Då Emma (20) skjønte kva som hadde skjedd, var det for seint

Etter ei melding frå det ho trudde var ei ung jente, blei Emma kasta ut frå sin eigen instagramkonto. Så begynte den å leve sitt eige liv.

UTSATT FOR HACKAR-ANGREP: Profilen til venstre slik han ser ut to døgn etter at Emma Nordvik blei hacka. Ho har allereie mista over 400 følgarar. Dei siste bilda på profilen hennar er det ikkje ho sjølv som har lagt ut. Foto: Privat/Instagram

Emma Nordvik frå Bergen har jobba seg opp ei følgeskare på vel 3000 følgarar på Instagram over dei siste åra. Ho har samarbeidsavtalar med kjente klesmerker.Dagleg får ho mange meldingar frå følgarane sine og det er ikkje alle ho svarar på.Men då ei tilsynelatande ung jente tok kontakt, svarte ho for å vere høfleg.Jenta påstod at ho dreiv ein hjelpeorganisasjon. Ho ba deretter om e-post adressa til Nordvik, som ho fe