EIN AV FÅ: Eit fåtal av frisørar i Norge er menn. Samtidig slit bransjen med rekrutteringa, ifølgje Norske frisør- og velværebedrifter. Foto: Frode Sunde / TV 2
EIN AV FÅ: Eit fåtal av frisørar i Norge er menn. Samtidig slit bransjen med rekrutteringa, ifølgje Norske frisør- og velværebedrifter. Foto: Frode Sunde / TV 2

Sit i saksa – no pungar dei ut

Det kan bli kritisk i frisørbransjen innan få år. Kjenner du ein god frisør, kan du tene tusenvis av kroner.

Arbeidsgjevarorganisasjonen varslar kritisk firsørmangel innan få år om ikkje trenden snur.

No går frisørkjeda Cutter drastisk til verks. Trass 500 frisørar i staben, vil dei rekruttere ytterlegare 200 i Norge, seier gründer og dagleg leiar, Kristian Solheim.

IKKJE BEKYMRA: Dagleg leiar i Cutters, Kristian Solheim, vil tilsetje 200 frisørar i Norge dei neste åra. Foto: Cutters
IKKJE BEKYMRA: Dagleg leiar i Cutters, Kristian Solheim, vil tilsetje 200 frisørar i Norge dei neste åra. Foto: Cutters

For å skaffe nye tilsette har dei oppretta ein portal der folk kan få tusenvis for å tipse om nye frisørar.

Dersom ein frisør som er vorte tipsa om blir tilsett, så får tipseren opp til 10.000 kroner for tipset.

– Det vil vere ein hardare kamp om dei beste frisørane enn tidlegare. Det trur eg berre er sunt, og vil bidra til at yrket får auka status, seier Solheim.

Problemet brer seg

25 år gamle Jonas Bakke frå Stange i Innlandet er i starten av perioden som frisørlæring hos Adam og Eva Strøget, i Oslo sentrum.

– Eg har lyst til å gje fine frisøropplevingar til andre. Så er det eit spennande yrke å kunne, og å sjå andre dyktige frisørar inspirerer meg veldig, seier han.

LÆRLING: Bakke begynte nyleg som frisørlærling hos Adam og Eva Strøget i Oslo. Foto: Frode Sunde / TV 2
LÆRLING: Bakke begynte nyleg som frisørlærling hos Adam og Eva Strøget i Oslo. Foto: Frode Sunde / TV 2

Men det er stadig færre som vel same yrkesveg som Bakke. I staden breier rekrutteringsproblemet seg.

– Det fortset å gå nedover, som i dei aller fleste yrkesfaga. Vi har hatt ein nedgang i rekruttering av nye frisørar på ti prosent dei siste åra, seier Anne Mari Halsan, som er administrerande direktør for arbeidsgjevarorganisasjonen Norske frisør- og velværebedrifter.

VIL SNU UTVIKLINGA: Om 10-15 år kan det bli mangel på frisørar. Administrerende direktør Anne Mari Halsan i Norske frisør-og velværebedrifter (NFVB), vil snu trenden i rekruttering av frisørar. Foto: Natalia Pipkina

Ifølge foreininga er det om lag 16.000 frisørar i Norge.

Halsan seier at det er nok frisørar slik det er no, men at det kan endre seg om nedgangen held fram.

– Vi merkar at færre unge kjem til utanfrå. Så vi er i ein ganske kritisk situasjon, men foreløpig går det ikkje utover kundane. Men viss vi ikkje får snudd utviklinga i løpet av 10 til 15 år, vil vi ha ein reell mangel på frisørar, og då vil kundane merke det, seier Halsan.

Særleg mannlege frisørar er det mangel på. Ifølge Halsan er heile 94 prosent av frisørar i dag kvinner.

– Den største utfordringa er korleis vi skal få gutar til å søke faget, seier ho.

FOR FÅ: Det utdannes for få mannlige frisører, mener Anne Mari Halsan. Foto: Frode Sunde / TV 2
FOR FÅ: Det utdannes for få mannlige frisører, mener Anne Mari Halsan. Foto: Frode Sunde / TV 2

– Viktig med synlegheit

Kristin Sandum Berre er dagleg leiar for Adam og Eva Gruppen, som har eit eige akademi som mellom anna frisørlærling Jonas studerer ved.

AUKA BEHOV: Sjølv om Adam og Eva Gruppen er eit stort konsern i frisørbransjen, merkar dagleg leiar Kristin Sandum Berre at behovet er aukande. Foto: Jarl Martin Garder, NFVB
AUKA BEHOV: Sjølv om Adam og Eva Gruppen er eit stort konsern i frisørbransjen, merkar dagleg leiar Kristin Sandum Berre at behovet er aukande. Foto: Jarl Martin Garder, NFVB

Sidan kjeda er stor, med eige akademi og over 20 salongar, er dei nok mindre sårbare enn andre frisørbedrifter, peiker ho på. Men også dei er ramma av auka behov, seier Berre.

Ho er klar på at synlegheit er det som skal til for å få fleire frisørar.

– Eg trur det er viktig med synlegheit og informasjon på eit tidleg tidspunkt, uavhengig av kjønn. Her kjem omdømmebygging inn som det sentrale, seier Berre.

Ho meiner at kontakten med potensielle frisørar må begynne tidleg, kanskje allereie på ungdomsskulen. I tillegg peiker Berre på at løn ofte har betydning.

– Statistisk kjem vårt fag litt uheldig ut, då berekninga omfattar både lærlingar og frisørar. I vårt konsern i dag har vi frisørar som har eit meget høgt lønnsnivå. Utfordringa for bransjen er å få dette fram til dei der ute, seier ho.

Mange moglegheiter

Jonas Bakke er sikker på at han har funne riktig yrkesveg. Han trur også representasjon og synlegheit er viktig for at fleire skal velge frisørutdanninga.

– Eg har jo, på Instagram og blant bekjente, hatt menn som eg ser opp til som er frisørar, seier Bakke, som trur mange ser på frisør som eit kvinneyrke.

– Men det er eit yrke for alle. Det handlar om kreativitet og kva du synest er spennande, og det er jo for alle, seier han.

FOR ALLE: Jonas Bakke trur mange ser på frisør som eit kvinneyrke, men meiner dette stempelet er feil. – Det handlar om kreativitet og kva du synest er spennande, og det er jo for alle, seier han. Foto: Frode Sunde / TV 2