Sette punktum for krangelen

Bybanen skal gå over Bryggen

Ingen gjekk av denne gongen då bystyret i Bergen landa den endelege planen for Bybanen til Åsane. No startar krigen om pengane.

SLIK BLIR DET: Dagens veg for bilar, lastebilar og bussar forsvinn og blir til bybanetrasè og sykkelveg. Illustrasjonsbilde. Foto: Miljøløftet/Bergen kommune
SLIK BLIR DET: Dagens veg for bilar, lastebilar og bussar forsvinn og blir til bybanetrasè og sykkelveg. Illustrasjonsbilde. Foto: Miljøløftet/Bergen kommune

Onsdag vart den endelege reguleringsplanen for Bybanen til Åsane vedteke av bystyret i Bergen. Bybanen skal derfor gå over Bryggen.

Det skjedde med 36 mot 31 stemmer i spørsmålet som handlar om sjølve traseen inne i sentrum.

Debatten og ordskiftet var langt mindre dramatisk enn det som er vanleg når viktige sporval for Bybanen er oppe til behandling i bystyret.

Over ti år med kaos, bråk, krangling og politiske krisar er dermed over. Enn så lenge i bystyret i alle fall.

– Eg er veldig glad for at vi har hatt ein så ryddig debatt i dag. Eg håpar vi kan sette sluttstrek for kva type bybane vi skal ha til Åsane. No skal vi skal få med staten, så kan vi begynne bygginga, sa byutviklingsbyråd Ingrid Nergaard Fjeldstad (V).

FOR BYBANEN: Geir Steinar Dale frå (Ap) hadde med seg ein modell av ei bybanevogn inn i bystyret Foto: Torjus Sagenes / TV 2
FOR BYBANEN: Geir Steinar Dale frå (Ap) hadde med seg ein modell av ei bybanevogn inn i bystyret Foto: Torjus Sagenes / TV 2

Demonstrasjonar før møtet

For det gjekk ikkje heilt roleg for seg denne gangen heller.

Før møtet var det store demonstrasjonar utanfor bystyresalen. Nokre demonstrerte for å gi støtte til Bybanen over Bryggen, men fleire titals var møtt opp for å protestere på bystyrevedtaket.

– Det er trist. Men samstundes trur eg ikkje siste punktum er sett. Det er veldig mykje usagt, og mykje som ikkje er teke omsyn til, sa leiaren for Bergen INP, Ann Jorun Hillersøy, til TV 2.

DEMONSTRASJON: Fleire titals demonstrantar var møtt opp for å protestere mot bystyrevedtaket om at Bybanen skal gå over Bryggen. Foto: Torjus Sagenes

FOR: Nokre demonstrerte også for Bybanen før bystyremøtet. Foto: Torjus Sagenes / TV 2
FOR: Nokre demonstrerte også for Bybanen før bystyremøtet. Foto: Torjus Sagenes / TV 2

– Eit traume for Bergen

Det vart mildt sagt dramatisk sist bystyret i Bergen skulle stemme over det til no evige spørsmålet om Bybanen skal gå i tunnel eller over Bryggen gjennom sentrum til Åsane.

Roger Valhammer (Ap) og byrådet gjekk av då fleirtalet hausten 2021 stemte for å gå vidare med tunnelalternativet.

Politisk kaos råda i byen i dagevis før tre utbrytarar frå Raudt og Senterpartiet skifta side og sikra fleirtal for Bryggen-alternativet.

Det var heller ikkje første gongen bybaneavgjersler i bystyret førte til at byrådar trekte seg.

– Bybanesaka er eit årelangt traume i bergenspolitikken, har politisk kommentator Gerd Tjeldflåt i Bergens Tidende tidlegare sagt.

Onsdag skriv ho at etterdønningane av konflikten framleis vil sette sitt preg på bergenspolitikken framover.

Sentralt i konflikten ligg spørsmålet om Bybanen trugar verdsarvstaden på Bryggen. Riksantikvaren gav til slutt tommel opp for utbygging i april.

