UROA: Mette Christophersen Tollånes er lege og tobarnsmor. Ho meiner at nokon må ta ansvar for barnas psykiske helse, og avslutte lærarstreiken. Foto: Kåre  Breivik / TV2
UROA: Mette Christophersen Tollånes er lege og tobarnsmor. Ho meiner at nokon må ta ansvar for barnas psykiske helse, og avslutte lærarstreiken. Foto: Kåre Breivik / TV2

Ber partane avslutte streiken: – Eg er svært uroa

Lærarstreiken rammar ungdommane urimeleg hardt, meiner mor og lege Mette Tollånes. Ho ber partane om å sette ungdommane først.

– Eg har stor sympati med lærarane, men eg er utruleg bekymra for barn og unge, som nok ein gong ikkje får eit normalt år, seier Mette Tollånes.

Tollånes er utdanna lege og har sjølv ei dotter som blir råka av streiken. No ser ho med uro på nok ei opptrapping av lærarstreiken, og ber partane om å finne ei løysing og få ein slutt på streiken.

– Mange ungdommar ligg allereie nede, etter 2.5 år med pandemitiltak. Dei er ekstra sårbare, og treng eit normalt skuleår, no meir enn andre år.

STREIK: Lærarane har vore i streik sidan før sommaren. No trappar dei opp enno meir. Foto: Sorosh Sadat / TV 2
STREIK: Lærarane har vore i streik sidan før sommaren. No trappar dei opp enno meir. Foto: Sorosh Sadat / TV 2

Trappar opp

Fredag varsla Utdanningsforbundet at dei vil trappe opp streiken nok ein gong, med ytterlegare 431 nye medlemmer. Neste onsdag vil over 3000 lærarar vere ute i streik.

18 år gamle Soroya Hammouchi er blant dei som dermed berre får tre timar undervisning i veka, og ikkje eitt einaste av åra hennar på vidaregåande vil bli som normalt.

SJØLVSTUDIUM: Soroya Hammouchi og Malin Hundsnes er avgangselevar ved Bergen Katedralskole. Dei må jobbe med dei fleste faga på eigahand, ettersom lærarane er ute i streik. Foto: Trine Svanholm Misje / TV 2
SJØLVSTUDIUM: Soroya Hammouchi og Malin Hundsnes er avgangselevar ved Bergen Katedralskole. Dei må jobbe med dei fleste faga på eigahand, ettersom lærarane er ute i streik. Foto: Trine Svanholm Misje / TV 2

– Eg er mest uroa for eksamen, og for karakterane våre. Det er høgt snitt for å komme inn på universiteta, og her sit me og ikkje har undervisning. Det er veldig stressande, seier Soroya.

Ho går siste året på Bergen Katedralskole, der 64 lærarar så langt er tatt ut i streik. Ho hadde gledd seg til å endeleg ha eit normålt skuleår. Slik blei det ikkje.

– Det er utruleg kjipt, særleg etter to år med pandemi.

NAUDSTYNT: Streikeleiar Willem Von Erpecom seier alle lærarane helst skulle vore i klasserommet saman med elevane, men at dei er nøydd å streike for å sikre ein god skule i framtida. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2
NAUDSTYNT: Streikeleiar Willem Von Erpecom seier alle lærarane helst skulle vore i klasserommet saman med elevane, men at dei er nøydd å streike for å sikre ein god skule i framtida. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

Streikeleiar for Norsk Lektorlag, Willem Von Erpecom, seier han delar frustrasjonen og uroa som både elevar og foreldre ytrar, og at lærarane aller helst skulle vore inne i klasserommet med elevane. Han meiner likevel det er naudsynt å streike.

– Det er allereie altfor mange elevar på landsbasis som ikkje får god nok undervisning, året rundt, på grunn av ein lærarmangel som skuldast at lærarane blir nedproritert år etter år.

KS meiner på si side at lærarane ikkje er kome dårlegare ut enn andre yrkesgrupper, og meiner lærarane må ta ansvar.

Dette er konflikten

  • Streiken har pågått sidan 8. juni.
  • Lærarane streiker i hovudsak for høgare løn. Så langt har Utdanningsforbundet tatt ut 2800 lærarar i streik fordelt på 14 kommunar. Dei har varsla opptrapping, og neste veke vil over 3100 lærarar streike.
  • Så langt er ungdomsskular og vidaregåande skular råka.
  • Lærarane meiner dei har hatt betydeleg lågare reallønsvekst enn andre kommunalt ansatte heilt sidan 2004.
  • Kommunens sentralorganisasjon (KS) er arbeidsgivar og har forhandlingsansvar. Dei er ueinig i lærarorganisasjonane si framstilling.
  • I tariffoppgjeret i vår, aksepterte 37 av 40 fagforeiningar avtalen med KS. Dei tre resterande organisasjonane er Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag og Skolenes Landsforbund, som alle no har tatt medlemmer ut i streik.

Kjelder: KS.no, utdanningsforbundet.no

Presset aukar

– Sett utanifrå kan dette bli ein langvarig streik. Det ser ikkje ut som om partane har byrja å nærme seg kvarandre, seier Kristine Nergaard, arbeidslivsforskar i Fafo.

Ho seier at dei små og hyppige streikeuttaka, signaliserer at lærarorganisasjonane førebur seg på å streike lenge.

Likevel meiner ho at presset mot partane aukar.

– Det er grenser for kor lenge me som samfunn kan akspetere at ganske mange unge ikkje får den utdanninga dei etter loven har krav på. På eitt eller anna tidspunkt må partane møtast og sjå om dei kan komme fram til ei løysing.

KAN BLI LANGVARIG: Arbeidslivsforskar Kristine Nergaard trur partane førebur seg på at streiken blir langvarig. Foto: Torstein Wold / TV 2
KAN BLI LANGVARIG: Arbeidslivsforskar Kristine Nergaard trur partane førebur seg på at streiken blir langvarig. Foto: Torstein Wold / TV 2

Dersom partane ikkje sjølv kjem fram til ei løysing, utelukkar ho ikkje at det kan gå mot tvungen lønnsnemnd.

– Eg meiner at viss denne streiken blir veldig langvarig, så er det eit reellt alternativ på grunn av dei store samfunnsmessig konsekvensane streiken får. Men me er ikkje der enno, seier Nergaard.

Grensa er nådd

Mette Tollånes meiner likevel at grensa er nådd for mange.

– Me veit ikkje kor sårbare desse ungdommane er, etter to år med pandemitiltak. Eg er redd for at ungdommane får eit litt dårlegare utgangspunkt for resten av livet, enn det dei elles ville fått.

Ho er redd for at me så langt berre har sett toppen av isfjellet for kva pandemitiltaka har å sei for unge menneskers psykiske helse, og at ein langvarig streik berre vil gjere vondt verre.

DIALOG: Mette Tollånes ber partane om å gå i dialog for å finne ei løysing, og sette ungdommane først. Foto: Kåre  Breivik / TV2
DIALOG: Mette Tollånes ber partane om å gå i dialog for å finne ei løysing, og sette ungdommane først. Foto: Kåre Breivik / TV2

For nokre, kan konsekvensane bli dårlegare karakterar og at elevar ikkje kjem inn på studiet dei ønskjer. For andre, kan det vere det som gjer at dei sluttar å møte opp på skulen, meiner Tollånes.

Ho meiner uansett det er på tide å sette ungdommane først, og heller ta opp igjen streiken eit anna år.

– No råkar streiken elevane så mykje hardare enn han ville gjort på eit vanleg år. No må ungdommane komme først, for å sikre at dei har sjansen til å hente seg inn igjen.