HUND ETTER GODBITER: Matmor Monica Takle fortviler over at Bellamy (4) ikke får være med på NOR-WAYs busser

Ville ta ekspress-bussen: – Fekk blankt nei

Monica Takle (32) får ikkje ta med seg hunden Bellamy (4) på bussen frå Bergen til Sandnes. Det synast ho er for dårleg.

Monica Takle (32) skulle til Sandnes for å vitje kjæresten sin. Med seg ville ho ha hunden Bellamy (4).

Då ho skulle gå på bussen fekk ho ikkje lov. NOR-WAY bussekspress tillet nemleg ikkje kjæledyr om bord.

– Eg fekk eit blankt nei, seier Takle.

FORBOD: Monica Takle får ikkje ta hunden med på NOR-WAY busser. Hun synast det er for dårleg at man ikkje kan finne ein løysning på det. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
FORBOD: Monica Takle får ikkje ta hunden med på NOR-WAY busser. Hun synast det er for dårleg at man ikkje kan finne ein løysning på det. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Takle måtte finne ein annan måte å kome seg fram til Sandnes på. Løysninga vart å få skyss til ferjekaien på Halhjem.

– Frå der gjekk eg om bord på ferja og så vart eg henta på andre sida i Sandviksvåg.

Annankvar veke i to år reiste Takle til Sandnes for å vitje kjæresten sin. Ho reiser sjeldnare no, men tar turen fleire ganger i året.

Det er framleis eit problem å få med seg hunden på bussen.

– Eg må enten finne hundepass eller andre måtar å reise til Sandnes på, seier ho.

Takle tok kontakt med NOR-WAY bussekspress på deira Facebook-side den første gongen ho ikkje fekk vere med på bussen. Her vart ho vist til å kontakte selskapet på e-post.

– Der slutta dei å svare. Eg veit om fleire som har prøvd å få kontakt med selskapet, men dei ble bare rett og slett ignorert, fortel Takle.

Grunnen til at NOR-WAY bussekspress ikkje let Takle ta med seg hunden om bord, var av omsyn for dei med astma og allergi.

INGEN BUSSTUR: Av hensyn til folk med astma og allergi får ikke Bellamy være med på bussen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
INGEN BUSSTUR: Av hensyn til folk med astma og allergi får ikke Bellamy være med på bussen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Då hunden ikkje kunne vere med inn i bussen, forklarte dei at det ikkje var mogleg å sikre hunden godt nok i lasterommet. Der er det dårleg luft og dårleg sikring av dyrene, seier Takle.

På NOR-WAY bussekspress sine nettsidar viser dei til nasjonal befordringsvedtekt og Samferdelsdepartementets rundskriv.

Busselskapene kan vere bundne av vilkår eller kontraktsbestemmelser som løyvemyndigheiten har satt, forklarer Henrik Jonassen, seniorrådgiver ved kommunikasjonseininga i Samferdselsdepartementet.

– Eit rundskriv kan kreve at løyvemyndigheiten skal sette visse krav eller vilkår til busselskapet, seier Jonassen.

– Ugunstig

Takle meiner NOR-WAY bussekspress kunne hatt faste busser som kan ta med kjæledyr om bord og at dei kunne ha vore merka med dyrevennlige avganger.

NOR-WAY BUSSEKSPRESS: Selskapet håpar dei ein dag kan dekke alle behov. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
NOR-WAY BUSSEKSPRESS: Selskapet håpar dei ein dag kan dekke alle behov. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

NOR-WAY bussekspress forklarer til TV 2 at det er eit komplekst system. Enten om det er å setje inn faste bussar eller å ha riktig renhald av bussane for dei med astma og allergi.

– Vårt tekniske system må kunne takle det. Det tar tid å utvikle. Det er ikkje noko vi kan tilby akkurat no, forklarer Merethe Olsen, administrerande direktør i NOR-WAY bussekspress AS.

Dei har full forståing for at det er ugunstig for dei som vil reise med kjæledyra sine.

– Det er ein heilhetleg vudering vi har tatt. Vi har prioritert den store mengden. Vi skulle gjerne vore der for alle og håpar at vi ein gong kjem til ein plass kor vi kan dekke fleire behov, seier Olsen.

– Ekstremt vanskeleg

Hogne Skogesal, kommunikasjons- og marknadssjef i Norges Astma og Allergi Forbund, forklarer at det er ekstremt vanskeleg å reingjere bussene.

– Vanleg reingjering fjerner ikkje dyreallergener godt nok. Dyreallergener sprer seg lett og klistrar seg til overflater, særleg til tekstilar. Ein person med allergi kan kjenne det i fleire timar etterpå. Så ein må vere veldig nøye med reinhald, og unngå at dyret kjem i kontakt med setet og tekstilar, seier Skogesal.

Det vert stilt krav til universell utforming av offentleg transport. Dei skal vere utforma slik at flest mogleg kan bruke dei, på ein likestilt måte.

Skogesal meiner det er viktig at ein skil mellom kjæledyr og servicedyr, eksempelvis førarhund, som tener eit bestemd formål.

– Det er veldig sjeldan folk absolutt må reise med kjæledyret sitt, omsynet til personar med pelsallergi bør gå foran kjæledyra. Det er derfor bra at selskapene viser omsyn til dei med astma og allergi, seier Skogesal.

Forbod i fleire selskap

Også Lavprisekspressen og Vy sine bussekspresser har forbod mot kjæledyr på avgangene sine.

Lavprisekspressen valde for eit par år sidan å ikkje lenger tillate dyr om bord i bussane sine. Det skapte reaksjoner blant kundane deira.

– Vi var ein av dei siste som let dyr vere med. Det var mange som pleide å reise med oss fordi andre selskap hadde kjæledyrforbod, seier Espen Hveem, marknadssjef i Lavprisekspressen.

Hveem forklarer at dei tok avgjerelsen av omsyn til dei med astma og allergi.

– Det er ikkje berre kundane våre som kan ha allergi, det kan vere sjåførar som er allergiske også. Vi meiner det er viktig å ivareta alle, seier Hveem.

LITE INKLUDERANDE: Monica Takle (32) med datteren Ariel Takle Haugland (9) og hunden Bellamy (4). Takle meiner det må vere mogleg å inkludere alle. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
LITE INKLUDERANDE: Monica Takle (32) med datteren Ariel Takle Haugland (9) og hunden Bellamy (4). Takle meiner det må vere mogleg å inkludere alle. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Vanskeleg for dei utan bil

Monica Takle forstår at ein må ta omsyn til dei med astma og allergi.

– Eg har ingen problemer med det, men det må jo vere ein måte å inkludere alle på. Det er ikkje alle som køyrer bil eller har den moglegheiten. Det er fleire grunnar til at folk må ta buss.

NOR-WAY bussekspress beklager dette ovanfor dei som ikkje får ta med kjæledyr på bussen.

– Vi har ikkje kome langt nok med praktiske løysningar, og under pandemien har vi ikkje hatt moglegheit for å ta stilling til det, forklarer Olsen.

BEKLAGER: NOR-WAY beklager at kjæledyr ikke får være med på bussen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
BEKLAGER: NOR-WAY beklager at kjæledyr ikke får være med på bussen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2