SPEIDAR ETTER SPEKKHOGGARAR: Kompisane frå Nøtterøy er bekymra for at spekkhoggarar skal øydelegge båten deira og sette ein stoppar for eventyret. Foto: Sailing Off Course
SPEIDAR ETTER SPEKKHOGGARAR: Kompisane frå Nøtterøy er bekymra for at spekkhoggarar skal øydelegge båten deira og sette ein stoppar for eventyret. Foto: Sailing Off Course

Bekymra for spekkhoggar-angrep

Gutegjengen frå Norge seglar kun om dagen for å unngå å bli råka av spekkhoggarar.

I sommar la fire kameratar frå Nøtterøy ut på sin livs segletur.

Med svært begrensa segleerfaring skal dei segle jorda rundt. Turen vil ta to-tre år.

Då TV 2 snakka med gjengen før avreisa i juli, var dei spente på kva som kom til å møte dei ute på havet.

Jonas Selim (t.v), Filip Floberg Jensen, Jørgen Beck og Marius Bakken var spente og gira før avreise i sommar. Foto: Sailing Off Course
Jonas Selim (t.v), Filip Floberg Jensen, Jørgen Beck og Marius Bakken var spente og gira før avreise i sommar. Foto: Sailing Off Course

– Det blir nok ei veldig bratt lærekurve, sa Selim då.

Lite visste dei at spekkhoggarangrep skulle bli ein reell trussel.

– Må vere frykteleg

Gutane høyrde om angrepa første gong medan dei segla utanfor Frankrike. Då tok dei det med ro, fordi det ikkje var varsla om angrep i nærleiken av dei, fortel dei.

Men då dei låg til hamn i La Coruña, nord i Spania, for to veker sidan, vaks bekymringa.

Fleire seglarar dei møtte, var blitt angripne like utanfor marinaen.

– Då blei vi ganske stressa. Det er jo ein reell trussel at spekkhoggarane skal øydelegge roret og setje ein stoppar for reisa, seier Selim.

Det verste dei har høyrt er at ein båt gjekk under fordi roret knakk og det blei hol i skroget.

– Det må vere ei frykteleg oppleving å ha så store dyr som dunker i skroget på den måten, seier dei til TV 2.

Ein norsk familie opplevde nettopp dette i september. Sjå video:

Familien måtte bli taua av redningsskøyte og fekk beskjed om at det ville ta fem veker før dei kunne segle igjen. Dei ønsker ikkje å stille til intervju, men har gitt TV2 løyve til å vise videoane.

I havet utanfor Den iberiske halvøya og i Biscaya-bukta har det dei siste to åra blitt registrert ei rekke spekkhoggarangrep mot seglbåtar. Dyra angrip rora på båtane og støyter kroppane inn i skroga.

Spanske og portugisiske aviser har meldt om angrep dei siste månadane. Seglarar har delt erfaringar med kvarandre i ulike Facebook-forum. Samstundes klør forskarane seg i hovudet for å finne ut kvifor spekkhoggarane gjer dette.

Uvanleg oppførsel

Audun Rikardsen er professor i arktisk biologi og marinbiologi, og har forska på spekkhoggarar store delar av livet.

Kor vanleg er det at spekkhoggarar går til angrep mot seglbåtar på denne måten?

Professor i arktisk marinbiologi ved Universitetet i Tromsø, Norges arktiske universitet, seier at sidan roret på ein seglbåt ofte stikk langt ned i havet, er det lett å få tak i for spekkhoggarane. Foto: Privat
Professor i arktisk marinbiologi ved Universitetet i Tromsø, Norges arktiske universitet, seier at sidan roret på ein seglbåt ofte stikk langt ned i havet, er det lett å få tak i for spekkhoggarane. Foto: Privat

– Det er ikkje vanleg, men det har skjedd i havet utanfor Den iberiske halvøya i fleire år no.

Det spesielle er at det berre er registrert slike angrep i dette spesifikke området, fortel professoren.

– Det styrker teorien om at det er éin spekkhoggarfamilie som driv med denne type oppførsel.

Han trur den aktuelle familien har spesialisert seg på denne oppførselen, og lært han vidare til borna. Slik held det fram.

Fakta om spekkhoggarar

  • Spekkhoggarar høyrer til delfinfamilien. Det vitskaplege namnet er orcinus orca.

  • Dei finst i alle hav, både på den nordlege og sørlege halvkule.

