MOR TIL OFFER FOR SKYTEMASSKAKRE I 2016:

– Det tar aldri slutt. Kven blir nestemann?

Christine Leinonen mista sonen Christopher i ei av USAs største masseskytingar. Ho har kjempa for strengare våpenlover sidan. Men håpet svinn.

MINNAST SONEN: Christine Leinonen sin son blei drepen ilag med 48 andre i ei masseskyting i 2016. Foto: Eve Edelheit/New York Times
MINNAST SONEN: Christine Leinonen sin son blei drepen ilag med 48 andre i ei masseskyting i 2016. Foto: Eve Edelheit/New York Times

- Eg er så trist, så lei meg for denne siste masseskytinga, seier Leinonen.Frå heimen i Florida følgjer ho nyheitene frå masseskytinga i Texas. Etterkvart blir det klart at ein 18-åring har drepe minst 21 menneske, blant dei 19 elevar på barneskulen.19 born.- Masseskytingane tar jo aldri slutt! Skular, kyrkjer, barar, butikkar. Det fortset og fortset. Vi berre sit her og ventar på den neste kula. Vil den treffe oss?, spør Leinonen retorisk.