Framtida til Alta er avgjort. Kommuna vert framleis ein del av Finnmark etter oppløysinga av storfylket Troms og Finnmark. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2
Framtida til Alta er avgjort. Kommuna vert framleis ein del av Finnmark etter oppløysinga av storfylket Troms og Finnmark. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

Framtida til Alta er avgjort

Eit samrøystes kommunestyre sa nei til grensejustering. Det betyr at Alta framleis kjem til å vere ein del av Finnmark når storfylket splittast.

Eit samrøystes kommunestyre i Alta sa i dag nei til forslaget om grensejustering til Troms etter at storfylket Troms og Finnmark vert splitta i 2024.

Det betyr at Alta framleis skal vere ein del av Finnmark, også i framtida.

På tysdag holdt Alta kommune ei folkerøysting for å høyre innbyggerane si meining. 50,06% av dei frammøtte røysta då for å framleis vere ein del av Finnmark.

Fleirtal for Finnmark

Det var på førehand knytt stor spenning til om kommunestyret ville lytte til folkerøystinga, ettersom berre 37,85% av stemmeberettiga møtte opp.

Fleirtalet i kommunestyret valde likevel å følgje folkets råd og røyste for å vere ein del av Finnmark. 34 av 34 møtande representanter røysta for å droppe grensejusteringa.

Arbeiderpartiet var eit av partia som på førehand oppmoda befolkninga til å røyste for å framleis vere ein del av Finnmark. Dette fulgte partiet opp i kommunestyresalen.

Ordfører Monica Nielsen var ein av dei som røysta for at Alta framleis skulle vere ein del av Finnmark. Foto: Alta kommune
Ordfører Monica Nielsen var ein av dei som røysta for at Alta framleis skulle vere ein del av Finnmark. Foto: Alta kommune

– Det er forventa at kommunestyret følgje folkets råd, sa ordfører Monica Nielsen under si orientering frå Tverrpolitisk utval.

Utvalet vart sett ned i førekant av folkerøystinga for å innhente svar på kva konsekvensar ei grensejustering kunne føre til.

– No må vi rette fokuset til å bygge nye Finnmark. Realiteten er at det berre er Alta som veks av kommunane i Finnmark, sa Nielsen frå talarstolen.

Stilte spørsmål ved framtida i Finnmark

Venstres representant, Trine Noodt, meinte denne folkerøystinga handla om meir enn berre ei mogleg grensejustering til Troms.

– Denne saka handla i det store og heile ikkje om at vi vert ein del av Troms eller bli i Finnmark. Det handla om eit samanslått fylke som sidan første dag har planlagt for å skulle delast att ein gong i framtida.

Tommy Berg frå SV kom med ein advarsel til administrasjonen i nye Finnmark. Han råda dei til å ikkje ta for lett på at alt berre kunne vere som før.

– Ting er ikkje hogd i stein. Finnmark fylkeskommune må jobbe for å få legitimitet i heile fylket, ikkje berre i aust.

Både Arbeiderpartiet og Framstegspartiet brukte taletid til å sette fokus på at det ikkje har berre har vore semje innad i partia.

Fleire enkeltrepresentanter ville helst at kommuna skulle sjå til Troms i staden for Finnmark før folkerøystinga, men dei valde å følgje folkeopinionen om å legge vekk saka om grensejustering.

Eksperten er ikkje overraska

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Tromsø, Øystein Solvang, er ikkje overraska over at kommunestyret gjorde som folket hadde bede dei om.

– Det er jo det naturlege utfallet sett i lys av folkerøystinga. Det ville vekka kraftig oppsikt dersom kommunestyret skulle teke ei anna avgjersle i dag.

Solvang meiner også at folkerøystinga kan vere eit varsku til administrasjonen i "nye" Finnmark.

– Det er jo klart at ei folkerøysting og ikkje minst at dei (ref: Alta) vel å gjennomføre den kombinert med valresultatet, syner ei tydelig misnøye i Alta.

Doktorgradsstipendiat ved UiT, Øystein Solvang, er ikkje overraska over utfallet av dagens kommunestyremøte. Foto: Privat
Doktorgradsstipendiat ved UiT, Øystein Solvang, er ikkje overraska over utfallet av dagens kommunestyremøte. Foto: Privat

– På den eine sida kan ein seie at det skaper eit habilitetsproblem for Alta, men på den andre sida kan ein seie at her har administrasjonen i "nye" Finnmark fylkeskommune ein jobb å gjere for å tilfredsstille innbyggarane og politikarane i Alta, seier han til TV 2.

Men dersom Alta hadde gått for å søke grensejustering og fått dette godkjent, so kunne det skapt store problem for Finnmark, ifølge doktorgradsstipendiaten.

– Det er klart at eit Finnmark uten Alta hadde hatt store utslag på folketalet, som igjen forverra utfordringane i fylket knytt til å levere tenester til innbyggerane.

Relatert