– Når det står på som verst, er det som at ein hest har kvelva over deg, og ikkje rikkar seg.

Så du berre ligg der og ligg der og ligg der, under fleire hundre kilo tungt kjøtt.

Blei sjukare etter vaksine: – Me vil berre bli tatt på alvor

I 13 år har Heidi Andresen (41) halde sjukdommen i sjakk. Så tok ho koronavaksinen.

Det blir anslått at mellom 10.000 og 20.000 personar i Noreg lever med ME.41 år gamle Heidi Andresen er ei av dei.Mesteparten av historia hennar får vi fortalt i videomeldingar, som ho sender etter kvart som ho har overskot.Ho er ikkje i form til å få besøk, og sjølv korte telefonsamtalar tar frå henne det lille ho har av energi.13 stabile år - men så ...Andresen fortel at formen hennar har vore nokså stabil dei siste 13 åra. Sjølv om kvardagslivet har vor