NYTT: Illustrasjon av Bybanen forbi Finnegården og mot Bryggen. Foto: Miljøløftet/Bergen kommune
NYTT: Illustrasjon av Bybanen forbi Finnegården og mot Bryggen. Foto: Miljøløftet/Bergen kommune
GLIR FORBI: Illustrasjon av korleis det vil sjå ut når Bybanen køyrer over Bryggen, sett frå andre sida av Vågen. Foto: Miljøløftet/Bergen kommune
GLIR FORBI: Illustrasjon av korleis det vil sjå ut når Bybanen køyrer over Bryggen, sett frå andre sida av Vågen. Foto: Miljøløftet/Bergen kommune
Her fra planlagt haldeplass i Amalie Skrams vei i Sandviken. Foto: Miljøløftet/Bergen kommune
Her fra planlagt haldeplass i Amalie Skrams vei i Sandviken. Foto: Miljøløftet/Bergen kommune
Illustrasjon av Bybanen til Åsane. Her fra planlagt holdeplass ved NHH i Ytre Sandviken. Foto: Miljøløftet/Bergen kommune
Illustrasjon av Bybanen til Åsane. Her fra planlagt holdeplass ved NHH i Ytre Sandviken. Foto: Miljøløftet/Bergen kommune
Illustrasjon av Bybanen til Åsane. Her fra planlagt utvidelse av Åsane terminal. Foto: Miljøløftet/Bergen kommune
Illustrasjon av Bybanen til Åsane. Her fra planlagt utvidelse av Åsane terminal. Foto: Miljøløftet/Bergen kommune

Ti år med rapportar

Traseen vore greidd ut, analysert og diskutert sidan 2013. Ein haug med potensielle tunnelalternativ har blitt kikka på.

Fagetaten har sidan 2013 laga over 100 grundige rapportar med analysar, notat, skisser og presentasjonar, før dei i fjor haust var klare med første versjon av dagens vedtekne reguleringsplanar.

Fagetaten har landa på at dagalternativet var det beste.

– Dette er den mest gjennomdebatterte saka i bystyrets historie, sa Geir Steinar Dale (Ap) då han starta debatten.

Nye gjennomgangar av den siste tunnelutreiinga deira i BT og BA har likevel på nytt sett sinna i kok hjå motstandarane av den såkalla dagløysinga.

Uavhengige representantar, og dessutan Folkets parti (tidlegare FNB), fremja eit utsettingsforslag på grunn av det som kjem fram i sakene. Sp støtta forslaget.

– Opplysningane er av ein slik art at saka må utsettast og må bli gått gjennom, sa Cesilie Tveit i FNB.

Berre eit lite mindretal støtta forslaget om utsetting og dermed fall det.

«PÅSKEKRIM»: Rett før påske fekk byutviklingsbyråd Ingrid Nergaard Fjeldstad (V) den endelege reguleringsplanen for Bybanen til Åsane overlevert av etatsdirektør Tarje Wanvik. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Slik stemte bystyret

Inne i sjølve bystyresalen hadde fleire politikarar tatt med seg små modellar av bybanen.

Fleire andre, som er mot Bryggen-traseen, gjekk med t-skjorter med trykk av den ikoniske husrekkja.

Ap, KrF, SV, MDG, Raudt og to representantar frå Sp stemte for Bryggen-traseen og fekk fleirtalet med 36 stemmer.

– I dag har kunnskapen og fornufta vunne fram. I dag er det skikkeleg skillingsbolle-stemning. Eg har laga til alle saman. Bybanen er verdas beste transportmiddel, sa Thor Haakon Bakke (MDG).

Høgre, Frp, Folkets parti, dei fem uavhengige representantane og tre representantar frå Sp stemte mot.

– Eg er botnlaust fortvila. Bybanen vil øydeleggje Bryggen. Eg trur likevel at denne traseen aldri vil bli bygd, sa Tveit frå Folkets parti.

