– Dei betalar prisen for at vår merksemd er vend bort

Medan verda sitt blikk er vendt mot Gaza, må Dråpen i Havet nedbemanne for å møte ei aukande krise i Hellas.

STORT BEHOV: I flyktningleiren på Lesvos har det vore ei stor auke i antal flyktningar som har kome i år. Leiren er overfylt og forholda er svært dårlege. Foto: Katrin Glatz Brubakk
STORT BEHOV: I flyktningleiren på Lesvos har det vore ei stor auke i antal flyktningar som har kome i år. Leiren er overfylt og forholda er svært dårlege. Foto: Katrin Glatz Brubakk

– Når ei ny krise oppstår, så gløymer ein litt dei andre krisene vi har vore opptatt av tidlegare. Det er naturleg, men det er jo krevjande, seier Trude Jacobsen, generalsekretær i Dråpen i Havet.

Ho driftar no den norske hjelpeorganisasjonen frå heimekontor. Kontorlokala deira er sagt opp og det er også fleire av deira tilsette.

– Det har vi gjort for å kutte kostnadar. Vi ser at vi ikkje klarar få inn dei inntektene vi har fått inn tidlegare, seier Jacobsen.

SPARAR: Trude Jacobsen er generalsekretær i Dråpen i Havet. Ho har sagt opp kontorlokala for å spare pengar, og jobbar no permanent på heimekontor. Foto: Erlend A. Sørbø / TV 2
SPARAR: Trude Jacobsen er generalsekretær i Dråpen i Havet. Ho har sagt opp kontorlokala for å spare pengar, og jobbar no permanent på heimekontor. Foto: Erlend A. Sørbø / TV 2

Færre donasjonar

Sidan 2015 har Dråpen i Havet vore til stades mellom anna i Bosnia og i Hellas for å hjelpe flyktningar som kjem til Europa.

Som norsk organisasjon som opererer i utlandet får dei ikkje offentlege midlar, men er avhengige av donasjonar frå private givarar.

Dei siste par åra har donasjonane gradvis minka. Som følgje av det, har Dråpen i Havet gått frå ha 12 faste tilsette i Noreg, til no å ha tre.

RESSURSAR: Det er mangel på alt frå klede til mat til leikar til madrasser i flyktningleiren på Lesvos, i følgje Dråpen i Havet. Foto: Katrin Glatz Brubakk
RESSURSAR: Det er mangel på alt frå klede til mat til leikar til madrasser i flyktningleiren på Lesvos, i følgje Dråpen i Havet. Foto: Katrin Glatz Brubakk

I tillegg har dei sett seg nøydde til å trekke seg ut av Bosnia. No er dei berre til stades i Hellas, der behovet framleis er stort.

– Vi opplever jo at informasjonen vi kjem med, druknar litt i andre kriser, seier Jacobsen.

Krevjande forhold

I pressen og på sosiale medier har det no vore mange saker om det som skjer i Midtausten. Samstundes er situasjonen fortsatt svært alvorleg i Middelhavet.

Hittil i år er det kome over 37.000 menneske på flukt til Hellas, i følge UNHCR.

Om lag 10.000 har kome via øya Lesvos, der Dråpen i Havet opererer.

– Vi ser det har vore ei stor auke i år. Berre i september kom det rundt 3000. Vi har ikkje sett slike tal sidan før 2019, seier Jacobsen.

I flyktningleiren Mavrovouni, Moria 2 på folkemunne, bur det over 5000 menneske, i ein leir som er bygd for 3000.

– Leirane er overfylte. Det er mangel på det meste. Det er krevjande og vi ser med bekymring mot vinteren.

OVERFYLT: Flyktningleiren på Lesvos i Hellas husar over tusen fleire enn det er plass til. Foto: Giorgos Moutafis / NTB
OVERFYLT: Flyktningleiren på Lesvos i Hellas husar over tusen fleire enn det er plass til. Foto: Giorgos Moutafis / NTB

Jacobsen fortel at det er mangel på vatn, klede og medisinar. Einslege mindreårige, kvinner åleine på flukt og familiar må sove i same overfylte telt.

Mange må sove rett på bakken, fordi det ikkje er nok madrassar til alle.

Ifølgje Jacobsen var dei før nærmare 40 hjelpeorganisasjonar til stades i leiren. No er dei seks igjen.

 Foto: Katrin Glatz Brubakk
Foto: Katrin Glatz Brubakk

Fleire organisasjonar har flytta til andre kriseramma område, andre har måtta legge ned på grunn av økonomi. Fleire klarar ikkje lenger møte dei strenge krava som greske styresmakter stiller til organisasjonar som skal operere i leiren.

– Det betyr jo at det også blir meir arbeid på oss som er igjen. Vi har god dekning på frivillige og tilsette i felt, men det er jo krevjande når vi har mindre ressursar.

Stort behov

Katrin Glatz Brubakk er barnepsykolog og initiativtakar til Moriabevegelsen.

Ho har sjølv vore mykje i flyktningleirane i Hellas som frivillig for Leger Uten Grenser.

FRIVILLIG: Barnepsykolog Katrin Glatz Brubakk har vore mykje i Moria-leiren som frivillig. Foto: Privat
FRIVILLIG: Barnepsykolog Katrin Glatz Brubakk har vore mykje i Moria-leiren som frivillig. Foto: Privat

Ho seier ho er svært bekymra for forholda i leirane, særleg i lys av den store auken av flyktningar som har vore i år.

– Vi kan gjere mykje frivillig. Frivillige betalar reise og opphald sjølv, men det er ikkje alt som er mogleg å gjere gratis. Det trengst midlar for å kjøpe mat, teppe, klede og fargestiftar til ungane, seier Brubakk.

LEIK: Barn leikar i ein flyktningleir i Bosnia. Her har Dråpen i Havet måtta avslutte arbeidet på grunn av økonomiske prioriteringar. Foto: Dråpen i Havet
LEIK: Barn leikar i ein flyktningleir i Bosnia. Her har Dråpen i Havet måtta avslutte arbeidet på grunn av økonomiske prioriteringar. Foto: Dråpen i Havet

Ho meiner det er både naturleg og forståeleg at folk sitt fokus no blir retta mot Gaza og Ukraina.

– Men det får ein konsekvens at aktiviteten blir trappa ned andre stader. Det betyr jo at nokon andre må betale prisen for at vår merksemd er vendt bort.

SNUR STEINAR: Jacobsen seier dei vil spare så mykje dei kan for å kunne vere til stades lengst mogleg. Ho seier likevel ho er uroa for den økonomiske situasjonen. Foto: Erlend A. Sørbø / TV 2
SNUR STEINAR: Jacobsen seier dei vil spare så mykje dei kan for å kunne vere til stades lengst mogleg. Ho seier likevel ho er uroa for den økonomiske situasjonen. Foto: Erlend A. Sørbø / TV 2

Må kutte ned

Trude Jacobsen i Dråpen i Havet seier dei sparar der dei kan for å sikre at dei kan oppretthalde drifta i leiren så lenge som mogleg.

Ho seier dei har mange frivillige på plass i Hellas og at dei vil prøve å bli der så lenge det er behov.

– Vi skal gjere alt vi kan for å halde fram med å vere til stades. Vi håpar jo det ikkje skal vere behov for oss snart, men det ser ikkje ut som det skjer med det første, seier Jacobsen.