Statsminister Theresa May har gått knallhardt ut og sagt at nok er nok.

Men stolar britane på at May, som i seks år var ansvarleg for å sikre landet mot terror, også er den rette til å forhindre nye terrorangrep?

Korleis skal eit fritt, liberalt demokrati stanse terror utan samtidig å miste nettopp den liberale fridommen demokratiet er tufta på?

Det er spørsmål tre terrorangrep på ti veker har tvinga britane til å ta stilling til i torsdagens parlamentsval.

Den eine vegen såg vi manifestert i One Love Manchester-konserten søndag kveld. Både frå scena og blant publikum var bodskapen å ikkje møte terror med hat.

Politimannen som dansar ringdans med barna er ein kraftfult symbol på korleis eit samfunn kan reagere på terroren.

Den andre vegen såg vi statsminister Theresa May forsøke å peike på utanfor Downing Street 10 mandag.

– Nok er nok, sa Theresa May. Og det er noko alle britar er fullstendig samde i.

Mange britar er nok samde i at det må kraftigare tiltak til mot å stanse radikaliserte islamistar som vil spreie død og øydelegging i det samfunnet, dei er fødd i, eller som har tatt dei imot med opne armar.

Kvifor skal britane stemme på ein statsminister som sjølv hadde ansvaret for å hindre terrorangrep, og som har kutta i talet på stillingar i politiet?

Problemet er at det er Theresa May som i seks år har site som innanriksminister, med ansvar nettopp å førebygge og stanse terrorangrep.

Det er May som for to år sidan skulda politifolk for skremselspropaganda og å rope ulv, ulv – då ho sidan kutta 20 000 stillingar for å få eit meir «effektivt politi».

May veit at terror – og korleis eit samfunn skal svare på terror – kan bli avgjerande i valet torsdag. Ho forsøket difor å stå fram som urokkeleg og tøff i møte med den sanselause terroren som har ramma britane.

Men kritikken frå May rammar ho sjølv.

Kvifor skal britane stemme på det partiet som har site med makta i sju år utan å klare å hindre terrorangrep?

Kvifor skal dei stemme på ein statsminister som sjølv hadde ansvaret for å hindre terrorangrep, og som har kutta i talet på stillingar i politiet?

Theresa May satsa først alt på at ho ville vinne veljarane sin tillit som Den Sanne Forsvarar av Brexit. Og det trass i at ho sjølv var imot Brexit før folkeavstemminga.

Når terroren rammar satsar ho no alt på å stå fram som den som best kan sikre britane mot terror. Og det trass i at ho ikkje har klart å hindre det!

Og det vesle dei konservative har lagt fram av politikk betyr nye kutt i eit Storbritannia der mange opplever nedslitne skular, overfylte sjukehus og eit velferdssamfunn på randa av kollaps.

Theresa May har sagt at ho er den rette til å stanse nye terrorangrep. Dersom svaret frå veljarane er nei, kan Jeremy Corbyn bli britane sin neste statsminister.