Høgre stemte berre mot traseen som gjeld Bryggen, på resten av traseen stemte dei for. Dei ønskjer Bybanen til Åsane og vil ikkje ta fleire omkampar på tunnelalternativ.

Men dei meiner prosjektet må kutte kraftig i kostnadane om det skal bli realisert og foreslår mellom anna å kutte eit underjordisk stopp i Sandviken.

– Lovnadane om meir pengar frå staten trur eg ikkje på før eg ser pengane komme over fjellet. Men vi skal sjølvsagt jobbe for å betre finansieringa av prosjektet, sa Charlotte Spurkeland (H).

MØTE: Charlotte Spurkeland frå Høgre under bybanedebatten. Foto: Sorosh Sadat / TV 2
MØTE: Charlotte Spurkeland frå Høgre under bybanedebatten. Foto: Sorosh Sadat / TV 2
SKILLINGSBOLLAR: Thor Haakon Bakke frå MDG hadde baka skillingsbollar til alle. Foto: Ingrid Håvardsholm / TV 2
SKILLINGSBOLLAR: Thor Haakon Bakke frå MDG hadde baka skillingsbollar til alle. Foto: Ingrid Håvardsholm / TV 2
MØTE: Bystyret i Bergen 31.mai 2023. Foto: Sorosh Sadat / TV 2
MØTE: Bystyret i Bergen 31.mai 2023. Foto: Sorosh Sadat / TV 2

Dette skal byggast

Prislappen for heile prosjektet er på litt over 21 milliardar kroner. Bybanen får 14 nye haldeplassar, med endestopp i Vågsbotn i Åsane.

Reisetid frå Torget til Åsane terminal blir på ca. 17 minutt, medan reisa gjennom Åsane sentrum og fram til Vågsbotn vil ta ytterlegare åtte minutt.

Utbygginga vil også påverke dagens bybanelinjer til Flesland og Fyllingsdalen. Vognene slepp å bruke tid på å snu i sentrum og ein kan difor auke regulariteten og kapasiteten i rushtidene.

Men det er ikkje berre bybaneskinner som skal byggast. Prisen inkluderer mellom anna også forlenga Fløyfjelltunnel for bilistane med nytt utløp i Eidsvåg og 13 kilometer med ny sykkeltrasé.

Og når skal den stå klar? Truleg ikkje før i 2034, minst. Dei mest optimistiske håpar på byggestart i 2025.

SKINNER PÅ BRYGGEN: Bybanen får ikkje stopp på Bryggen, men i Sandbrogaten og på Torget. Illustrasjon: Miljøløftet/Bergen kommune
SKINNER PÅ BRYGGEN: Bybanen får ikkje stopp på Bryggen, men i Sandbrogaten og på Torget. Illustrasjon: Miljøløftet/Bergen kommune

Hindringar som står att

Det ligg likevel fleire hindringar i sporet før bergensarar igjen kan sette seg på skinnegåande transport gjennom sentrum og over Bryggen.

Først og fremst må pengane på plass.

Med vedtatt reguleringsplan kan forhandlingane med staten om finansieringa av banen starte. I neste veke reiser byutviklingsbyråden til Oslo for å snakke med samferdsleministeren.

I Nasjonal transportplan er det svært trongt om prioriteringsplassane dei neste åra. Det blir ein krig om pengane.

Vegvesenet sa før påske i sitt NTP-innspel at dei ikkje vil prioritere Bybanen til Åsane før tidlegast i 2030.

Arbeidarpartiet sa på sitt landsmøte at Staten må støtte bybaneutbygging med 70 prosent av rekninga.

Viss det ikkje skjer, eller om prisen på prosjektet aukar ytterlegare, må pengane hentast inn på anna vis.

Det kan på nytt gi store bompengeprotestar i Bergen.

Vegvesenet skal også sørge for å forlenge Fløyfjelltunnelen, slik at Bybanen kan ta over plassen til dagens motorveg i Ytre Sandviken.

Samarbeid og koordinert utbygging av desse prosjekta er difor essensielt for at Bybanen skal komme seg heilt fram til Åsane og Vågsbotn.