forklaring mannen hadde med seg og gjere eit utdrag som kan presenterast seinare.

Statsadvokaten spelte først av video av det einaste avhøyret som politiet har gjort med mannen, frå oktober 2022.

Det vart avbrote etter tjue minutt fordi mannen ikkje ønskte å bli filma. Resten av forklaringa vart lest opp av statsadvokaten. 

I korte trekk seier mannen at han først oppdaga skader på sonen laurdag 6.august, altså dagen før pågripinga. Dagen etter oppdaga han enda fleire skader og då ringte han ein venn som kom på besøk.

Dette er vennen som varsla vidare om gutten i leilegheita.

I avhøyret seier mannen at det må vera han som har forårsaka skadene på guten. Han lurer på om han er blitt gal og kallar det for «uverkeleg». Han kan ikkje tru at det er han som har gjort noko sånt.

Men han kan ikkje hugse å ha gjort anna enn å dytte til sonen nokre gonger eller tvinge han til å trene når gutten «irriterte han».

Han innrømmer også narkotikabruk i avhøyret og det kan vera noko av forklaringa på at han ikkje hugsar.

At guten var bunden fast, forklarte han var fordi sonen sov på magen. Då ville skader i underlivet bli verre, difor bandt han fast guten slik at han ikkje snudde seg.



Mer innhold fra TV 2