  • Dei er utprega flokkdyr som lever i familieflokkar med sterke band mellom kvart individ.

  • Ein fullvaksen hann kan bli om lag 9 meter land. Hoene kan bli rundt 7,5 meter.

  • Dei kan vege opp til 10 tonn.

  • Dei spesialiserer seg ofte på éin eller nokre få typar byttedyr, og det gjer at adferden til spekkhoggarar frå ulike familiar, kan vere ganske forskjelleg.

  • Nokre spekkhoggarar har spesialisert seg på å berre ete fisk. Dei blir kalla «fiskespisere». Andre er har spesialisert seg på å ete små sjøpattedyr, som sel. Dei blir kalla «sjøpattedyrspisere.»

  • I familiane som et fisk, kan det vere frå åtte til førti individ.

  • I familiane som et sjøpattedyr, kan det vere frå fire til ti individ.

Kjelde: Store norske leksikon og professor Audun Rikardson, UiT Norges arktiske universitet

Fleire teoriar

Rikardsen seier det er fleire teoriar knytt til den merkelege oppførselen, blant anna at straumen bak roret er noko spekkhoggarane likar å leike med.

– Eg personleg trur at det er leik meir enn eit bevisst angrep, men ingen kan svare på akkurat kvifor dei gjer dette.

I 2020 hevda spanske forskarar at det handla om eit par individ som hadde blitt skada av seglbåtar eller i forkant av eit møte med ein seglbåt, og at dei difor reagerte på denne måten.

Andre teoriar er at spekkhoggarane brukar seglbåtar for å trene seg på å jakte kval.

STORE DYR: Spekkhoggarar kan vege opp til 10 tonn. – Det opplevast nok som ganske skremmande for dei som blir råka, seier Rikardsen. Illustrasjonsfoto.
STORE DYR: Spekkhoggarar kan vege opp til 10 tonn. – Det opplevast nok som ganske skremmande for dei som blir råka, seier Rikardsen. Illustrasjonsfoto. Foto: Jan Kåre Ness/Scanpix

Rikardsen seier at det hadde vore interessant å fått merka dei aktuelle spekkhoggarane og følgt dei over tid.

– Då kunne ein ha samanlikna vandringa deira med GPS-sporinga på seglbåtane for å sjå om dyra bevisst følger etter båtane, kor lenge dei gjer det og kva type båtar dei likar best.

I tillegg kan ein då finne ut om spekkhoggarane som angrip er «fiskespisere» eller «sjøpattedyrspisere».

– Den sistnemnde gruppa er kjend for å leike med byttet sitt. Dei kan spele det som liknar på «ping-pong» med selar, fortel professoren.

Dei kan også angripe kval. Då bit dei seg fast i finnen, som forøvrig kan likne på roret til ein seglbåt.

– Kanskje brukar dei seglbåtar til å øve seg på å angripe kval, seier Rikardsen. Men dette blir berre spekulasjonar frå mi side, legg han til.

Nye angrep

No er gutane i Porto, nord i Portugal, og skal etter planen segle vidare sørover til Lisboa på onsdag.

Då TV 2 snakkar med dei, har dei nyst fått høyre om fire nye angrep utanfor Lisboa.

– Spekkhoggarane er visst både bak, med og framføre oss, seier Selim.

FØLGER DEI: – Det er klart vi er prega av å høyre om desse angrepa, seier gutane. Dei tenkte kanskje dei snart var unna spekkhoggarfaren, men har nyleg fått vite at det har vore nye angrep dit dei skal segle vidare. Foto: Sailing Off Course
FØLGER DEI: – Det er klart vi er prega av å høyre om desse angrepa, seier gutane. Dei tenkte kanskje dei snart var unna spekkhoggarfaren, men har nyleg fått vite at det har vore nye angrep dit dei skal segle vidare. Foto: Sailing Off Course

Gjengen kjem likevel til å halde fram.

– Vi må rekke å krysse Atlanteren, så vi har ikkje så mykje tid. Dersom vi sit stille og er redde, kan vi risikere å bli her «for alltid».

Dei har tatt nokre grep for å unngå ubehaglege møter.

– Vi seglar ikkje på natta, vi seglar nærme land og nokre plassar har vi blitt lengre enn planlagt fordi vi har høyrt om angrep rett utanfor marinaen der vi er, fortel Selim.

Hittil har dei berre møtt på delfinar, og seier dei er godt nøgde med det.