
Her strøymer turistane til etter tøff tid
Mange verksemder har tømt sparebøssa og fått auka gjeld etter to tunge år for reiselivsnæringa. Men no kjem dei utanlandske turistane tilbake. Det skapar optimisme.
Ved gardshotellet til Tone Rønning Vike i Aurland har ein den siste tida vore i full gang med å klargjera til mottak av gjester. Årets sesong ser ut til å gå betre enn venta.
Ho viser fram det blømande aprikostreet ho har veksande i tunet heime, men det er ikkje berre frukttre dei har fått til her.
Over fleire år har Tone og mannen satsa alt på gardsturisme i vakre Aurland i Sogn, og har her skapt ei turistperle som lokkar til seg reisande frå heile verda.
Det skulle vera starten på eit eventyr.
Men så kom koronapandemien.

Tok opp kriselån
Alle bookingane til hotellet 29|2 Aurland forsvann nestan rett over natta 12. mars 2020, då det vart klart at samfunnet stengde.
– Frå då av har det berre vore eit ragnarok, for me miste bookingar for 5,5 millionar kroner, seier Tone Rønning Vike.
– Det har no vore to tøffe år, som me ikkje er ferdige med enno, seier hotelleigaren.
15 millionar kroner i utgifter og gjeld steig til 18 millionar gjennom denne usikre tida.
– Me har teke opp kriselån. Det måtte me. Så det heng jo over oss no i år at me må få betalt tilbake det kriselånet. legg ho til.

Høge bookingtal
Likevel er det optimismen som kjem best til syne når TV 2 vitjar henne på gardshotellet i første helvta av mai.
Eitt av ljospunkta er at Tone har tilsett Henny Tanberg som hotellsjef i heilårsstilling. Ho har reist heilt frå Drammen for å vera med på laget.
– Hotellet har verdiar eg trur på og som eg har lyst til å jobba med, seier Tanberg.
Miljøspørsmål og naturforvaltning er tema hotelldrivarane brenn for. Dei driv ei av dei 18 verksemdene som er sertifisert for økoturisme her i landet.

No gler dei seg til å ta imot naturglade turistar frå inn- og utland. Vedfyrt badestamp er nytt i år. Tone trur dette vil verta populært.
– Bookingane tikkar inn. Dei ligg langt over det me hadde då pandemien braut ut, forklarar ho.
Melder om fulle hus
Ei fersk måling viser at turistane no er tilbake i Noreg.
Sterk vekst i bookingtal
Tala gjev ein oversikt over innbooking på hotell samla for sumarmånadene (juni, juli og august) pr. 3. april i år kontra 3. april i fjor:
- Stavanger: 150 prosent høgare bookingnivå samanlikna med i fjor
- Gardermoen: 144 prosent høgare
- Oslo: 142 prosent høgare
- Bergen: 86 prosent høgare
- Tromsø: 67 prosent høgare
- Trondheim: 66 prosent høgare
- Kristiansand: 46 prosent høgare
- I tillegg finst det data frå eit utval hotell i småbyar og tettstader på Vestlandet. Der er tilsvarande vekst 92 prosent.
Kjelde: Benchmarking Alliance v. Peder Wiederstrøm/ NHO Reiseliv
Data frå Benchmarking Alliance, tilarbeidd av Peder Wiederstrøm for NHO Reiseliv, fortel at ein i storbyane ser ein auke på mellom 46 prosent og 150 prosent i bookingtala.
Tettstader og småbyar på Vestlandet har ein auke på 92 prosent.
– Me ser veldig høg booking frå nordmenn, og saman med europeiske gjestar betyr det at me ligg langt føre det nivået me låg på i fjor, og det er veldig hyggeleg, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv.
– Byar som tradisjonelt er avhengige av utanlandske gjestar, som Bergen og Oslo, har hatt ein veldig stor vekst, på over 100 prosent, legg ho til.
Nokre av NHO Reiseliv sine medlemsverksemder melder om fulle hus allereie i einskilde av dei viktigaste ferievekene, ifølgje Devold.

Forsterka trend
Under pandemien ferierte nordmenn i eige land. Slik er det framleis. Reiselivet har i større grad tilpassa seg denne målgruppa.
– Folk vende seg meir til naturen i sitt eige land, og det ser me også ein forsterka trend på no, seier Devold.
Ho opplever at både turistar og næring har blitt meir opptekne av berekraftig turisme og feriering i naturen.

Etterlyser statleg hjelp
Men dei økonomiske trendane er ikkje fullt så positive.
Devold fortel at ein har merka at sparebøssa verksemdene før kunne tæra på i dårlege tider no er tom. I tillegg har gjelda auka gjennom pandemien.
Difor er det ei trøst at ein no ser betring i reiselivet, og at bookingane er på veg opp.
– Det er jo klart det er urovekkjande om ein då ikkje får ein god sesong med gode inntekter. Det same gjeld den store gjelda ein har til staten av skattar og avgifter, som ein har vore nøydd til å utsetja fordi ein har vore to år utan inntekter, seier Devold.
– Me vonar jo at staten. der det er grunnlag for det, kan skyva ytterlegare litt på gjelda for å hjelpa folk over ei kneik. Aller helst så burde ein også hatt eit lågare rentenivå på den statlege gjelda enn det ein har no. Men dette er noko me kontinuerleg jobbar for opp mot statlege styresmakter. Og me ser absolutt at verksemdene vil kunna trenga ei handsrekning også seinare i år.

Turistar frå 40 land
No er også cruise-turistane tilbake igjen.
Nigel Gordon er blant dei første turistane som vitjar fredelege Flåm i Aurland denne sesongen. Han har teke turen frå England.
– Etter pandemien er det fint å koma seg bort, og det utan munnbind. Det er ei deilig kjensle, seier cruise-turisten.

I Flåm frykta ein ny uvisse då Krigen i Ukraina kom brått etter pandemien.
– Me har bestillingar no frå førti land og marknadar, og ser framleis ingen direkte konsekvensar av det som skjer i Ukraina, seier Arve Tokvam, stabssjef i reiselivsverksemda Norway's Best.
– Kor kjem størstedelen av turistane frå?
– For vår del er det USA og Noreg som utgjer den største delen av marknaden. Så er det òg fleire land i Europa som har ein tydeleg del av tingingane så langt, seier Tokvam.

Rein luft og kjærleik
Tilbake på garden i Aurland jublar Tone Rønning Vike over den ferske aspargesen som er dyrka fram. Turistane har mykje å gleda seg til når dei får servert godsaker direkte frå åkeren og mat frå gardane rundt.
– Reiselivet handlar på ein måte om å gje folk litt kjærleik og åtgaum, men òg den reine lufta og den flotte naturen. Store inntrykk, små avtrykk, seier ho tankefullt.
– Me har gjeld som skal betalast og eit kriselån som ligg og gnurer i bakhovudet. Me vert ikkje rike av det her, men me får i alle fall rikhaldige dagar, og eg ser lyst på framtida, seier Rønning Vike avslutningsvis.
