Etter fire år med enorme magesmerter blei Sabrina endeleg trudd

Dei siste fire åra har Sabrina Pettersen (25) brukt kreftene på å få påvist ein diagnose legane meinte ho ikkje hadde. Til slutt fekk ho rett.

UNDERERNÆRT: Sabrina Pettersen (25) har fått sterke magesmerter kvar gong ho har ete heile livet. Foto: Karen Anna Kleppe / TV 2
UNDERERNÆRT: Sabrina Pettersen (25) har fått sterke magesmerter kvar gong ho har ete heile livet. Foto: Karen Anna Kleppe / TV 2

Sabrina Angela Pettersen (25) har hatt vondt i magen så lenge ho kan hugse, men i 2018 blei alt verre. Då kunne ho ikkje lenger ete eit måltid utan å bli sengeliggande etterpå.- Eg skulle ønske eg fekk den kjensla alle andre får, ein lette over å vere mett. Men for meg har det vore eit helvete, seier Pettersen.Når 25-åringen et oppstår det store smerter rett under brystkassa. Ofte kan ho ikkje ete meir enn eit måltid om dagen, og nokre gongar fører det til sjukehusinnlegging,