Mohammed (31) flykta frå Syria med familien. Dei drukna i armane hans.

 Foto: Den tyrkiske kystvakta

No vil han saksøke landet han meiner pressa familien i døden.

– Dei kasta oss i døden

Tårene trillar mens Mohammed held opp ein finger.

– Éin time. Vi låg 13 timar i vatnet. Dei var i live med meg heilt til siste time. Etter det kunne eg ikkje gjere meir.

Mohammed fortel om natta på Egeerhavet då han mista alt.

– Kan du forestille deg at dei døde mens eg heldt dei? Eg fattar ikkje kvifor eg ikkje døde med dei.

– På grunn av høge bølger begynte vi å svelge vatn. Eg klarte å gjenopplive yngstesonen min ni gongar. Eg saug vatnet ut av munnen hans og spytta det ut, seier Mohammed.

LILLEBROR: Nyfødde Asem starta livet i Syria. Her får storebror Abdulwahab helse på for første gong. Ni månader seinare kjempa dei for livet i bølgene. Foto: Privat, publiset med løyve fra faren
LILLEBROR: Nyfødde Asem starta livet i Syria. Her får storebror Abdulwahab helse på for første gong. Ni månader seinare kjempa dei for livet i bølgene. Foto: Privat, publiset med løyve fra faren

Han viser korleis han også pressa på sonens brystkasse og kneip han i kinna for å vekke han til live. Gong på gong.

Men til slutt klarte ikkje ni månader gamle Asem å vakne.

– Dei døydde ein etter ein. Kona mi og borna mine døydde berre éin time før den tyrkiske kystvakta kom. Før redninga kom.

Vi gjer oppmerksam på sterke inntrykk.

For på denne videoen blir Mohammeds døde son svømt mot kystvaktskipet.

Abdulwahab blei berre fem år.

Mohammeds yngstemann blei ni månader. Kona Shifaa (30) tapte også kampen mot bølgene.

No sit Mohammed igjen utan nokon.

– Hovudet mitt er tomt. Eg klarer ikkje å tenke. Alt eg høyrer, er familien min som døyr.

MISTA LIVET: Mohammeds born, Asem (9 mnd.) og storebror Abdulwahab (5). GAME, stod det på storebror si t-skjorte. Foto: Den tyrkiske kystvakta
MISTA LIVET: Mohammeds born, Asem (9 mnd.) og storebror Abdulwahab (5). GAME, stod det på storebror si t-skjorte. Foto: Den tyrkiske kystvakta

Det var 10. september Mohammed og familien la ut frå Tripoli i Libanon. Om bord i den 15 meter lange båten var det rundt 80 båtflyktningar. Målet deira var å komme seg til Italia for å søke asyl.

Eg tok med familien fordi eg ville gi dei ei betre framtid. Men no er alt tapt
Mohammed

Ruta over Egeerhavet frå Tyrkia til Hellas er langt kortare enn Libanon-Italia. Men Hellas har fått rykte på seg for å presse folk tilbake til tyrkisk farvatn før dei får høve til å søke asyl.

VIL KLAGE: TV 2 intervjuar Mohammed (31) via Skype frå Tyrkia. – Eg ønskjer å bli intervjua fordi eg skal fremme ei klage mot Hellas, seier småbarnsfaren. Foto: Sonja Skeistrand Sunde / TV 2
VIL KLAGE: TV 2 intervjuar Mohammed (31) via Skype frå Tyrkia. – Eg ønskjer å bli intervjua fordi eg skal fremme ei klage mot Hellas, seier småbarnsfaren. Foto: Sonja Skeistrand Sunde / TV 2

Dette blir kalla pushback og strir mot internasjonal lov, som UNHCR har forklart i tidlegare artiklar på TV 2.

– Eg forsøkte å flykte første gongen i 2015. Også då blei eg utsett for pushback av den greske kystvakta og pressa tilbake til Tyrkia, fortel Mohammed.

Denne gongen ville han ikkje risikere å oppleve det samme sidan han skulle han reise med familien.

– Vi visste at reisa innebar ein risiko, men vi trudde vi ville få hjelp dersom vi hamna i havsnød, seier Mohammed.

