På sjølvaste St. Hans prøvde TV 2 atter ein gong å setje fyr på Noregs mest brukte journalsystem ved dei norske sjukehusa, DIPS: «Sykehusansatte kan gi seg selv tilgang til over to millioner pasientjournaler».

Ein kan sei mykje om DIPS, og å påstå at systemet er perfekt vil nok vere å overreagere. Men, her er det eit stort MEN.

I denne saka støttar eg DIPS fullt og heilt. Tilgangsstyring er etter mitt syn noko av det som fungerer best med heile systemet.

Når eg ein gong blir innlagt ved eit sjukehus vil eg verkeleg ha meg fråbedt at journalen min blir sperra slik Pasientombudet i ifølge TV 2 tilrår. Det ville eg ha opplevd som særs dårleg service.

Når eg kjem på sjukehus vil eg gjerne ha det slik:

  • Flest mogeleg av dei eg er i kontakt med bør lese journalen min. Spesielt sjukepleiarane, som ofte må sjå til at alt går rett for seg. Med mange pasientar og høg aktivitet er det lett for at noko kan glippe.
  • Dersom det er rolege tider vil eg at pleiarane saumfarer journalen min for å sjå om dei kan finne ut korleis eg kan få best mogeleg behandling.
  • Skulle eg ha ein arm og litt hovud i funksjon, vil eg logge meg inn på helsenorge.no og lese om korleis dei vurderer situasjonen. Kontinuerleg. Dersom eg blir så dårleg så eg ikkje kan gjere det sjølv, vil eg gi ein annan fullmakt til å logge inn.
  • Dersom heilt uventa blir redd for at naboen eller andre skal rote seg inn utan lov, vil eg eg samtidig sjekke loggen på helsenorge.no.
  • Etter at eg er utskriven og eg treng å få eit råd ifrå sjukehuset, vil eg svært gjerne sleppe å høyre: – Vi har ikkje lenger tilgang til journalen din, så vi kan dessverre ikkje hjelpe deg. Då vil eg at dei skal gi seg sjølv tilgang og svare på det eg lurer på. Gud forby at ein jurist skulle ha sete på sida og sagt at det ikkje er lov.
  • Og når fastlegen ringer til sjukehuset og ber om råd fordi eg er litt komplisert: – Nei, vi har ikkje tilgang lenger. Du må nok sende ei henvisning slik at vil får tilgang. Då vil eg heller at legen seier: – Vent pittelitt så skal eg finne ut av det.

Automatisk tilgang blir i grove trekk gitt til pasientar som er innlagt ved avdelingen der helsepersonellet er tilsett. Det er ofte når ein kjem heim frå sjukehuset at spørsmåla dukkar opp. Då er det ikkje så lett å lage reglar på førehand. Det er umogleg å vite kva pasientar som vil trenge å få råd i etterkant. Det er ofte i slike tilfelle ein må gi seg sjølv tilgang.

Tilgjengelig logg

Helsepersonell er utdanna til å slå opp i dei journalane dei treng for å gjere jobben sin. Det er berre unntaksvis at nokon slår opp i journalar for å snoke.

Og dette vil heldigvis pasientar i Helse Vest få mindre problem med etter at loggen nyleg har blitt tilgjengeleg på helsenorge.no. Eg er overtydd om at dette vil virke førebyggjande.

Det kunne vore særs interessant å høyre korleis juristar og Datatilsynet ser for seg at ei tilgangstyring skal fungere i det verkelege liv.

  • Kven skal til ei kvar tid bestemme kven som skal ha tilgang til journalane?
  • Skal det sitje juristar ved sida av helsepersonellet og intervjue dei om dei verkeleg treng tilgang? Kanskje dei kan sitje som eit mellomledd og ta telefonen når pasientar og legar ringjer? Det kunne absolutt vore ei løysing.
  • Kva datasystem er per i dag i stand til å skanne hjernen til helsepersonellet for å sjå kva dei treng å lese?
  • Eg tvilar faktisk på at verken DIPS Arena (ny utgåve av DIPS) eller andre system kan gjere tilgangsstyringa heilt perfekt.

Lova seier at ingen skal ha tilgang til meir enn det som er naudsynt for å gi rett behandling. Her kan nok klinikarar og juristar ha litt ulikt syn på om lovkrava er oppfylt. Til dags dato har eg aldri møtt to like pasientar med lik sjukdomsbakgrunn og behov. Innimellom kan det vere vanskeleg å vite kva ein treng før ein har fått eit visst overblikk over historikken.

Alternativet er å gå tilbake til papir. Slik eg hugsar det hadde då alt helsepersonell lik tilgang.

Journalen var ei lefse som tilsette lett kunne bla i.

Dersom det var helg og legen fekk ein akutt telefon frå ein tidlegare pasient eller legevaktslege, var det ikkje sjeldan at sjukepleiarane måtte låse seg inn i arkivet for å hente aktuell journal. Både sjukepleiar og lege fekk dermed tilgang til journalen og pasienten måtte vente. Lenge.

I DIPS kan utvald helsepersonell gi seg sjølv tilgang. For å lese noko som helst må det grunngjevast.

Samstundes var det få pasientar som visste kva som sto skrive om dei. Det var berre kverulantar og spesielt interesserte som etter mykje fram og tilbake til nød vekk lov til å få utskrift av journalen etter at legen hadde godkjent det. Uff, lat oss gløyme papiret.

Det største smuttholet i denne saka er etter mitt syn at leverandøren har kome lengre i den digitale utviklinga enn styresmakter og andre viktige makter har klart å legge til rette for i lovverket. Det hadde kanskje vore smart å gå meir i takt.

Tilgangsstyring handlar like mykje om kultur som om teknologi. Her trur eg faktisk at pasientane i mange høve ligg aller lengst framme i utviklinga, då mange har med store forventningar til kva helsepersonell bør ha tilgang til.

Innlegget ble først publisert på Kalleviks blogg.