Lege ba om ambulansebistand – fekk beskjed frå AMK om å ta taxi

Ein lege ved legevakta i Vadsø spurte AMK om å sende ein ambulanse for å hente legen på veg til utrykning. AMK-sentralen ba legen ta ein taxi til der pasienten var.

Legar i Finnmark får ikkje lenger sitje på med ambulansane på veg til utrykning. Foto: TV 2
Legar i Finnmark får ikkje lenger sitje på med ambulansane på veg til utrykning. Foto: TV 2

For cirka to måneder sidan gjekk akuttalarmen hos ambulanse og legevakt etter ei hending i Vadsø. Legevaktslegen ba AMK-sentralen om å få bli med ambulansen fram til pasienten. Noko som tidlegare har vore vanleg praksis.Svaret frå AMK-sentralen var at rutinane var skjerpa og legen måtte sjølv kome seg fram.- I alle dei åra eg har arbeidd her har legen nesten alltid rykka ut til pasient med ambulanse når lege- og ambulansealarmen går, seier kommuneoverlegen i Vadsø kommune.