RUTA: Målet var Italia, men så langt kom dei aldri. Foto: Grafikk: Magnus Torsvoll Midthun/May Husby
RUTA: Målet var Italia, men så langt kom dei aldri. Foto: Grafikk: Magnus Torsvoll Midthun/May Husby

Dei tok difor sjansen på den lange ruta mellom Libanon og Italia. Men nær den greske øya Rhodos, fekk dei motortrøbbel og etterkvart gjekk dei tom for drivstoff.

Dermed ringte dei den greske kystvakta for å få hjelp. Då kystvakta omsider kom, var mannskapa maskerte og valdelege, ifølge Mohammed.

– Dei slo oss og tok frå oss alt. Baggane, pengane, mobilane.

Les tilsvaret frå greske styremakter lenger nede i artikkelen.

Den greske kystvakta nektar all kjennskap til denne saka, men Mohammed seier han er sikker på at det var dei.

– Ja, eg er sikker. Ein million prosent. Dei hadde greske flagg, fortel Mohammed, og seier han også kjente kystvakta igjen frå sitt første møte med dei i 2015.

I fleire timar var dei om bord i kystvaktskipet, fortel Mohammed. Det som så skjer, får ingen av båtflyktningane dokumentert sidan alle mobilane er tatt frå dei. Men Mohammed seier alle dei rundt 80 båtflyktningane blei tvinga ned i fire oppblåsbare redningsflåter.

OPPBLÅSBAR REDNINGSFLÅTE: Dette biletet av den eine flåta er tatt etter at den kom inn i tyrkisk farvatn. Denne type flåte har verken framdrift eller styring. Foto: Den tyrkiske kystvakta
OPPBLÅSBAR REDNINGSFLÅTE: Dette biletet av den eine flåta er tatt etter at den kom inn i tyrkisk farvatn. Denne type flåte har verken framdrift eller styring. Foto: Den tyrkiske kystvakta

Mohammed og familien enda i den siste flåta.

– Dei prøvde å kaste oss i døden. Dei tok oss ned i redningsflåta. Deretter snudde dei sin båt og køyrde rundt oss for å lage bølger slik at vi skulle synke.

Mohammed fortel at alle dei 18 om bord i flåta blei kasta i vatnet i løpet av to-tre minutt.

– Bølgene var høge og vatnet var kaldt. Eg heldt rundt borna mine, seier Mohammed.

No pressar minnene seg på. Og tårene.

– Eg forsøkte å halde dei over vatn. Eg heldt dei slik, seier han og slår ut armen for å vise at han heldt begge barna med den eine armen. Med den andre handa, klamra han seg til flåta.

Men lufta begynte å gå ut av flåta fordi ventilen lakk. Båtflyktningane forsøkte å halde lufta inne, men dei måtte samtidig hjelpe borna og dei andre som ikkje kunne svømme.

– På slutten var det berre litt luft igjen i flåta. Alle klamra seg fast til det området der lufta ikkje var gått ut.

I løpet av natta blir dei tre andre flåtene redda av den tyrkiske kystvakta utanfor Marmaris. Ifølge båtflyktningane er dei då langt frå der dei opprinneleg forliste ved Rhodos.

Båtflyktningane slår så alarm om at det var ei fjerde flåte med flyktningar, og kystvakta startar leiteaksjon med helikopter og fleire skip.

Men då redninga kom, var det for seint for elleve menneske.

– Den første døde allereie etter eit par timar i vatnet, det var eit born, seier Mohammed.

13 TIMAR: Slik låg dei i 13 timar, ifølge Mohammed. Foto: Den tyrkiske kystvakta
13 TIMAR: Slik låg dei i 13 timar, ifølge Mohammed. Foto: Den tyrkiske kystvakta

Berre seks omkomne blei funne. Mohammed fortel at fem andre forsvann i bølgene undervegs.

I tillegg til kona og begge borna, mista Mohammed si vesle niese og tre andre slektningar.

– Pushback er ein forkasteleg praksis, seier tromsøværingen Tommy Olsen.

OVERVAKAR: Tommy Olsen publiserer jevnleg siste nytt om situasjonen på Egeerhavet. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
OVERVAKAR: Tommy Olsen publiserer jevnleg siste nytt om situasjonen på Egeerhavet. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Heilt sidan 2015 har han overvaka flyktningetrafikken på Egeerhavet, og han driv den norske organisasjonen Aegean boat report (ABR).

Hans oversikt over pushback viser ein aukande trend sidan starten på 2020. I august i år blei det sett ny dyster rekord, ifølge ABR.

