
Eirik var centimeter frå å bli skoten

Den same natta tok han eit val
– Eg vil eigentleg ikkje seie det, men eg er jo redd
Eitt år etter masseskytinga i Oslo, opplever Eirik Sognnes (34) at kampen er blitt enda hardare, men desto viktigare.
Heime i Bergen gjer musikar Eirik Sognnes seg klar til pride-feiring.
Det blir annleis i år.
34-åringen frå Lærdal i Sogn har vore open homofil i ti år.
Han har aldri vore den som har gått fremst i pride-paradane, eller den som har ropt høgast i kampen om homofile sine rettar.
Det endra seg natt til 25. juni.
– Eg har eigentleg ikkje tatt innover meg kor nært det faktisk var. Det er heilt absurd å tenke på, seier Sognnes.

Skarpe smell
Det er snart eitt år sidan Eirik Sognnes hamna midt i skytinga i forkant av pride-feiringa i Oslo i fjor.
Natt til 25. juni 2022 var han inne på dansegolvet på London Pub, ein populær utestad for LHBT+-miljøet.
Her møtte han ein mann som han ønskte bli betre kjend med, og som han difor inviterte med utanfor der dei kunne snakke.

Ikkje lenge etter at dei gjekk ut, blei praten brått avbroten av lyden av skarpe smell.
– Eg trudde først det var fyrverkeri, seier Sognnes.
Han minnast at han kjende lufta av kula streife forbi hovudet hans. Ein mann som står ein liten meter frå han, blir treft.
Vektarane reagerte raskt. Eirik og fleire andre blei beordra inn igjen på London Pub. Han sprang opp i andre etasje. Væpna med ein barkrakk stiller han seg opp bak ein vegg.
– Eg tenkte at viss gjerningspersonen kjem opp no, så kan eg slå han i trynet med barkrakken utan at han ser meg.

Gjerningsmannen kom ikkje etter. Eirik krabba diagonalt over dansegolvet, mot naudutgangen. Denne var stengt.
– Om det var fordi døra var låst eller fordi det rett og slett var for mange folk utanfor, det veit eg ikkje.
Det var kaotisk inne på dansegolvet.
Den kjekke mannen han hadde snakka med utanfor, gjorde livreddande arbeid på ein person som var skoten i bakhovudet.
Like ved sat ein ung mann, sterkt prega. Han ringer heim til familien sin for å seie ha det.

Masseskyting på open gate
To personar blei drepne og 23 personar blei skadde då 43 år gamle Zaniar Matapour skaut vilt rundt seg like ved utestadene Per på Hjørnet, Herr Nilsen og London Pub, som er kjende utestader for skeive.
Fleire sivile bidrog med livreddande førstehjelp på staden og behandling av skadde.
Fleire prøvde å stoppe Matapour, som blei pågripen av politiet etter kort tid. Då var han blitt overmanna av fleire sivile.
Matapour er sikta for drap, drapsforsøk og terrorhandlingar.
Islamisten Arfan Bhatti og to andre menn er sikta for medverknad til angrepet, som blir rekna som grov terror.
Kunne vore avverja
Denne veka kom ein evalueringsrapport av hendinga der utvalet kom med ein knusande dom:
Skytinga kunne vore avverja.
I tillegg slår rapporten fast at skytinga kunne ha utvikla seg til eitt av dei dødelegaste angrepa mot sivile i Europa på mange år, om ikkje dei sivile på staden hadde handla så raskt.
Rapporten gjekk som ei sjokkbølgje gjennom det politiske Noreg, og PST har beklaga for at angrepet skjedde.
– Mange av oss kan nok takke dei sivile for at vi har livet i behald, seier Sognnes.

I tida etter masseskytinga, blei gata malt i regnbogefargar.

For Eirik byrja jobben med å ta fridomen tilbake
Tok grep
Eirik gløymer aldri synet som møtte han då han forlét London Pub den natta, og dei døde kroppane som låg dekt under teppe like utanfor.
– Det var utruleg trist. Dei såg så åleine ut.
Han gløymer heller ikkje synet av menneske rundt han som blei skotne eller kor nære han var å bli treft sjølv.
Vi bestemte oss den natta for at vi orka ikkje vere redde heile livet
Eirik og kameraten tok eit val den natta. Dei skulle ikkje la gjerningsmannen ta frå dei fridomen.
Samstundes bestemte Eirik seg for å ta ein større del i kampen.
– Det blei nesten som eit kall. Eg følte at eg hadde nytt fridomen som andre før meg hadde kjempa for. Men det er framleis ein jobb som må gjerast.

Ei veke etter skytinga var han i gang med å skrive det som skulle bli hans første album, innan sjangeren han sjølv har kalla skeiv, norsk frigjeringsrock.
– Eg ønskjer å frigjere skeive ved å setje ord på deira liv og skrive songar dei kan kjenne seg igjen i. Eg ønskjer å frigjere streite ved å utfordre dei på om de faktisk er så opne og tolerante som dei trur, seier Eirik.

Ekstra viktig i år
Pridefeiringa er allereie godt i gang i Bergen. Laurdag går årets første prideparade av stabelen. Det blir og den første sidan masseskytinga i fjor.
I år blir det ekstra viktig å ta del i feiringa, meiner Eirik.
– Dessverre så er behovet veldig stort i år. Vi er berre nokre dagar inn i pride-månaden juni, med det har allereie vore mykje bråk og motstand.

Han refererer til observasjonar av at kommentarfelt blir fylt av hets og regnbogeflagg blir brent på balkongar.
I starten av månaden såg Redd Barna seg først nøydd til å avlyse eit utandørs Pride-arrangement for barn på grunn av trugslar, før dei i staden fekk arrangere det innandørs.
Eirik nøler før han svarar på spørsmålet om kva han føler på i forkant av årets parade.
– Eg vil eigentleg ikkje seie det, men eg er jo redd. Det hatet eg følte på før skytinga i fjor, det kjennest mykje sterkare i år. Det er den ærlege tilbakemeldinga, seier Sognnes.

Tok fridomen tilbake
Sjølv om skytinga i Oslo har endra livet hans, seier Eirik at han i dag lever eit fint og fritt liv.
Musikken blei for han ein måte å handtere hendinga på. Han håpar at musikken også kan spele ei viktig rolle for andre.
– Eg har tatt fridomen tilbake. Det denne karen prøvde å ta frå meg i fjor, det har han ikkje klart. Eg skal fortsette den prosessen enda sterkare enn eg har gjort nokon gong før.