Olsen forklarer kva som normalt skjer under ein såkalla pushback:

– Gresk kystvakt plukkar opp folk enten på land eller i sjøen, tar frå dei alt dei har av eigendelar og så dumpar dei båtflyktningane i livbåter ein eller annan plass nær tyrkisk farvatn, seier Olsen.

Dette har skjedd med over 43 000 menneske dei siste to og eit halvt åra, ifølge ABR sine tal.

– Det er heilt horribelt at menneske som søker hjelp eller tilflukt i Europa skal bli møtt på ein brutal og valdeleg måte, avsluttar Olsen.

Dette er filma av ei tyrkisk drone og publisert på nyheitsbyrået Reuters.

Ifølge kystvakta i Tyrkia viser videoen eit gresk skip og båtflyktningar som blir pressa ned i oppblåsbare redningsflåter. Dette skjedde 14. september, ifølge den tyrkiske kystvakta. Det er ikkje muleg for TV 2 å verifisere dette innhaldet.

Mange andre båtflyktningar har klart å filme delar av pushbacken, noko som har blitt hyppig publisert av mellom andre Aegean boat report.

Når båtflyktningane så driv inn i tyrkisk farvatn, blir det kystvakta i Tyrkia sitt ansvar å redde dei.

VENTAR: Båtflyktningar overlatt til seg sjølv. Foto: Privat/Aegean boat report
VENTAR: Båtflyktningar overlatt til seg sjølv. Foto: Privat/Aegean boat report

ABR og fleire internasjonale medier har også sjølv avslørt gjentatte pushbacks dei siste åra, som TV 2 har fortalt om tidlegare.

Også tyrkiske styremakter skuldar Hellas for omfattande bruk av pushbacks.

Anna Korka er Hellas sin ambassadør i Norge.

– Kvifor driv Hellas med pushbacks?

– For det første så er pushback ulovleg. For det andre så driv ikkje Hellas med pushbacks, svarer ambassadøren.

HELLAS I NORGE: Anna Korka er Hellas sin ambassadør i Norge. Foto: Gorm Røseth / TV 2
HELLAS I NORGE: Anna Korka er Hellas sin ambassadør i Norge. Foto: Gorm Røseth / TV 2

Ho viser til at Hellas har tatt imot mange hundre tusen asylsøkerar sidan 2014, og seier at den greske kystvakta har redda 320 000 menneske på havet.

Men bruken av pushbacks har blitt dokumentert mange gonger dei siste åra, noko TV 2 har fortalt om tidlegare. Like fullt har greske styremakter konsekvent nekta for at pushbacks skjer.

– Gjennom heile flyktningkrisa, blei Hellas lenge overlatt til seg sjølv. Det kjem til eit punkt der ein må kontrollere talet på menneske som kjem. Difor utfører vi lovlege kontrollar, men ikkje pushbacks, gjentar Anna Korka.

– Flyktningar har rett på beskyttelse og Hellas følger alle sine forpliktingar, understrekar ho.

Hellas avviser også all skyld for forliset som tok livet av familien til Mohammed.

– Påstår du då at Mohammed lyg?

– Eg veit ikkje, det kan eg ikkje uttale meg om, svarer Korka, og legg til:

– Den offisielle versjonen til den greske regjeringa er at dette ikkje skjedde på gresk territorium.

Men Mohammed er sikker i si sak.

– Feilen ligg hos grekerane. Dei kasta oss ut i redningsflåtene for at vi skulle dø. Dette er heilt openbert.

No fortel han at han vil kjempe for rettferd for familien.

RETTFERD: Mohammed vil fortsette kampen på vegne av familien. Dette biletet er tatt på sonen Abdulwahab sin fireårsdag. Foto: Privat, publisert med løyve frå faren.
RETTFERD: Mohammed vil fortsette kampen på vegne av familien. Dette biletet er tatt på sonen Abdulwahab sin fireårsdag. Foto: Privat, publisert med løyve frå faren.

Han ber difor om hjelp til å kunne føre sak mot Hellas.

– Ingen kan gjere at eg får familien tilbake, men eg håper dei skyldige straffast. Dei sendte oss i døden, seier Mohammed bestemt.

– Eg berre håper at ingen andre må oppleve det samme. Eg berre håper.

SJÅ HEILE TV-REPORTASJEN HER:

ENGLISH VERSION: